På grunn av vedlikehold kan innholdet på ssb.no være ustabilt fra kl. 17.00. Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

Omsetningsauke for norsk næringsliv i utlandet

Publisert:

Omsetninga i dei utanlandske dotterselskapa til norske konsern auka med over 8 prosent i 2017 samanlikna med året før. Den samla omsetninga var på 1 294 milliardar kroner.

I alt hadde norske konsern 4 304 dotterselskap i utlandet. Dette kjem fram i statistikken Norske dotterselskap i utlandet. Selskapa var plasserte over heile verda, i alt 126 land er registrerte i statistikken.

Figur 1

Figur 1. Land med norske dotterselskap

Figur 2 presenterer førekomsten av dotterselskap etter verdsdel. Han viser at 70 prosent av norske dotterselskap held til i Europa, det vil seie drygt 3 000 selskap. Vidare følgde Asia med om lag 550 dotterselskap og Nord- og Mellom-Amerika med 400. Fordelinga av dei norske dotterselskapa på verdsdelar var tilnærma den same i 2017 som året før.

Figur 2. Tal føretak etter verdsdel, i prosent av totalen

Tal føretak
Europa 70.4 % 3032
Asia 13.1 % 563
Nord- og Mellom-Amerika 9.3 % 400
Sør-Amerika 2.8 % 121
Afrika2.7 % 118
Oseania 1.6 % 70

Sverige og USA dei viktigaste vertslanda for norsk næringsliv

Dei seks utvalde landa presenterte i figur 3 sto for nesten 56 prosent av den samla omsetninga til norske dotterselskap i utlandet i 2017. Aller størst var USA med 210 milliardar kroner, tilsvarande 16 prosent, mens Sverige var ein god nummer to med 196 milliardar, som tilsvarar 15 prosent.

Figur 3. Omsetning for utvalde land, i prosent av totalen

Prosent
Andre land 44.4 % 44.4
USA 16.2 % 16.2
Sverige 15.1 % 15.1
Danmark 9.0 % 9.0
Brasil 5.7 % 5.7
Tyskland 4.9 % 4.9
Storbritannia 4.7 % 4.7

Figur 4 viser at dei norske dotterselskapa i USA og Sverige også sto for den største sysselsettinga i 2017. Flest var det i Sverige, der norskeigde selskap sysselsette over 51 000 personar. I USA var det sysselsett litt over 20 000 personar. I alt sto dei seks utvalde landa for over 46 prosent av den samla sysselsettinga i norske dotterselskap i utlandet.

Figur 4. Sysselsette for utvalde land, i prosent av totalen

Tal sysselsette
Andre Land 53.4 % 157677
USA 7.0 % 20678
Sverige 17.4 % 51365
Danmark 6.2 % 18210
Brasil 6.5 % 19309
Tyskland 4.3 % 12633
Storbritannia 5.2 % 15278

Revisjonar

Tal for årgangen 2016 er revidert i denne publiseringa.

Kontakt