Eksporten av tenester auka med 9,6 prosent frå føregåande kvartal, og 19,3 prosent frå 3. kvartal 2020. Importen auka mindre; med 6,8 prosent frå 2. kvartal 2021, og var 5,7 prosent høgare enn i 3. kvartal i fjor. Handelsoverskottet på tenestebalansen blei dermed 2,9 milliardar kroner. Varer og tenester som Noreg eksporterer har hatt ein mykje høgare prisoppgang i snitt enn varer og tenester vi importerer. Ein av grunnane til at handelsbalansen er styrka, har med denne utviklinga i 2021 å gjere.

Sterk auke i eksport av tenester

Næringa transport og lagring er den største innan norsk tenesteeksport, og i 3. kvartal utgjorde den om lag halvparten av den samla eksportverdien, med 34,3 milliardar kroner. Internasjonale fraktratar har auka under pandemien og bidrog til en sterk vekst på 26,7 prosent i næringas eksport sidan 3. kvartal i fjor.

Veksten i sjøtransporttenester auka 16,4 prosent frå 2.kvartal 2021. Eksport av petroleumstenester bidrog også ein del til auka, og var 20,2 prosent høgare enn i føregåande kvartal.

Grafen viser Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Lågare auke i tenesteimporten

Det var ein vekst også i importen av tenester, men samanlikna med eksporten var den ikkje like sterk. Det var størst oppgang i import av petroleumstenester samanlikna med 2. kvartal 2021; den auka 23,8 prosent. Import av sjøtransporttenester auka med 12,7 prosent i same periode.

Norske ikkje-finansielle føretak importerte mest forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester i 3. kvartal 2021. Tenestegruppa stod for 19,2 prosent av den totale tenesteimporten til desse foretaka.

Størst eksport til EU

Det ble eksportert tenester for 17 milliardar kroner til EU utanom Norden i 3. kvartal 2021. Dersom man inkluderer Norden, så stod disse områdane for i overkant av 40 prosent av all tenesteeksporten.

Nærmare 53 prosent av norske ikkje-finansielle føretaks tenesteimport kommer frå Norden og EU. Dette tilsvara om lag 35,3 milliardar kroner i 3.kvartal 2021.

Figur 2. Landfordelt tjenestehandel 3. kv. 2021

På grunn av at Storbritannia si utmelding frå EU vart formelt fullført frå og med 1. februar 2020 vart det ei endring i statistikken over utanrikshandel med tenester. Då undersøkinga ikkje måler handelen kvar månad, men for kvartalet som heile, er Storbritannia i statistikken flytta frå regionen «EU-land utanom Norden» til regionen «Europa elles» frå og med 1. kvartal 2020.