[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 22, 1996

Auka utførsel av fisk og fiskeprodukt i 1995


Eksport av fisk og fiskeprodukt auka med 9,2 prosent til 1,6 millionar tonn i 1995. Utførselsverdien steig med om lag 3 prosent til 20,1 milliardar kroner.

EU-landa kjøpte fisk og fiskeprodukt frå Noreg for 13,2 milliardar kroner i fjor. Det er 1,5 milliardar meir enn i 1994, og utgjorde 66 prosent av samla utførselsverdi. Danmark og Frankrike var dei største kjøparane i EU-landa, med innførsel for respektive 2,2 og 2,1 milliardar kroner. Danmark kjøpte 22 prosent av den oppdretta laksen som blei utført, og Frankrike kjøpte 21 prosent.

Av land utanfor EU var det Japan og Brasil som var dei største mottakarane av fisk og fiskeprodukt med kjøp for respektive 1,2 og 1,0 milliardar kroner. Japan kjøpte 46 prosent av den frosne fisken som blei utført, medan 45 prosent av klippfisken gjekk til Brasil.

Vi innførte fisk og fiskeprodukt for 3,1 milliardar kroner i fjor. Det er ein auke på 36 prosent frå 1994. Det blei innført mest frå Russland, for 1 118 millionar kroner, og frå Danmark for 626 millionar kroner. Frå Russland var det fersk og kjølt fisk som utgjorde den største gruppa med 746 millionar kroner.

[Figur 11]

Figur 11: Utanrikshandel med fisk og fiske-produkt. 1995. Millionar kroner


Ny statistikk

Utanrikshandel med fisk og fiskeprodukt, 1995.
Statistikken byggjer på utanrikshandelen med varer som Statistisk sentralbyrå offentleggjer kvar månad, men med andre grupperingar. Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Fiskeristatistikk. Meir informasjon: Kristin Bagaas, tlf. 62 88 52 30, e-post: knh@ssb.no og Åse Mobråten, tlf. 62 88 52 31, e-post: mon@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 22, 1996