Rapporter 2010/33

Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2010

Denne rapporten er laga av Statistisk sentralbyrå (SSB) på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. SSB har i oppdrag å gjennomføre ei undersøking av foreldrebetalinga for fulltidsopphald i kommunale og private barnehagar i januar og august kvart år. Undersøkinga er no basert på ei totalteljing av alle kommunane i landet.

Gjennomsnittlege månadssatsar utan kostpengar og tilleggsutgifter for fulltidsopphald i kommunale barnehagar for hushald med brutto årsinntekt på 250 000, 375 000 og 500 000 kroner, er på landsbasis høvesvis 2 079, 2 218 og 2 262 kroner per januar 2010. Minimumssatsen ligg i gjennomsnitt på 1 549 kroner, medan maksimumssatsen er 2 292 kroner. 339 av dei 418 kommunane i prissamanlikninga, det vil sei at 81 prosent, har ein maksimumssats som ligg på sjølve maksimalsatsen på 2 330 kroner. Månadssatsane for hushald med brutto årsinntekt på 250 000 og 375 000 kroner hadde ei endring på høvesvis 0,9 og 0,5 prosent frå januar 2009, medan det for årsinntekt på 500 000 kroner ikkje vart målt noko endring.

Av dei 4271 kommunane som har rapportert betalingssatsar per januar 2010 nyttar 23 prosent eit system for inntektsgraderte satsar, det vil sei satsar som er avhengig av hushaldet si inntekt. Flest kommunar har såkalla "flate" betalingssatsar. Alle2 kommunane byr på syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage. 85 prosent av dei kommunane som rapporterar at dei har privat barnehagetilbod spesifiserar at dei kommunale moderasjonsordningane også gjeld for dei private barnehagane i kommunen. 91 prosent av kommunane som har kommunale barnehagar spesifiserar at kostpengar ikkje er inkludert i sjølve opphaldsbetalinga, men at dette kjem i tillegg til månadssatsen.

773 prosent av dei private barnehagane i utvalet rapporterar at dei nyttar ein maksimumssats som følgjer fastsett maksimalsats på 2 330 kroner, medan det for 28 prosent vert rapportert at dei tilbyr inntektsgraderte satsar. Alle dei private barnehagane byr på syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn. Gjennomsnittleg årsbetaling for fulltidsopphald i kommunale og private barnehagar utan kostpengar og tilleggsutgifter er på landsbasis 23 288 kroner per januar 2010.

 

1 3 kommunar rapporterar at dei ikkje har kommunalt barnehagetilbod i kommunen.

2 Ein av kommunane har rapportert at dei ikkje byr på syskenmoderasjon, men denne kommunen prisar barnehageplassane tilstrekkelig under maksprisen til at husholdningane i praksis betalar mindre enn det summen av den fastsette makspris og syskenmoderasjon vert til saman.

3 93 prosent rapporterar at dei har lik eller høgare pris på barnehageplass enn fastsett makspris på 2330 kroner. Ein skal merkje seg at denne prosentsatsen inkluderar barnehagar som har spesifisert at kost er inkludert, men at kostprisen er ukjend. Det er difor ikkje mogleg å sei noko om eksakt kva pris desse barnehagane har når kost ikkje er medrekna.

Om publikasjonen

Tittel

Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2010

Ansvarlig

Camilla Rochlenge

Serie og -nummer

Rapporter 2010/33

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Emne

Barnehager

ISBN (elektronisk)

978-82-537-7890-7

ISBN (trykt)

978-82-537-7889-1

ISSN

0806-2056

Antall sider

25

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt