Rapporter 2011/26

Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2011

SSB har i oppdrag å gjennomføre ei årleg undersøking av foreldrebetalinga for fulltidsopphald i kommunale og private barnehagar for januar kvart år. Undersøkinga er no basert på ei totalteljing av alle kommunane i landet.

Denne rapporten er laga av Statistisk sentralbyrå (SSB) på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (KD). SSB har i oppdrag å gjennomføre ei årleg undersøking av foreldrebetalinga for fulltidsopphald i kommunale og private barnehagar for januar kvart år. Undersøkinga er no basert på ei totalteljing av alle kommunane i landet.

Gjennomsnittlege månadssatsar utan kostpengar og tilleggsutgifter for fulltidsopphald i kommunale barnehagar for hushald med brutto årsinntekt på 250 000, 375 000 og 500 000 kroner, er på landsbasis høvesvis 2 090, 2 229 og 2 270 kroner per januar 2011. Dei kommunale minimumssatsane ligg i gjennomsnitt på 1 573 kroner, medan gjennomsnittleg maksimumssats ligg på 2 298 kroner. 88 prosent av kommunane, dvs 380 av 430, har ein maksimumssats som ligg på sjølve maksimalsatsen på 2 330 kroner. Månadssatsane for hushald med brutto årsinntekt på 250 000, 375 000 og 500 000 kroner hadde ei endring på høvesvis 0,6, 0,5 og 0,3 prosent frå januar 2010.

Per januar 2011 var det 3 kommunar som rapporterte at dei ikkje hadde eit kommunalt barnehagetilbod i kommunen, medan i overkant av 21 prosent rapporterte at dei opererar med eit system for inntektsgraderte betalingssatsar. Satsane er då avhengig av hushaldet si inntekt. Flest kommunar har såkalla "flate" betalingssatsar. Alle kommunane med kommunalt barnehagetilbod byr på syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage. 90 prosent av dei kommunane som rapporterar at dei har privat barnehagetilbod spesifiserar at dei kommunale moderasjonsordningane også gjeld for dei private barnehagane i kommunen. 94 prosent av kommunane spesifiserar at kostpengar ikkje er inkludert i sjølve opphaldsbetalinga, men at dette kjem i tillegg til månadssatsen.

88 prosent av dei private barnehagane i utvalet rapporterar at dei nyttar ein maksimumssats som følgjer fastsett maksimalsats på 2 330 kroner, medan 24 prosent rapporterar at dei tilbyr inntektsgraderte satsar. Alle dei private barnehagane byr på syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn. Eit års fulltidsopphald i kommunale og private barnehagar utan kostpengar og tilleggsutgifter kosta på landsbasis i gjennomsnitt 23 346 kroner per januar 2011. 1 92 prosent rapporterar at dei har lik eller høgare pris på barnehageplass enn fastsett makspris på 2 330 kroner. Ein skal merkje seg at denne prosentsatsen inkluderar barnehagar som har spesifisert at kost er inkludert, men at kostprisen er ukjend. Det er difor ikkje mogleg å seie eksakt kva pris desse barnehagane opererer med når kost ikkje er medrekna.

Om publikasjonen

Tittel

Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2011

Ansvarlig

Camilla Rochlenge

Serie og -nummer

Rapporter 2011/26

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Emne

Barnehager

ISBN (elektronisk)

978-82-537-8136-5

ISBN (trykt)

978-82-537-8135-8

ISSN

1892-7513

Antall sider

24

Målform

Bokmål

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt