[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 3, 1996

Gjødsling og jordarbeiding 1994:

Små endringar på miljøfronten i jordbruket


Matjord som er utsett for erosjonsfare, bør ikkje pløyast om hausten. Både faren for jordtap og forureining av vassdrag tilseier det. Dei siste åra har den haustpløgde delen av kornarealet vore konstant.

I perioden 1989-1994 gjekk derimot kornarealet som blei haustpløgd ned frå tre millionar dekar til vel to millionar dekar. Det vil seie ei endring frå 82 til 56 prosent av kornarealet. Det var frå 1989 til 1992 det haustpløgde kornarealet gjekk sterkt ned. I 1989 vart 82 prosent (knapt 3 millionar dekar) av kornarealet haustpløgd, medan 55-56 prosent (om lag 2 millionar dekar) vart haustpløgd i åra 1992-1994.

Det offentlege yter tilskott for å utsetje jordarbeidinga til våren på erosjonsutsette areal. Tilskottssatsen har vore 100 kroner pr. dekar. I Akershus/Oslo har ein som ei prøveordning differensiert tilskottet etter kor erosjonsutsett arealet er. Differensieringa har ikkje endra omfanget av haustpløgd areal.

For 1994 vart det utbetalt tilskott til vel 1 million dekar av i alt 1,5 millionar dekar som ikkje vart haustpløgd. For 1993 vart det gitt tilskott til 0,9 av 1,6 millionar dekar. For 1991 0,45 av 1,2 millionar dekar.

Haustpløying er mest vanleg i dei største kornfylka Østfold og Akershus. I Østfold vart 64 prosent av kornarealet haustpløgd i 1994, i Akershus/Oslo 61 prosent.

Mindre bruk av fosfor
I landbruket vart det i 1984/85-sesongen brukt handelsgjødsel med i alt 24 800 tonn fosfor. I 1994/95 var fosformengda redusert til 13 300 tonn. Bruken av nitrogen har ikkje minka så mykje, og mengda varierer frå år til år etter veksetilhøva. Sist sesong vart det brukt 110 900 tonn.

Handelsgjødsel til fulldyrka eng
Ein stadig større del av bruka har redusert fosfortilførsla til eng. I 1988 tilførte 61 prosent av bruka 1-2 kilo pr. dekar, medan 81 prosent av bruka tilførte så lita mengd fosfor i 1994.

Bruken av nitrogen til fulldyrka eng har endra seg over tid, men ikkje så mykje dei siste fem åra. Om lag halvparten av bruka tilførte ei middels mengd (10-19 kg/daa) i 1994.

Dei større bruka (minst 200 dekar jordbruksareal i drift) tilfører meir nitrogen og fosfor pr. dekar enn dei mindre bruka.

Rogaland tilfører mest gjødsel pr. arealeining. 32 prosent av bruka i Rogaland tilførte minst 20 kilo nitrogen pr. dekar fulldyrka eng i 1994.

Handelsgjødsel til korn
Bruken av fosfor til korn har gått ned dei siste åra, medan bruken av nitrogen har auka.

Større kornbruk gjødslar sterkare både med fosfor og nitrogen enn mindre bruk.

Husdyrgjødsel
I 1994 vart det spreidd husdyrgjødsel på om lag 3,4 millionar dekar, vel 0,1 million dekar meir enn i 1993. Ein større og større del av spreiearealet er eng og beite, og dette har samanheng med krav om storleik på spreiearealet. I 1994 var 63 prosent av spreiearealet eng og beite, mot 48 prosent i 1988.

Stadig fleire spreier all husdyrgjødsla i våronna og elles i vekstsesongen.

Gjødselplan
Det er utarbeidd gjødselplan basert på jordprøver for vel 4,5 millionar dekar, eller 45 prosent av det totale jordbruksarealet. Dette er ein auke på vel 250 000 dekar sidan 1993.

Statistikken byggjer på eit utval av bruk frå den fullstendige landbruksteljinga i 1989. Utvalet er på om lag 24 000 einingar.

[Figur 2]

Figur 2: Kornareal etter jordarbeidsmåte


Ny statistikk

Utvalsteljing for landbruket.
Jordarbeiding og gjødsling, 1994.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk, i Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk og i Statistisk sentralbyrå sin rapportserie: Resultatkontroll jordbruk 1996 - Gjennomføring av tiltak mot forurensing - som kjem ut i mars 1996. Meir informasjon: Dagfinn Sve, tlf. 62 88 52 61.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 3, 1996