Førehandsrøystene lyfta valdeltakinga i sametingsvalet

Publisert:

Halvparten av røystene i sametingsvalet i 2017 vart gjevne på førehand. Valdeltakinga på 70,3 prosent kom med dette opp på nivået frå 2009.

11 757 nytta røysteretten ved sametingsvalet i år. I alt hadde 16 958 personar høve til å røyste.

Medan talet på røyster gjevne på sjølve valdagen har vore stabilt dei siste vala, gjer ein jamn auke i førehandsrøystene at trenden med stadig lågare valdeltakinga vart broten.

Deltakinga i stortingsvalet var på landsbasis 78,2 prosent i både 2013 og 2017.

Høgare valdeltaking lengst nord

Valdeltakinga i sametingsvalet var som tidlegare størst i valkrinsane lengst nord og i Østre valkrins var røystegjevinga heilt oppe på nivå med landsgjennomsnittet for stortingsvalet. I dei tre nordlegaste valkrinsane røysta heile 74,9 prosent, medan valdeltakinga for stortingsvalet var 72,6 prosent i Finnmark.

Sør-Noreg valkrins hadde på same måte som tidlegare lågast valdeltaking, men også der ser vi ein auke på 5,4 prosentpoeng frå 2013-valet.

Førehandsrøystene mest viktige i sør

3 av 4 røyster i Sør-Noreg valkrins vart gjevne på førehand, medan denne delen var 38 prosent i både Østre og Ávjovári valkrinsar. Samla sett kom kvar andre røyst på førehand i 2017, 7 prosentpoeng meir enn i førre val.

Fleire menn

Medan båe dei førre vala gav 19 kvinner av totalt 39 representantar i Sametinget, vart berre 17 kvinner valde inn i 2017. Frå Vesthavet valkrins er heile 4 av 5 representantar menn og berre 2 av Arbeiderpartiet sine 9 representantar er kvinner.

Brakval for NSR

Norske Samers Riksforbund (NSR) fekk heile 16 representantar i 2017, 5 fleire enn i 2013. Det er same nivå som ved valet i 2005. Arbeiderpartiet som miste posisjonen som største parti i førre val, var med sine 9 representantar langt frå å ta att hegemoniet i 2017. Vallista Árja miste 3 av sine 4 representantar frå 2013.

Dei to store partia (NSR og Arbeiderpartiet) fekk til saman om lag same del av dei samla røystene (45 prosent), men auka likevel frå 54 til 64 prosent av representantane.

Store forskjellar i røyster per mandat

I gjennomsnitt var det 301 røyster bak kvart mandat, men dette varierte mykje frå 187 røyster per mandat i Sørsamisk valkrins, til nesten det dobbelte i Østre valkrins (354) og Ávjovári valkrins (350). Dette heng saman med storleiken på valkrinsen og valdeltakinga, der en stor krins med god valdeltaking krev mange røyster for å få ein representant, samanlikna med ein liten krins med lågare valdeltaking.

Figur 1. Sametingsvalet 2017. Godkjende røyster på førehand og valting, etter valkrins

Østre valkrins Ávjovári valkrins Nordre valkrins Gáisi valkrins Vesthavet valkrins Sørsamisk valkrins Sør-Noreg valkrins
Valting 1105 1744 836 1048 621 214 422
Førehand 665 1059 928 756 529 532 1298

Kontakt