Foreldre betaler 4,9 prosent meir til barnehagane

Publisert:

I januar 2018 betalte eit gjennomsnittleg norsk hushald knappe 2 500 kroner månadleg for ein barnehageplass. I tillegg vart det i snitt kravd inn drygt 300 kroner per barn for å dekkje kostpengar og andre tilleggsutgifter. Til saman betalte hushalda 4,9 prosent meir enn på same tid året før.

I statistikken Foreldrebetaling i barnehagar kjem det fram at eit fulltidsopphald i norske barnehagar i eitt år, inkludert kostpengar og andre tilleggsutgifter, i snitt kosta nærare 31 000 kroner i januar 2018. I tillegg er det og teke høgde for friplassar i berekningane, som er med på å trekkje ned dette gjennomsnittstalet noko. Den gjennomsnittlege årsprisen har dermed stige over 1 400 kroner sidan januar 2017. Tala er berekna utfrå eit rikt datagrunnlag, med fullteljing av kommunale og private barnehagar. Dette gir oss eit godt bilete av gjennomsnittleg foreldrebetaling for born i barnehagen. Sjå rapporten «Foreldrebetaling i barnehagar, januar 2018» for fleire detaljar.

Høgare makspris

Auken i gjennomsnittleg betalingssats kan sjåast i samanheng med at maksprisen vart heva frå 2 730 kroner til 2 910 kroner per månad frå januar 2018. Dette svarar til ein nominell auke på 6,6 prosent. Ettersom dei fleste kommunane fylgjer nasjonalt bestemt makspris,  er dette ein viktig bidragsytar til auken i barnehagebetalinga for gjennomsnittshushaldet.

Faktorar som bidreg til at snittbetalinga ikkje aukar like mykje som maksprisen, er blant anna moderasjonsordningane for familiar med låg inntekt. Desse hushalda har redusert foreldrebetaling som også dreg ned snittbetalinga.

Meir å betale for maten

Ifølgje forskrifta om foreldrebetaling kan barnehagane krevje inn kostpengar i tillegg til maksprisen. 97 prosent av alle barnehagane rapporterer at dei krev inn kostpengar i tillegg, medan 7 prosent også tek betalt for andre utgifter, slik  som turar eller aktivitetar. Delen barnehagar som krev inn kostpengar, er noko større for kommunale enn for private, medan det er ein større del private barnehagar som opplyser at dei krev inn andre tilleggsutgifter dekka av foreldra. I januar 2018 var summen av kostpengar og andre tilleggsutgifter så vidt over 300 kroner. Det er 4,5 prosent meir enn i januar året før.

Meir om reglane for barnehagesatsar og rabattar

Den nasjonale ordninga for foreldrebetalinga i barnehagar tredde i kraft 1. mai 2015. Under det nye regelverket skal ingen hushald betale meir enn 6 prosent av samla skattepliktig inntekt for ein barnehageplass. Dersom samla inntekt er høgare enn eit gitt nivå, betalar hushaldet makspris. Per januar 2018 var inntektsgrensa 533 500 kroner. Dette betyr at alle hushald med høgare samla inntekt enn dette beløpet kan betale makspris på 2 910 kroner i månaden. Hushalda med lågare inntekt har krav på redusert betaling. I tillegg til vanleg foreldrebetaling kan barnehagane krevje inn kostpengar.

Frå 1. august 2016 har alle tre-, fire- og femåringar som bur i hushald med låg inntekt, rett til 20 timar gratis barnehage i veka. Inntektsgrensa for gratis kjernetid auka frå 417 000 kroner til 450 000 kroner frå og med 1. august 2017. Vidare skal ein få reduksjon i foreldrebetalinga dersom ein har fleire born i barnehagen. Reduksjonen for barn nummer to er minimum 30 prosent, og for tredje barn og oppover er det minimum 50 prosent reduksjon.

Tala i artikkelen er frå rapporten «Foreldrebetaling i barnehagar, januar 2018».

Kontakt