372619
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
372619
statistikk
2019-12-03T08:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
true

Utanrikshandel med tenester

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

-4,2

milliarder kroner, tjenestebalanse

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak
Milliarder kronerEndring i prosent
3. kvartal 20192. kvartal 2019 - 3. kvartal 20193. kvartal 2018 - 3. kvartal 2019
Eksport65,84,016,6
Import70,01,916,6
 
Milliarder kroner
3. kvartal 20192. kvartal 20193. kvartal 2018
Tjenestebalanse-4,2-5,4-3,6

Sjå utvalde tabellar frå denne statistikken

Tabell 1 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype
3. kvartal 20193. kvartal 2019Endring i prosentEndring i prosent
Millionar kronerAndel2. kvartal 2019 - 3. kvartal 20193. kvartal 2018 - 3. kvartal 2019
Eksport
Alle tenester65 813100,04,016,6
Leigearbeid og reparasjonar4 5967,021,419,1
Petroleumstenester4 0936,2-4,21,9
Byggje- og anleggstenester1 0271,6-10,5133,9
Agenturhandel og provisjon4330,7-30,744,3
Sjøtransporttenester26 48940,23,415,7
Luft- og landtransporttjenester3 4405,224,041,5
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd3 9806,014,014,6
Post- og teletenester2 4123,7-2,33,7
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr1 3862,1-3,1-10,9
IT-tenester4 0696,2-2,824,5
Forsking og utvikling (FoU)8821,3-1,233,0
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester10 13415,43,223,8
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport5250,847,114,1
Andre tenester2 3473,6-3,5-9,0
 
Import
Alle tenester69 985100,01,916,6
Leigearbeid og reparasjonar4 7446,87,487,7
Petroleumstenester7 53610,8-5,310,8
Byggje- og anleggstenester9821,417,945,9
Agenturhandel og provisjon5320,8-0,9-2,6
Sjøtransporttenester9 35913,417,352,7
Luft- og landtransporttjenester4 1195,98,514,8
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd11 07115,810,5-2,4
Post- og teletenester1 5242,2-12,4-3,6
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr4 9687,1-1,5-2,0
IT-tenester6 7939,7-11,119,7
Forsking og utvikling (FoU)8831,36,833,0
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester12 28117,5-4,27,7
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport9401,316,5-9,3
Andre tenester4 2546,1-0,342,5

Tabell 2 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring
3. kvartal 2019Endring i prosent
Millionar kronerAndel2. kvartal 2019 - 3. kvartal 20193. kvartal 2018 - 3. kvartal 2019
Eksport
Alle næringar65 813100,04,016,6
Bergverksdrift og utvinning3 2154,9-22,5-10,6
Industri6 4709,815,615,4
Byggje- og anleggsverksemd3800,633,337,7
Varehandel, reparasjon av motorvogner1 7292,620,4104,1
Transport og lagring34 14651,95,716,3
Informasjon og kommunikasjon7 70711,7-4,08,7
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting8 42112,84,621,9
Forretningsmessig tenesteyting2 2883,528,911,8
Andre næringar1 4562,2-14,0104,2
 
Import
Alle næringar69 985100,01,916,6
Bergverksdrift og utvinning12 74318,2-9,40,7
Industri5 9078,46,734,5
Byggje- og anleggsverksemd8981,330,116,5
Varehandel, reparasjon av motorvogner4 9127,04,913,5
Transport og lagring22 19431,73,216,4
Informasjon og kommunikasjon9 22313,2-6,611,7
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting6 6989,69,236,1
Forretningsmessig tenesteyting5 4467,827,714,2
Andre næringar1 9642,80,9128,4

Tabell 3 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype. Siste fem kvartal. Millioner kroner

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype. Siste fem kvartal. Millioner kroner
3. kvartal 20184. kvartal 20181. kvartal 20192. kvartal 20193. kvartal 2019
Tenestebalanse-3 569,0-4 786,0-3 993,0-5 386,0-4 172,0
 
Eksport
Alle tenester56 44859 35757 01963 30765 813
Leigearbeid og reparasjonar3 8604 0163 6933 7874 596
Petroleumstenester4 0164 4513 6644 2734 093
Byggje- og anleggstenester4394731 4001 1471 027
Agenturhandel og provisjon300562524625433
Sjøtransporttenester22 88823 51022 71425 62526 489
Luft- og landtransporttjenester2 4312 4512 5312 7743 440
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd3 4723 0572 7433 4903 980
Post- og teletenester2 3272 1312 0072 4682 412
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr1 5561 0251 1291 4301 386
IT-tenester3 2693 6543 9384 1874 069
Forsking og utvikling (FoU)6639441 072893882
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester8 18910 5909 1869 82110 134
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport460220429357525
Andre tenester2 5802 2731 9902 4312 347
 
