Moderat auke i foreldrebetalinga

Publisert:

I januar 2017 betalte eit gjennomsnittleg norsk hushald drygt 2 370 kroner månadleg for ein barnehageplass. I tillegg kravde barnehagane i snitt inn knapt 290 kroner per barn for å dekkje kostpengar og andre tilleggsutgifter. Til saman betalte hushalda 0,9 prosent meir enn på same tid året før, viser tal frå statistikken Foreldrebetaling i barnehagar.

Eit års fulltidsopphald i norske barnehagar, inkludert kostpengar og andre tilleggsutgifter, kosta i snitt nær 29 300 kroner i januar 2017. Dette er 0,9 prosent meir enn på same tidspunkt i fjor. Dei nye tala blir berekna ut frå eit rikt datagrunnlag, med fullteljing av både barnehagar og kommunar. Dette gir oss eit godt bilete av gjennomsnittleg foreldrebetaling for born i barnehagen. Sjå rapporten «Foreldrebetaling i barnehager, januar 2017» for fleire detaljar.

Utvida gratis kjernetid

Maksprisen auka frå januar 2016 til januar 2017 med om lag 2,8 prosent. Sidan eit klart fleirtal av hushalda betaler makspris, ville dette isolert sett auka snittbetalinga med meir enn 0,9 prosent. Spesielt to faktorar medverkar til å halde snittbetalinga nede:

For det første utvida regjeringa ordninga med gratis kjernetid til også å gjelde for treåringar, i tillegg til fire- og femåringar. Samstundes auka den nedre inntektsgrensa for å ha rett til gratis kjernetid med rundt 3 prosent.

For det andre kan spreiing av informasjon om reforma isolert sett ha redusert betalinga. Grunnen til dette er at dei siste moderasjonsordningane er relativt nye og må søkast på.

Nye reglar for foreldrebetaling

Den nasjonale ordninga for foreldrebetaling i barnehagar tredde i kraft 1. mai 2015. Under det nye regelverket skal ingen hushald betale meir enn 6 prosent av sin samla skattepliktige inntekt for ein barnehageplass. Dersom samla inntekt er høgare enn eit gitt nivå, betalar hushaldet makspris. Per januar 2017 var inntektsgrensa 500 500 kroner. Dette betyr at alle hushald med høgare samla inntekt enn dette betaler makssatsen på 2 730 kroner i månaden. Hushald med lågare inntekt har krav på redusert betaling.

Frå 1. august 2015 vart det innført gratis kjernetid for fire- og femåringar frå hushald med låg inntekt. Denne ordninga vart 1. august 2016 utvida til også å gjelde treåringar. Gratis kjernetid betyr at hushalda har krav på 20 timar gratis barnehage i veka for desse borna. Dersom berre dei 20 timane blir nytta, har barnet altså gratis barnehageplass. Inntektsgrensa for ordninga blir sett av Stortinget på same måte som maksimalsatsen og vart frå 1. august 2016 sett til 417 000 kroner. I tillegg skal det i alle kommunar bli gitt søskenmoderasjon dersom ein familie har fleire born i barnehagen. For barn nummer to skal foreldra maksimalt betale 70 prosent av satsen til det første barnet, medan foreldra maksimalt skal betale 50 prosent for barn nummer tre og oppover.

Kontakt