Underskot på tenestebalansen

Publisert:

Tenesteeksporten frå norske ikkje-finansielle føretak var i 4. kvartal 2017 2,0 prosent mindre enn i 4. kvartal 2016 og enda på 58,8 milliardar kroner. Tenesteimporten utgjorde 65,8 milliardar, 1,7 prosent meir enn i same kvartal året før. Tenestebalansen fekk dermed underskot på 6,9 milliardar.

Statistikken utanrikshandel med tenester frå ikkje-finansielle føretak synte ein markant auke i både eksport og import samanlikna med 3. kvartal 2017. Importen auka med 12,2 prosent medan eksporten steig 12,8 prosent.

Eksport av tenester

  • Næringa transport og lagring, den største eksport-næringa, auka eksporten med 8,3 prosent til 28 milliardar kroner samanlikna med året før.
  • Eksporten av sjøtransporttenester enda på 21,7 milliardar kroner, også ein auke frå 4. kvartal 2016.
  • Det vart eksportert tenester til EU-land utanom Norden for 20,3 milliardar kroner, som tilsvarar om lag ein tredel av den totale tenesteeksport.

Import av tenester

  • Næringa transport og lagring synte ein klar auke på 16,1 prosent frå 4. kvartal 2016. Importen enda på 20,8 milliardar kroner.
  • Norske ikkje-finansielle føretak importerte mest av forretnings- og profesjons- og tekniske tenester i 4. kvartal 2017. Importverdien enda på 12,4 milliardar kroner, og tenestegruppa utgjer dermed 18,8 prosent av total tenesteimport.
  • Føretak i EU-land utanom Norden står bak 46 prosent av den totale tenesteimporten, tilsvarande 30,2 milliardar kroner.

Figur 1

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Figur 2. Eksport av tenester etter region

1. kv. 2014 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2015 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2016 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2017 2. kv. 3. kv. 4. kv.
EU utanom Norden 30.5 32.3 34.2 30.8 30.9 34.4 34.1 33.5 32.3 33.9 33.2 35.4 33 34.7 35.6 34.5
Asia 17.2 20.5 17.8 19.2 18.5 17 17.7 17.7 17.1 15.3 16.9 13.5 18.1 16.1 16.1 16.5
Nord- og Mellom-Amerika 15.5 17.2 14.4 20.7 15.6 14.7 14.9 16.1 15.5 15.3 15.4 14 14.7 13.8 13 12.7
Norden 15.3 12.9 15.6 12.6 14.3 14 14.6 15.7 15.3 17 15.9 17.2 16.4 15.6 15.8 16.8
Andre regionar 15 14.7 14.6 15.3 17.3 16.1 16.3 15.7 16.7 15.3 16.4 16.9 14.5 16.6 17 16.9

Figur 3. Import av tenester etter region

1. kv. 2014 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2015 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2016 2. kv. 3.kv. 4. kv. 1. kv. 2017 2. kv. 3.kv. 4. kv.
EU utanom Norden 41.5 46.6 43.8 45.4 41.7 41 44.9 42.2 41.5 40.2 42.6 40.5 43.8 45.1 44.3 45.9
Asia 10.7 12.7 11.3 12.8 12.4 12.7 11.4 12.7 11.2 12.5 12.2 12.9 12.7 12.1 11.9 11.6
Nord- og Mellom-Amerika 12.9 10.6 10.7 13.8 15.7 16.3 15 15.5 15.5 18.5 16.1 15.5 14.1 13.8 12.7 12.4
Norden 23.8 21.8 25.2 20.5 20.9 21 22 22.1 21.8 19.3 21 21.3 21 20.2 21.6 19.8
Andre regionar 6.5 5.3 5.8 4.9 6.2 6.1 5.1 7.5 7.9 7.1 7.1 7.9 6.6 7.2 8.1 9.1

Viktige endringar påverkar korleis tala kan samanliknast

Det er gjort ei endring i samanstillinga av tenestetyper. Tenestegrupperinga jernbane- og landtransporttenester er slått saman med lufttransporttenester til ei ny gruppering: luft- og landtransporttenester. Dette gjeld tabell 2 og 4, som gjev utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype. I statistikkbanktabellen 10192 er endringane lagde inn tilbake til 1. kvartal 2015. Dette gjer at tala ikkje er direkte samanliknbare med tidlegare publiseringar.