Foreldrebetaling i barnehagar auka 3,0 prosent

Publisert:

Eit gjennomsnittleg norsk hushald betalte drygt 2 900 kroner i månaden for ein barnehageplass med kostpengar og andre tilleggsutgifter i 2020, ein auke på 3,0 prosent samanlikna med året før.

I januar 2020 betalte eit gjennomsnittleg norsk hushald 2 600 kroner i månaden for ein barnehageplass. I tillegg kravde barnehagane i snitt inn drygt 300 kroner for å dekkje kostpengar og andre tilleggsutgifter. Dette er ein auke på 3,0 prosent samanlikna med same tidspunkt i fjor, syner nye tal frå statistikken Foreldrebetaling i barnehagar

Eit års fulltidsopphald i norske barnehagar, inkludert kostpengar og andre tilleggsutgifter, kosta i snitt litt over 32 100 kroner i januar 2020.

Tala er rekna ut ifrå eit rikt datagrunnlag, med fullteljing av både private og kommunale barnehagar. Dette gjev oss eit godt bilete av gjennomsnittleg foreldrebetaling for barn i barnehagen. For meir detaljar, sjå rapporten «Foreldrebetaling i barnehager, januar 2020».

Gratis kjernetid no også for 2-åringar

Frå januar 2019 til januar 2020 auka maksprisen frå 2 990 kroner til 3 135 kroner per månad. Den nominelle auken er 4,8 prosent. Ettersom dei aller fleste barnehagar følgjer den nasjonalt bestemte satsen, har dette vore eit bidrag til auka i foreldrebetaling i barnehagar frå januar 2019 til januar 2020. Ei forklaring til at snittbetalinga ikkje auka like mykje som maksprisen er at regjeringa frå og med 1. august 2019 utvida ordninga med gratis kjernetid til å også gjelde 2-åringar, i tillegg til 3-, 4- og 5-åringar.

Kostpengar og andre utgifter

I januar 2020 betalte eit gjennomsnittleg hushald rundt 3 100 kroner årleg i kostpengar og andre tilleggsutgifter for et barn i kommunal barnehage. Tilsvarande tal i januar 2019 var i overkant av 3 000 kroner. Hushald med barn i privateigde barnehagar betalte i gjennomsnitt litt under 4 000 kroner i januar 2020 i kostpengar og andre tilleggsutgifter, medan dei i januar 2019 betalte rundt 3 850 kroner. For barn i kommunale barnehagar gir det ein auke på 3,1 prosent i kostpengar og andre tilleggsutgifter frå januar 2019 til januar 2020. For barn i privateigde barnehagar var auken 3,3 prosent.

Foreldre med barn i private barnehagar betaler i gjennomsnitt meir i kostpengar og andre tilleggsutgifter enn foreldre som har barn i kommunale barnehagar, og denne forskjellen auka frå i fjor til i år. I januar 2020 var forskjellen i gjennomsnittleg årleg betaling for kostpengar og andre tilleggsutgifter 891 kroner, mot 836 kroner i januar 2019.

Den 12. mars 2020 blei det i Noreg innført restriktive tiltak for å motarbeide koronapandemien. Eit av tiltaka var å mellombels stenge barnehagane for å avgrense vidare smitte. På grunn av uvisse knytt til situasjonen og på kva måte kvar enkelt kommune vil gjenopne barnehagane, er det ikkje blitt gjort estimat av korleis koronasituasjonen påverkar årsbetalingfor barnehagar i 2020. 

Faktaside

Kontakt