Import
Alle tenester60 01764 14361 01268 69369 985
Leigearbeid og reparasjonar2 5283 1863 8254 4194 744
Petroleumstenester6 8016 8815 6357 9547 536
Byggje- og anleggstenester673903810833982
Agenturhandel og provisjon546669467537532
Sjøtransporttenester6 1287 4066 6537 9829 359
Luft- og landtransporttjenester3 5893 4383 6523 7964 119
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd11 3439 9379 58110 01911 071
Post- og teletenester1 5811 4761 5791 7391 524
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr5 0675 5015 1225 0454 968
IT-tenester5 6776 4716 5697 6416 793
Forsking og utvikling (FoU)664942709827883
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester11 39912 92211 93712 82612 281
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport1 036970758807940
Andre tenester2 9853 4443 7164 2684 254

Tabell 4 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring. Siste fem kvartal. Millioner kroner

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring. Siste fem kvartal. Millioner kroner
3. kvartal 20184. kvartal 20181. kvartal 20192. kvartal 20193. kvartal 2019
Tenestebalanse-3 569,0-4 786,0-3 993,0-5 386,0-4 172,0
 
Eksport
Alle næringar56 44859 35757 01963 30765 813
Bergverksdrift og utvinning3 5973 9293 2934 1493 215
Industri5 6066 0195 2935 5956 470
Byggje- og anleggsverksemd276297279285380
Varehandel, reparasjon av motorvogner8471 4271 1881 4361 729
Transport og lagring29 36630 01428 59432 29634 146
Informasjon og kommunikasjon7 0907 1757 3758 0287 707
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting6 9088 5397 7058 0488 421
Forretningsmessig tenesteyting2 0461 2681 3821 7752 288
Andre næringar7136871 9091 6941 456
 
Import
Alle næringar60 01764 14361 01268 69369 985
Bergverksdrift og utvinning12 65213 75411 07614 06012 743
Industri4 3925 2815 6015 5365 907
Byggje- og anleggsverksemd771895660690898
Varehandel, reparasjon av motorvogner4 3294 7234 1184 6814 912
Transport og lagring19 06120 72720 15621 50822 194
Informasjon og kommunikasjon8 2608 3188 7939 8739 223
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting4 9235 9245 7886 1326 698
Forretningsmessig tenesteyting4 7693 7873 5124 2655 446
Andre næringar8607331 3071 9471 964

Tabell 5 
Endring frå førre publisering etter import/eksport, næring (SN2007) og tid. Prosent

Endring frå førre publisering etter import/eksport, næring (SN2007) og tid. Prosent
2. kvartal 20183. kvartal 20184. kvartal 20181. kvartal 20192. kvartal 2019
Import
Alle næringar-0,50,3-0,20,00,5
Bergverksdrift og utvinning0,00,00,0-0,80,2
Industri0,00,00,01,34,4
Byggje- og anleggsverksemd0,00,00,00,10,6
Varehandel, reparasjon av motorvogner0,00,00,0-0,2-5,3
Transport og lagring0,10,20,1-0,10,2
Informasjon og kommunikasjon-2,32,1-1,81,42,7
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting-2,6-0,1-0,1-0,6-0,5
Forretningsmessig tenesteyting0,00,00,0-1,20,4
Andre næringar0,00,00,01,72,1
 
Eksport
Alle næringar-0,1-0,3-0,12,53,5
Bergverksdrift og utvinning0,00,00,02,46,9
Industri2,72,42,2-1,23,1
Byggje- og anleggsverksemd0,00,00,00,00,0
Varehandel, reparasjon av motorvogner0,00,00,00,03,6
Transport og lagring-1,1-1,0-0,61,72,3
Informasjon og kommunikasjon0,00,00,00,0-2,5
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting2,20,30,2-0,24,1
Forretningsmessig tenesteyting0,00,00,00,17,3
Andre næringar0,00,00,095,568,4

Om statistikken

Statistikken Utenrikshandel med tenester viser norske ikkje-finansielle føretak sine inntekter ved eksport av tenester til utlandet, og utgifter ved import av tenester frå utlandet. Tala vert innhenta som ei kvartalsvis utvalsundersøking. 

