Tenestehandelen med utlandet aukar

Publisert:

Eksport av tenester frå norske ikkje-finansielle føretak enda i 4. kvartal 2019 på 71,1 milliardar kroner. Import av tenester utgjorde 77,6 milliardar kroner. Underskotet på tenestebalansen mellom Noreg og utlandet enda dermed på 6,5 milliardar kroner.

Statistikken Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak synte ein auke i både eksport og import av tenester gjennomgåande for alle kvartal 2019.

Sett mot 4. kvartal 2018 auka importen med 20,9 prosent og eksporten med 19,1 prosent. Næringa industri og næringa transport og lagring auka sin eksport med henholdsvis 2,3 og 2,9 milliardar kroner samanlikna med same kvartal foregåande år. Innan import er det næringane transport og lagring samt informasjon og kommunikasjon som har høgast vekst i verdi; henholdsvis 2,7 og 3,7 milliardar mot same periode i fjor.

Figur 1

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Eksport av tenester

  • Den største eksport-næringa; transport og lagring, hadde ein samla eksport på 33,3 milliardar kroner. Dette var ein nedgang på 2,9 prosent frå 3. kvartal 2019.
  • Det vart eksportert sjøtransporttenester for 25,7 milliardar kroner; ein oppgang på 9,4 prosent samanlikna med same kvartal året før.
  • EU-land utanom Norden mottok 34,9 prosent av tenesteeksporten frå Noreg i 4. kvartal 2019.

Figur 2. Eksport av tenester

landagg_no 1.kv. 2014 2.kv. 2014 3.kv. 2014 4.kv. 2014 1.kv. 2015 2.kv. 2015 3.kv. 2015 4.kv. 2015 1.kv. 2016 2.kv. 2016 3.kv. 2016 4.kv. 2016 1.kv. 2017 2.kv. 2017 3.kv. 2017 4.kv. 2017 1.kv. 2018 2.kv. 2018 3.kv. 2018 4.kv. 2018 1.kv. 2019 2.kv. 2019 3.kv. 2019 4.kv. 2019
EU utanom Norden 30.5 32.3 34.2 30.8 30.9 34.4 34.1 33.5 32.3 33.9 33.2 34.8 32.3 34.1 35.1 36 32.8 36.6 36.3 34.7 35.3 35.9 35.7 34.9
Asia 17.2 20.5 17.8 19.2 18.5 17 17.7 17.7 17.1 15.3 16.9 13.6 18.3 16.1 15.9 15.7 17.4 16.7 16.8 17.1 16 16.3 15.7 16.2
Nord og MellomAmerika 15.5 17.2 14.4 20.7 15.6 14.7 14.9 16.1 15.5 15.3 15.4 14 14.8 14.1 13.1 12.5 13.6 12.9 12.5 13.2 12.5 11.6 13.1 12.4
Norden 15.3 12.9 15.6 12.6 14.3 14 14.6 15.7 15.3 17 15.9 17.4 16.8 15.8 16.1 16.5 17.5 16.3 15.9 16.3 17.8 16.4 17.2 17.6
Andre Regioner 15 14.7 14.6 15.3 17.3 16.1 16.3 15.7 16.7 15.3 16.4 17.2 14.6 16.7 17.4 16.8 17 15.9 15.8 16.8 16.8 17.8 16.3 17.4

Import av tenester

  • Næringa transport og lagring stod for nær ein tredel av tenesteimporten i 4. kvartal 2019, med 23,4 milliardar kroner. Dette var ein oppgang på 3,8 prosent, om lag 850 millionar kroner i forhold til 3. kvartal 2019.
  • Norske ikkje-finansielle føretak importerte mest forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester i 4. kvartal 2019. Importverdien var på 15,3 milliardar kroner, og stod dermed for ein femtedel av total tenesteimport.
  • EU-land utanom Norden leverte 45,6 prosent av den totale norske tenesteimporten.

Figur 3. Import av tenester

1.kv. 2014 2.kv. 2014 3.kv. 2014 4.kv. 2014 1.kv. 2015 2.kv. 2015 3.kv. 2015 4.kv. 2015 1.kv. 2016 2.kv. 2016 3.kv. 2016 4.kv. 2016 1.kv. 2017 2.kv. 2017 3.kv. 2017 4.kv. 2017 1.kv. 2018 2.kv. 2018 3.kv. 2018 4.kv. 2018 1.kv. 2019 2.kv. 2019 3.kv. 2019 4.kv. 2019
EU utanom Norden 41.5 46.6 43.8 45.4 41.7 41 44.9 42.2 41.5 40.2 42.6 40 43.5 44 43.9 43.8 42.4 45.4 44.5 45 45.1 45.8 44.1 45.6
Asia 10.7 12.7 11.3 12.8 12.4 12.7 11.4 12.7 11.2 12.5 12.2 13.6 13.1 12.7 12 12 13.1 12.8 12.4 12.6 13.2 11.7 12.5 12.4
Nord og MellomAmerika 12.9 10.6 10.7 13.8 15.7 16.3 15 15.5 15.5 18.5 16.1 15.1 14.2 14 13 13.2 13.5 13.1 12.5 13.1 12.7 12.5 13.3 13.5
Norden 23.8 21.8 25.2 20.5 20.9 21 22 22.1 21.8 19.3 21 20.9 20.7 20.1 21.4 20.5 21.3 19.7 21.4 20 20.9 21.3 22.7 20.7
Andre Regioner 6.5 5.3 5.8 4.9 6.2 6.1 5.1 7.5 7.9 7.1 7.1 8.6 6.6 7.5 8.1 9.2 8.4 7.4 7.6 7.8 6.9 7.3 6.3 6.9