Statistikken utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak synte ein nedgang i både eksport og import av tenester i 1. kvartal 2021 samanlikna med 4. kvartal 2020. Eksport og import av tenester hadde ein nedgang på høvesvis 6,3 milliardar kroner og 10,2 milliardar kroner samanlikna med kvartalet før.

Underskotet på tenestebalansen endra seg frå 4,8 milliardar kroner i 4. kvartal 2020 til 0,9 milliardar kroner i 1. kvartal 2021, og har ikkje vore så lite sidan 4. kvartal 2015. Forklaringa til det reduserte underskotet på tenestebalansen var at nedgangen for import av tenester var større enn nedgangen for eksport av tenester i same periode.

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak.

Stor nedgang for eksport av tenester tilknytt transport og reiseverksemd

Tala viser ei stor nedgang i eksport av tenester tilknytt transport og reiseverksemd frå 4. kvartal 2020 til 1. kvartal 2021. Nedgangen var på 40 prosent, og eksporten enda på 2,1 milliardar kroner. Også samanlikna med 1. kvartal i 2020 gjekk eksport av desse tenestene ned. Nedgangen var på 41,1 prosent, nær 1,5 milliardar kroner.

Det vart eksportert sjøtransporttenester for 21 milliardar kroner. Dette var ein nedgang på nær éin prosent frå førre kvartal. Salet av sjøtransporttenester utgjorde ein tredel av ikkje-finansielle føretaks samla tenesteeksport i 1. kvartal.

Det var lågare tenesteeksport hos mange næringar samanlikna med tala frå både 1. kvartal 2020 og førre kvartal. Næringa fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting opplevde ein nedgang på 15,8 prosent sidan 1. kvartal 2020, og ned 23,4 prosent frå førre kvartal.

Den største eksportnæringa, transport og lagring, hadde ein samla eksport på 25,8 milliardar kroner i 1. kvartal 2021, som var ein nedgang på 17,6 prosent mot same periode året før. Nedgangen samanlikna mot førre kvartal var på 7,7 prosent. Næringa stod for heile 44 prosent av tenesteeksporten for 1. kvartal 2021.

Fall i tenesteimporten

Dei fleste næringane opplevde nedgang i sin import av tenester frå utlandet sett mot både førre kvartal og 1. kvartal 2020, og nedgangen var stor i fleire næringar.

Sjølv om det var nedgang i import av dei fleste tenestegrupper, var det særleg nedgangen for gruppa med forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester, samt gruppa for petroleumstenester som bidrog til den store nedgangen for import av tenester. Nær halvparten av nedgangen i import kom frå lågare kjøp av disse to tenestegruppene.

Importverdien av forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester var på 11 milliardar kroner, og hadde ein nedgang på 23 prosent, frå både førre kvartal og same kvartal i 2020. Tenestegruppa stod for 18,7 prosent av total tenesteimport i 1. kvartal 2021, og inneheld ein rekke ulike tenester, som bedriftsrådgiving, arbeidsformidling, tekniske rådgivingstenester og reklame- og annonsetenester.

Utgifter til import av petroleumstenester fekk ein nedgang på nær 30 prosent frå førre kvartal, og gjekk ned med 2,2 milliardar kroner. Tenester innan gruppa petroleumstenester inneheld blant annet utgifter norske føretak har til utanlandske leverandørar for boretenester og andre tenester tilknytt olje- og gassutvinning, uavhengig av om tenestene leverast på norsk sokkel eller i utlandet.

Kjøp av IT-tenester frå utlandet ble også redusert med nær 1,4 milliardar kroner frå førre kvartal, og enda på 9 milliardar kroner. Dette var ein nedgang på 13,2 prosent frå førre kvartal, og 9,5 prosent frå same kvartal i 2020.

Nedgangen for den største næringa innan import av tenester, transport og lagring, var ikkje like kraftig som for mange andre næringar. Den importerte for 16 milliardar kroner i 1. kvartal 2021, som er 9,5 prosent lågare enn førre kvartal. Næringa utgjorde 27,1 prosent av all tenesteimport for norske ikkje-finansielle føretak.

Mest tenestehandel med Europa

Eksport av tenester til EU-land utanom Norden utgjorde 20,6 prosent av den totale tenesteeksporten, medan 18,1 prosent gjekk til nordiske land.

Nær ein tredel av Norges import av tenester i 1. kvartal 2021 var frå land innan EU utanom Norden. Norske ikkje-finansielle føretaks kjøp av tenester frå nordiske land stod for 21,4 prosent av importen.

Figur 2. Landfordelt tjenestehandel 1. kv. 2021

På grunn av at Storbritannia si utmelding frå EU vart formelt fullført frå og med 1. februar 2020 vart det ei endring i statistikken over utanrikshandel med tenester. Då undersøkinga ikkje måler handelen kvar månad, men for kvartalet som heile, er Storbritannia i statistikken flytta frå regionen «EU-land utanom Norden» til regionen «Europa elles» frå og med 1. kvartal 2020.