Statistikken Elevar i grunnskolen viser at det totalt er 634 674 elevar som går på barne- og ungdomskolen per oktober 2021. Av desse har 73 493 elevar nynorsk som hovudmål, medan 554 010 elevar har bokmål som hovudmål. Statistikken viser òg at 878 elevar har samisk som hovudmål, medan 6 293 elevar har eit anna språk som sitt hovudmål.

På barneskolen må eleven bruke det hovudmålet som er bestemt av kommunen der skolen ligg. På ungdomsskolen har eleven sjølv rett til å velje hovudmål. Det er veldig få som vel eit nytt hovudmål på ungdomskolen.

Færre vel nynorsk i dag enn for 20 år sidan

Medan 14,8 prosent av alle elevar i grunnskolen hadde nynorsk som hovudmål i 2001, hadde delen gått ned til 12,8 prosent i 2011, og er i dag på 11,6 prosent. Det vil seie at nedgangen dei siste ti åra har vore mindre enn nedgangen i dei ti førre åra.

Figur 1. Del som har nynorsk som hovudmål. Prosent

Delen elevar med bokmål som hovudmål har auka i tråd med nedgangen i bruken av nynorsk som hovudmål. Det kan fortelje at ei aukande mengde elevar og kommunar vel bokmål over nynorsk som hovudmål. Tala på elevar med samisk som hovudmål og elevar med andre språk som hovudmål er stabile.

Nynorsk som hovudmål er vanlegast i Møre og Romsdal

Nynorsk som hovudmål er vanlegast i Møre og Romsdal. Her har 49 prosent av elevane nynorsk som hovudmål. Fylket med nest høgast del elevar med nynorsk som hovudmål er Vestland, med 48 prosent.

Figur 2. Hovudmål fordelt på fylke. Prosent

I kvar av fylka Oslo, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark er det berre ein eller ingen elevar med nynorsk som hovudmål. I desse fylka finn vi at over 98 prosent av elevane har bokmål som hovudmål.

I dag er det ingen fylke der fleirtalet av elevane har nynorsk som hovudmål, medan dette var tilfelle før fylkessamanslåinga i 2020. Tal frå 2019 viser at heile 98 prosent av elevane i Sogn og Fjordane hadde nynorsk som hovudmål.