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Import:
Føretaka sine utgifter til kjøp av tenester frå utanlandske leverandørar i samband med import av dei ulike tenestene. Tenestene kan anten verte levert i Noreg eller utlandet.

Eksport:
Føretaka sine inntekter frå sal av tenester til utanlandske kundar i samband med eksport av de ulike tenestene. Tenestene kan anten verte levert i Noreg eller utlandet.


Konserninterne tenester:
Tenestehandel med utanlandske einingar innan same konsern skal førast som eigne postar, og rapporterast som "herav eksport av konserninterne tenester" og "herav import av konserninterne tenester" under kvar einskild tenestetype. Med konsern vert det i denne samanhengen meint einingar som står i relasjon til kvarandre, som til dømes morselskap, dotterselskap, søsterselskap, dotterdotterselskap etc.

  • Morselskap er eit selskap som, direkte eller indirekte, har kontroll over dei andre einingane innan konsernet.
  • Dotterselskap er eit selskap der morselskapet har direkte kontroll.
  • Dotterdotterselskap er eit selskap der eit dotterselskap har direkte kontroll, medan morselskapet har indirekte kontroll.
    Med kontroll vert det her meint meir enn 50 prosent eigardel i eit anna selskap.

Land:
Import: Registreringslandet til den utanlandske leverandøren.
Eksport: Registreringslandet til den utanlandske kunden.

Beløp i NOK 1000:
Alle tall skal rapporterast i heile 1000 NOK.

Standard klassifikasjonar

Næring:
Til og med publiseringa for året 2009 vart statistikken publisert etter Standard for næringsgruppering 2002 (SN2002) som standard klassifikasjon for bedrifter og føretak innan ulike næringar. Denne standarden var ei norsk tilpassing av Eurostat sin NACE Rev 1.1. Frå og med statistikken for året 2010 vart Standard for næringsgruppering 2007 (SN2007) teken i bruk. SN2007 samsvarar med EU sin standard, NACE Rev. 2, og utgjer grunnlaget for klassifisering av einingar etter viktigaste aktivitet i Bedrifts- og føretaksregisteret. Bruk av felles standardar er viktig innanfor økonomisk statistikk då dette gjer det mogleg å samanlikne og analysere statistiske data på tvers av landegrenser og over tid.

Tenestetype:
Fylgjer EU sin produksjonsstandard Classification of Products by Activity (CPA).

Land:
Fylgjer den internasjonale standarden ISO-3166 (alfa-2).

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Utanrikshandel med tenester
Emne: Utenriksøkonomi

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utenrikshandelstatistikk

Regionalt nivå

Statistikken syner ikkje-finansielle føretak sin tenestehandel med utlandet.

Kor ofte og aktualitet

Statistikken vert samla inn kvart kvartal, og syner ikkje-finansielle føretak sine inntekter og utgifter i samband med eksport og import av tenester til/ frå utlandet. Frå 2006 til og med 2010 vart statistikken publisert årleg, og frå 1 kvartal 2011 vart statistikken publisert kvartalsvis.

Internasjonal rapportering

Statistikken inngår som ein del av grunnlaget for utanriksrekneskapen og nasjonalrekneskapen, og er med i grunnlaget for rapporteringa til internasjonale organisasjonar som IMF, OECD og Eurostat.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Rådata og behandla data vert langtidslagra hos Statistisk sentralbyrå.

Bakgrunn

Føremål og historie

Statistikken vart etablert i 2005 då Noregs Bank la ned valutastatistikken som tidlegare var ein del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen.

Føremålet med statistikken over utanrikshandel med tenester er å gje ei oversikt over tenestestraumen mellom Noreg og utlandet. Norske føretak sine inntekter ved eksport av tenester til utlandet, og utgifter ved import av tenester frå utlandet, er sentrale storleikar i det samfunnsøkonomiske biletet, både for å forklare strukturelle endringar, og for å overvake konjunkturane.

