Foreldrebetaling i barnehagar auka 2,0 prosent

Publisert:

I januar 2021 betalte eit gjennomsnittleg norsk hushald omlag 2 700 kroner i månaden for ein barnehageplass. I tillegg kravde barnehagane i snitt inn knapt 300 kroner for å dekkje kostpengar og andre tilleggsutgifter.

Eit års fulltidsopphald i norske barnehagar, inkludert kostpengar og andre tilleggsutgifter, kosta i snitt 32 901 kroner i januar 2021. Dette er ein auke på 2,0 prosent samanlikna med same tidspunkt i fjor, syner nye tal frå statistikken Foreldrebetaling i barnehagar.

I januar 2021 betalte eit gjennomsnittleg norsk hushald 2 695 kroner i månaden for ein barnehageplass. I tillegg kravde barnehagane i snitt inn 296 kroner for å dekkje kostpengar og andre tilleggsutgifter. Tala er rekna ut ifrå eit rikt datagrunnlag, med fullteljing av både private og kommunale barnehagar. Dette gjev oss eit godt bilete av gjennomsnittleg foreldrebetaling for barn i barnehagen. For meir detaljar, sjå rapporten «Foreldrebetaling i barnehager, januar 2021».

Maksprisen vart frå januar 2021 auka frå 3 135 kroner til 3 230 kroner per månad. Den nominelle auken er ca. 3,0 prosent. Ettersom dei aller fleste barnehagar følgjer den nasjonalt bestemte satsen, har dette vore eit bidrag til auken i foreldrebetaling i barnehagar frå januar 2020 til januar 2021.

Høgast og lågast

I januar 2021 hadde fylket Møre og Romsdal høgast gjennomsnittleg årsbetaling på 34300 kroner, ein auke på 4,4 prosent frå januar 2020.

På motsett side var det lågast gjennomsnittleg årsbetaling i Agder, kor årsbetalinga viste ein svak oppgang frå 30728 til 30785 kroner. Samanlikna med Møre og Romsdal vart ein større prosentvis del barn omfatta av moderasjonsordning i Agder. Dette svara til moderasjon i form av friplass, reduksjon i foreldrebetaling og søskenmoderasjon.

Kostpengar og andre utgifter

I januar 2021 betalte eit gjennomsnittleg hushald rundt 2629 kroner årleg i kostpengar og andre tilleggsutgifter for et barn i kommunal barnehage. Tilsvarande tal i januar 2020 var i underkant av 3100 kroner. Hushald med barn i privateigde barnehagar betalte i gjennomsnitt litt under 3900 kroner i januar 2021 i kostpengar og andre tilleggsutgifter årleg, medan dei i januar 2020 betalte litt under 4 000 kroner. For barn i kommunale barnehagar gir det ei nedgang på 15,1 prosent i kostpengar og andre tilleggsutgifter årleg frå januar 2020 til januar 2021. For barn i privateigde barnehagar var nedgangen på 2,6 prosent.

Foreldre med barn i private barnehagar betaler i gjennomsnitt meir i kostpengar og andre tilleggsutgifter enn foreldre som har barn i kommunale barnehagar, og denne forskjellen auka frå i fjor til i år. I januar 2021 var forskjellen i gjennomsnittleg årleg betaling for kostpengar og andre tilleggsutgifter 1243 kroner, mot 891 kroner i januar 2020.

Faktaside

Kontakt