Færre skjema for bedriftene

Publisert:

Talet på bedrifter som rapporterte om sal av detaljvarer, vart fordobla i år 2000. Likevel gjekk talet på skjema som blir utfylte kvar månad ned frå 5 000 til 4 000.

Detaljomsetningsindeksen

Dette kjem av at rapporteringa for over halvparten av bedriftene skjer direkte frå kjedekontora og ikkje frå kvar enkelt bedrift. Så sjølv om talet på bedrifter som høyrer inn under detaljomsetningsindeksen, har gått opp frå 5 000 til 9 000, har talet på skjema som blir utfylte kvar månad, gått ned frå 5 000 til 4 000.

Dekningsgraden til detaljomsetningsindeksen gjekk opp frå 30 til 62 prosent av omsetninga til detaljhandelsbedriftene i 2000. For næringa butikkhandel med breitt vareutval, som i stor grad består av daglegvareforretningar, er dekningsgraden på heile 82 prosent av omsetninga. Dette gjer at utvalsfeila er kraftig reduserte, både i den endelege og i den førebelse publiseringa. Rutinen med rapportering direkte frå kjedekontora gjev samtidig betre kvalitet på næringskodane og raskare oppdatering av tilstand og nye bedrifter i Bedrifts- og føretaksregisteret.

Detaljomsetningsindeksen er den viktigaste indikatoren for utviklinga av konsumet i hushalda, med andre ord fortel han om det private forbruket hos folk går opp eller ned. Statistikken har mykje å seie i høve til prognosar og tiltak omkring den økonomiske utviklinga i Noreg, medrekna renteutviklinga. Han blir i stor grad nytta av offentleg verksemd (departementa, Noregs Bank mfl.) og finans- og analysemiljøa i tillegg til forskjellige analyse- og forskingsprosjekt i Statistisk sentralbyrå. Bransjeorganisasjonane og forskjellige aktørar innan varehandelen er også aktive brukarar.

Se også heimesider for detaljomsetningsindeksen .

Kontakt