Brukarar og bruksområde

Statistikken er ein viktig del av grunnlaget for prognose- og analysearbeid utført av organisasjonar, offentlege myndigheiter, forskingsinstitusjonar og andre. Internasjonale organisasjonar, som FN sitt statistiske kontor, EU sitt statistiske kontor (Eurostat) og andre, gjer bruk av opplysningane som statistikken gjev. Den er bygd opp som ein del av eit nasjonalt og internasjonalt statistikksystem og nyttast og ved utarbeiding av nasjonalrekneskap og utanriksrekneskap. I tillegg kan statistikken til ein viss grad brukast av næringslivet som grunnlag for data til planlegging av produksjon, marknadsføring og sal.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no  etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre likebehandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak er ei viktig kjelde for eksport og import av tenester i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen. Til og med år 2004 vart tal frå Noregs bank sin valutastatistikk nytta i utanriksrekneskapen. Frå og med år 2005 var det ein overgong til å nytte data innhenta gjennom kvartalsvis rapportering av utanrikshandel med tenester.

Eksport og import av tenester i nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen) er meir omfattande enn berre tenestehandelen i ikkje-finansielle føretak. Nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen) dekkjer tenestehandel som alle innanlandske sektorar har med utlandet. Dette gjeld i tillegg til ikkje-finansielle føretak også finansielle føretak, hushald, ideelle organisasjonar og offentleg forvaltning. I tillegg til denne skilnaden i omfang er det einskilde definisjonsmessige skilnadar. Dei viktigaste er at nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen)

  • inkluderar verdien av godsfrakter i samband med import av varer i vareverdien (CIF-verdi), og ikkje via tenesteundersøkinga,
  • inkluderar verdien av norske rederi sine frakter i samband eksport av varer fra Noreg uavhengig av kven som betalar for oppdraget, medan utenrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak inkluderar berre slike frakter dersom ein utlending betalar for frakta
  • bereknar import og eksport av forsikringstenester som ein del av premiebetalingane
  • inkluderar konvensjonelle berekningar av import og eksport av indirekte målte banktenester (rentemarginar)
  • omdefinerar einskilde vareprodukt til tenester dersom vareverdien er dominert av eit tenestepåslag
  • inkluderar konvensjonelt berekna eksport- og importstraumar i tråd med Noreg sin eigardel i det fellesnordiske flyselskapet SAS.

Ein annan skilnad er at fraktinntekter i utanriks sjøfart i utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle foretak vert fordelt på land med utgangspunkt i betalingsstraumar, medan det i utanriksrekneskapen er nytta informasjon om skipa sine bevegelsar (anløpsstatistikk).

Alle desse forholda inneber at tala i statistikken over utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak ikkje er direkte samanliknbare med tala for eksport og import av tenester i utanriks- og nasjonalrekneskapen sine tabellar.

Lovheimel

Statistikklova §§ 2-1 og 2-2 og 2-3 (tvangsmulkt).

EØS-referanse

Europaparlaments- og rådsforordning nr. 184/2005 - endret ved forordning nr. 602/2006 og 707/2009 med forpliktingar etter EU-forordningar for datafangst og oversending av data til EU sitt statistiske kontor, Eurostat.

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar tenestehandel med utlandet, og vert samla inn på kvartalsvis og t.o.m år 2008 også på årleg basis ved undersøkingar retta mot norske føretak innan ikkje-finansiell sektor.

Føretak er juridiske personar som produserar varer og tenester for sal i eit marked. Populasjonen som dannar grunnlag for utvalet byggjer på opplysningar frå Virksomhets- og føretaksregisteret, og vert oppdatert ved bruk av ulike administrative register, bl.a. Skatteetaten sitt Valutaregister, samt informasjon som vert samla gjennom kontakt med større oppgåvegjevarar og opplysningar i media.

Datakjelder og utval

Grunnlaget for statistikken er rapporterte opplysningar frå ikkje-finansielle føretak som er med i den kvartalsvise undersøkinga.

Populasjon
Populasjonen til undersøkelsen om utanrikshandel med tenester for ikkje–finansielle føretak tek utgangspunkt i alle føretak. Sidan mange føretak ikkje har tenestehandel med utlandet, er det gjort ei begrensning av populasjonen slik at føretak med svært liten eller ingen tenestehandel med utlandet vert fjerna.

Føretaka ein då står tilbake med skal tilfredsstille eitt av følgjande fem kriteriar for å kunne inkluderast i denne svært begrensa populasjonen:

  • Total utgåande- eller inngåande transaksjonar over NOK 500 000, eller utgåande transaksjonar for tenesteimport over NOK 50 000 i Valutaregisteret
  • Føretaket er eit FATS-føretak
  • Føretaket har vore med i utvalet i minst 4 år og har hatt tenestehandel
  • Føretak innan bergverksdrift og utvinning som har felles momsnummer med føretak som tilfredsstiller det første kriteriet
  • Føretaket høyrer til næringa utanriks sjøfart og har omsetning over NOK 5 000 000

Når vi fjernar alle føretak som ikkje tilfredsstiller minst eitt av dei fem kriteria står ein tilbake med rundt 33 000 føretak.

