På grunn av vedlikehold kan innholdet på ssb.no være ustabilt mellom kl 16 og 18 i dag. Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

Framleis underskot på tenestebalansen

Publisert:

Eksporten av tenester frå norske ikkje-finansielle føretak enda på 51,6 milliardar kroner i 1. kvartal i år. Importen var på 54,6 milliardar og ga dermed eit underskot på tenestebalansen på 3,0 milliardar.

Statistikken utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak for 1. kvartal 2018 synte ein nedgang i både eksport og import samanlikna med 4.kvartal 2017. Eksporten gjekk ned med 12,1 prosent, medan importen sank med 16,1 prosent.

Viktige tall for eksport av tenester

• Næringa transport og lagring, den største eksport-næringa, auka eksporten med 13,4 prosent til 26,9 milliardar kroner samanlikna med same kvartalet året før. Næringa utgjorde om lag halvparten av samla tenesteeksport i 1. kvartal 2018.

• Eksporten av sjøtransporttenester stod for ein andel på 41,1 prosent, eller 21,2 milliardar kroner.

• Det vart eksportert tenester til EU-land utanom Norden for 16,4 milliardar kroner, dette tilsvarar om lag ein tredel av total tenesteeksport.

Import av tenester

• Næringa transport og lagring hadde ein importandel på nær ein tredel i 1. kvartal 2018, tilsvarande 16,9 milliardar kroner. Dette var ein nedgong på 4,3 millardar kroner i forhold til 4. kvartal 2017.

• Forretnings- og profesjons- og tekniske tenester utgjorde 18,7 prosent av norske ikkje-finansielle føretak sin import av tenester i 1. kvartal 2018, tilsvarande 10,2 millardar kroner.

• 43 prosent av den norske tenesteimporten kjem frå føretak i EU-land utanom Norden.

Figur 1

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Figur 2. Eksport av tenester etter region

1. kv. 2014 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2015 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2016 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2017 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2018
EU utanom Norden 30.5 32.3 34.2 30.8 30.9 34.4 34.1 33.5 32.3 33.9 33.2 34.8 32.3 34.2 34.9 33.8 31.8
Asia 17.2 20.5 17.8 19.2 18.5 17 17.7 17.7 17.1 15.3 16.9 13.6 18.3 16.1 16.3 16.6 17.5
Nord- og Mellom-Amerika 15.5 17.2 14.4 20.7 15.6 14.7 14.9 16.1 15.5 15.3 15.4 14 14.8 14 13.1 12.9 13.5
Norden 15.3 12.9 15.6 12.6 14.3 14 14.6 15.7 15.3 17 15.9 17.4 16.7 15.8 16.1 17.2 17.6
Andre regionar 15 14.7 14.6 15.3 17.3 16.1 16.3 15.7 16.7 15.3 16.4 17.2 14.7 16.7 17.2 17 17.7

Figur 3. Import av tenester etter region

1. kv. 2014 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2015 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2016 2. kv. 3.kv. 4. kv. 1. kv. 2017 2. kv. 3.kv. 4. kv. 1. kv. 2018
EU utanom Norden 41.5 46.6 43.8 45.4 41.7 41 44.9 42.2 41.5 40.2 42.6 40 43.3 44.3 43.7 45.4 42.6
Asia 10.7 12.7 11.3 12.8 12.4 12.7 11.4 12.7 11.2 12.5 12.2 13.6 12.8 12.3 12 11.7 12.6
Nord- og Mellom-Amerika 12.9 10.6 10.7 13.8 15.7 16.3 15 15.5 15.5 18.5 16.1 15.1 14.1 14 12.9 12.8 12.7
Norden 23.8 21.8 25.2 20.5 20.9 21 22 22.1 21.8 19.3 21 20.9 21.3 20.3 21.8 19.8 22
Andre regionar 6.5 5.3 5.8 4.9 6.2 6.1 5.1 7.5 7.9 7.1 7.1 8.6 6.6 7.4 8.2 9.1 8.6