Høgste talet på nye føretak sidan målingane starta

Publisert:

Det vart registrert 19 592 nye føretak i 4. kvartal i fjor. Det er 10 prosent fleire enn i 4. kvartal 2019, og vel 10 prosent fleire enn førre kvartal. Det har ikkje vore fleire nyetableringar i noko kvartal sidan målinga starta i 2008.

Truleg har det ikkje vore fleire nyetableringar i noko kvartal sidan den årlege målinga starta i 2001, viser nye tal frå statistikken Føretak. Ei muleg forklaring kan vere at folk som har mista arbeidet under korona-pandemien, har starta eige føretak. Det vart registrert heile 27 prosent fleire nye aksjeselskap enn i same kvartal i fjor, men 1 prosent færre nye einskildpersonføretak.

Transporttenester voks mykje

Det var betydeleg auke i nye registreringar innan transport og lagring på 64 prosent, men og innan industri med 19 prosent og varehandel og reparasjon av motorvogner med 17 prosent, samanlikna med 4. kvartal i fjor. Talet på nye føretak utan registrert næring vaks likevel klårt mest, og meir enn dobla seg i same periode, grunna etterslep i registreringane. Det var større auke i talet på nye føretak i denne kategorien enn det var totalt, noko som påverkar utviklinga i talet på føretak med kjend næring.

Innanfor kultur, underhaldning og fritid, samt undervisning var talet på nye føretak klårt lågare enn 4. kvartal i fjor før, høvesvis 28 og 19 prosent. For førstnemnde næring var det likevel ei auke frå kvartalet før med 12 prosent.

Talet på nye føretak auka mest i Sør-Noreg med 12 prosent frå året før, mens i Trøndelag og Nord-Noreg var det berre ei lita auke på 2 prosent.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane

Nye føretak
4. kv. 2008 11707
4. kv. 2009 11795
4. kv. 2010 12507
4. kv. 2011 11759
4. kv. 2012 12567
4. kv. 2013 13236
4. kv. 2014 13657
4. kv. 2015 14264
4. kv. 2016 14429
4. kv. 2017 15274
4. kv. 2018 15090
4. kv. 2019 17824
4. kv. 2020 19592

Kontakt