Notater 2008/33

Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2008

Gjennomsnittlege månadssatsar utan kostpengar og tilleggsutgifter for fulltidsopphald i kommunale barnehagar for hushald med brutto årsinntekt på 250 000, 375 000 og 500 000 kroner, er på landsbasis høvesvis 2 089, 2 249 og 2 297 kroner per januar 2008. Minimumssatsen ligg i gjennomsnitt på 1 537 kroner, medan maksimumssatsen er 2 317 kroner. 293 av dei 356 kommunane i prissamanlikninga i undersøkinga har ein maksimumssats som er den same som maksimalsatsen fastsett av Stortinget på 2 330 kroner frå januar 2007. Månadssatsane for hushald med brutto årsinntekt på 250 000 viste ein marginal nedgang, medan det for årsinntekter på 375 000 og 500 000 kroner var ein marginal oppgang.

Av dei 399 kommunane som har rapportert betalingssatsar per januar 2008 nyttar 23 prosent eit system for inntektsgraderte satsar, det vil seie satsar som er avhengig av hushaldet si inntekt. Flest kommunarhar såkalla "flate" betalingssatsar. Alle kommunane byr syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage. 88 prosent av kommunane gir opp at dei private barnehagane i kommunen nyttar dei same moderasjonsordningane. Om lag 87 prosent av kommunane gir opp at dei ikkje inkluderer kostpengar i sjølve opphaldsbetalinga, men at dei blir kravd inn separat.

76 prosent av dei private barnehagane i utvalet gir opp at dei nyttar ein maksimumssats som følgjer fastsett maksimalsats på 2 330 kroner. 18 prosent av dei private barnehagane gir opp at dei byrinntektsgraderte satsar og alle barnehagane i utvalet byr syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn.

Gjennomsnittleg årsbetaling for fulltidsopphald i kommunale og private barnehagar utan kostpengar og tilleggsutgifter er på landsbasis 23 410 kroner per januar 2008.

Om publikasjonen

Tittel

Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2008

Ansvarlig

Live Margrethe Rognerud

Serie og -nummer

Notater 2008/33

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Emne

Barnehager

Antall sider

25

Målform

Nynorsk

Om Notater

I serien Notater publiseres dokumentasjon, metodebeskrivelser, modellbeskrivelser og standarder.

Kontakt