Populasjonen omfatter følgande sektorar i institusjonell sektorgruppering:

  • 1110 - Statens forretningsdrift
  • 1120 - Statleg eide føretak
  • 1510 - Kommunal forretningsdrift
  • 1520 - Sjøvstendige kommuneføretak
  • 2100 - Private føretak med begrensa ansvar
  • 2300 - Personlege føretak
  • 2500 - Private produsentorienterte organisasjonar utan profittføremål
  • 8200 - Personlege næringsdrivande
  • 4900 - Øvrige finansielle føretak utanom forsikring - kun enkelte undegrupper

Stratifiseringa er gjort utifrå eit ønskje om å dele opp populasjonen i mest mogleg homogene grupper. Dvs. gruppering slik at tenestehandelen er mest mogleg lik innad i gruppa, og slik at det er ulikheit i tenestehandelen mellom gruppene.  Dei ulike strata er definert ved hjelp av næring, kor viktig næring er for tenestehandel, tal frå valutaregisteret og inndeling etter "FATS/ikkje-FATS"-føretak.

Frå populasjonen er det trekt eit utval føretak stratifisert enkelt tilfeldig. For å fordele utvalget mellom strata er det nytta optimal allokering.

Utvalet fordelar seg på fullteljingsføretak, og føretaka som vert trekt tilfeldig.  Dei føretaka som er fulltelt høyrer til ei gruppe der ein reknar som svært sikkert at dei har tenestehandel med utlandet.

Delen av utvalet som er tilfeldig trekt blei i 2016 redusert med vel 20 prosent for å imøtekome kravet om redusert rapporteringsbyrde for mellomstore og mindre føretak. Dette inneber at det totale utvalet no er på vel 2 700, herav 700 fullteljing.

 

Datainnsamling, editering og beregninger

Data vert henta inn ved elektronisk innrapportering og filuttrekk via Altinn (tidlegare via SSB sin rapporteringskanal IDUN) . Oppgåvegjevarane mottek førespurnad om rapportering ved utgongen av teljingstidspunktet (kvart kvartal), og har ein frist på 25 dagar til å rapportere. Føretaka skal rapportere alle verdiar i heile 1 000 NOK.

Innsamla data vert kontrollert i samband med mottaket, vidare gjennomgår innsamla data kontrollar mellom tal for ulike periodar, mot rekneskapsopplysningar og andre kjelder, og ved einskilde typar feil vert oppgåvegjevar kontakta.

Tenestehandelen vert estimert ved å bruke ein stratifisert ekspansjonsestimator. Denne estimatoren er laga på følgjande måte:

  1. Innan kvart stratum bereknar ein gjennomsnittlig rapportert eksport/import (dvs. basert på utvalget)
  2. På bakgrunn av at utvalet er trekt stratifisert enkelt tilfeldig, vil desse gjennomsnitta kunne være gode anslag på dei faktiske gjennomsnitta i dei ulike strata. Eventuelle ekstremobservasjonar vert heldne utanfor berekninga av gjennomsnitta
  3. Innan kvart stratum multipliserar vi dei bereka gjennomsnitta med antal føretak i stratumet (i den begrensa populasjonen). Dette vert eit estimat på total eksport/import i stratumet.

Sesongjustering

Ikkje relevant.

Konfidensialitet

Tal vert ikkje offentleggjort dersom dette medfører fare for identifisering, det vil seie at talet kan førast tilbake til oppgåvegjevar. I praksis tyder dette at det må vere minst 3 oppgåvegjevarar bak eit publisert tal. I tillegg skal ikkje eit føretak stå bak over 90 %, og dei to største føretaka skal ikkje ha over 95 % av tenenestehandelen, i ein publisert størrelse.

Samanlikningar over tid og stad

Med verknad frå 1. kvartal 2019 vart det oppretta ein eigen tenestetype for «IT-relaterte lisensavgifter», som vil påvirke den eksisterande posten «Utleie/ leie av royalties og lisensrettigheter». Dette gjer at tal for eksport/ import «IT-tenester» og eksport/ import «Andre tenester» ikkje kan samanliknast direkte med tidlegare publiseringar.

Det er i forbindelse med 1.kvartal 2017 gjort ei endring i samanstillinga av tenestetypar. Tenestegrupperinga jarnbane- og landtransporttenester er slegen saman med lufttransporttenester til ei ny gruppering: luft- og landtransporttenester. Dette gjeld tabell 2 og 4, som gjev utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype. I statistikkbanktabellen 10192 er endringane lagde inn attende til 1. kvartal 2015. Dette gjer at tala ikkje er direkte jamførande med tidlegare utgjevingar.

Statistikken har og gjennomgått ei metodeomlegging, og tal for næringa utanriks sjøfart vart teke ut av publiseringa for 2010 og fram til og med publiseringa for 1 kv 2013. Tal for 2 kv 2013 er difor ikkje samanliknbare med tidlegare publiseringar. Denne metodeomlegginga inneber og eit skifte i bruk av kilder Sjå elles nasjonalrekneskapet sine websider om utanriksrekneskapet http://www.ssb.no/utenriksokonomi/statistikker/ur .

Sjå meir i punktet Samanheng med annan statistikk, foran.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Opplysningane som skal innrapporterast omfattar delar av den einskilde rapportør sine postar i rekneskapet, det vil seie dei delane av postane som omfattar tenestehandel med utlandet. Tolkinga av kva som er kjøp og sal mellom norsk føretak og utlandet kan variere noko mellom dei ulike oppgåvegjevarane, og kan dermed føre til manglar i statistikken. Det kan førekome feil eller manglar i sjølve innrapporteringa. Dei vanlegaste feila er mellom anna at rapportørane si føring av dei einskilde postane kan avvike frå Statistisk sentralbyrå sin spesifikasjon, dels at skilje mellom norsk og utanlandsk eining kan vere uklårt.

Fleire av føretaka som rapporterar driv prosjektrelatert verksemd, noko som kan føre til at statistikken vert påverka når store prosjekt vert avslutta, eller vert oppretta.

Kvaliteten på statistikken vert påverka negativt av manglande innrapporteringar (fråfall). For å redusere omfanget av fråfallsfeil, vert det utført maskinell berekning av data for einingar som ikkje har rapportert innan fristen for å vere med i statistikkgrunnlaget. Det same vert gjort i tilfelle det er mangelfullt utfylte oppgåver frå rapportørane (partielt fråfall).

Utvalsfeilen målar det forventa avviket mellom utvalet sitt resultat, og kva ein ville fått dersom heile populasjonen vart undersøkt. For å sikre høg grad av relevans til lågast mogleg kostnad, vert det lagt stor vekt på å dekkje føretak som har stor handel med utlandet, enten eksport eller import. Hittil er det ikkje utført berekningar av utvalsfeilen for undersøkinga.

Ein føresetnad for trekking av utval er at populasjonen omfattar alle føretaka som har kjøp og sal av tenester med utlandet. Det finst inga slik samla oversikt over føretak som har slik handel, og i praksis er det difor vanskeleg å fange opp alle relevante einingar.

 

Revisjon

Utanrikshandel med tenester publiserar foreløpige tal kvartalsvis. Kontrollarbeidet pågår imidlertid vidare fem kvartal fram i tid, då endelege tal vert publisert. Korreksjonar i data gjer at kvartalstala kan endras fram til publisering av dei endelege tala. Forskjellen mellom foreløpege tal ved frigjeving av kvartalsstatistikken og endelege tal er normalt små på totalnivå. På detaljert nivå og for enkeltkvartal kan revisjonane ha større innverknad, relativt sett. Sjå detaljar i tabell 5 i publiseringa.

                                   R    E  V  I  S  J  O N  S K  A  L   E  N  D  E  R  -  U H T

 

Inneverande år
  (T)

I fjor
  (T-1)

I forfjor
  (T-2)

Publiseringer

1.kv

2.kv

3.kv

4.kv

1.kv

2.kv

3.kv

4.kv

1.kv

2.kv

3.kv

4.kv

1.kv  (juni år T)  

 

 

 

 

R4

R3

R2

R1

 

 

 

ER5

2.kv  (sept år T)

R1

 

 

 

ER5

R4

R3

R2

 

 

 

 

3.kv  (des år T)  

R2

R1

 

 

 

ER5

R4

R3

 

 

 

 

4.kv  (mar år T+1)

R3

R2

R1

 

 

 

ER5

R4

 

 

 

 

 R1 - R5 = Revisjonsnummer (R1 = første revisjon, ER5 = Endelige tall, Revisjon nr 5).

 

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB