Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 4,5 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar.ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim. i juni 2022. Det er nesten 1,8 millionar fleire enn juni i fjor, ei auke på 64 prosent. Utanlandske overnattingar auka med 1,3 millionar og var berre 7,2 prosent lågare enn i 2019, året før pandemien.

– Etter at reiserestriksjonane vart fjerna ser vi at talet på utanlandske overnattingar i juni nærmar seg nivået i 2019. Det var fleire utanlandske overnattingar på campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar i juni i år enn i 2019, medan det var færre utanlandske overnattingar på hotell, seier førstekonsulent Boyd Oyier i SSB.

Korrigert for Talet på overnattingar varierer i løpet av året og mønsteret gjentar seg kvart år. Sesongjustering nyttast for å fjerne det vi kallar sesongvariasjonar, som for eksempel ferieavvikling, frå månadlege eller kvartalsvise statistiske tidsseriar. Justeringa for sesongmønsteret, gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månad.var det totale talet på overnattingar i juni på hotell, campingplassar, Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheim. uendra frå førige månad. Dei norske overnattingane var omlag uendra, medan det var ein sesongjustert oppgang på 1,5 prosent for utanlandske overnattingar. Talet på utanlandske overnattingar, har vore lågt gjennom heile pandemien, medan dei norske overnattingane har variert meir, med toppar i sommarmånadene når nordmenn ferierte meir i heimlandet. Sesongjusterte norske overnattingar er no på eit høgare nivå enn før pandemien.

Figur 1. Sesongjusterte overnattingar. Norske og utanlandske. Januar 2019- juni 2022

Færre utanlandske hotellovernattingar enn før pandemien

Det var hotella, med nesten 2,7 millionar overnattingar som bidrog til det høge talet på overnattingar i juni. Nordmenn foretok 1,9 millionar overnattingar og det var 706 000 utanlandske overnattingar. Både norske og utanlandske overnattingar auka med over 600 000 frå juni i fjor. Det vart sett rekord for norske hotellovernattingar for juni.

– Det er framleis eit stykke til vi er på same nivå for utanlandske overnattingar ved hotella som før pandemien. Det var særleg færre gjestedøgn frå Asia. Til saman var det 110 000 færre gjestedøgn frå Kina, Japan og Sør-Korea samanlikna med juni 2019, seier Boyd Oyier.

I juni 2022 var talet på utanlandske hotellovernattingar om lag tre fjerdedelar av kva det var før pandemien. I 2019 var det flest utanlandske overnattingar frå USA, Tyskland, Kina og Sverige. Størst nedgang sidan 2019 har det vore i talet på overnattingar frå Kina, USA og Sør Korea. Talet på overnattingar frå Tyskland og Sverige var på om lag same nivå som i 2019.

Talet på hotellovernattingar auka i alle fylka. Auken var størst i Oslo og Viken, med høvesvis 231 og 131 prosent samanlikna med juni i fjor.

Figur 2. Samla hotellovernattingar frå USA, Tyskland, Kina og Sverige. Juni 2016-2022

Utanlandske gjester tilbake på campingplassar og hyttegrender

Totalt var det nesten 1,5 millionar overnattingar på campingplassane i juni, ein auke på 32 prosent frå juni 2021. Det var 531 000 utanlandske overnattingar, dette er ein auke på 514 000 får juni 2021 og 93 000 fleire enn i 2019. Det var 162 000 færre norske overnattingar i år enn i fjor.

– Utlendingane er tilbake på campingferie i Noreg, mange campingplassar melder om særskilt stor auke i talet på gjester frå Tyskland og Nederland. Ikkje uventa var det færre nordmenn som reiste på campingferie i juni i år enn i fjor, seier Boyd Oyier.

Totalt var det 417 000 overnattingar ved hyttegrender og vandrarheimar ein auke på 92 prosent frå juni 2021. Utanlandske overnattingar auka med 175 000 i same periode.

Figur 3. Overnattingar etter innkvarteringstype. Endring mot same månad året før

I samsvar med definisjonar frå Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av juni, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 2 000 og 4 000 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i juni månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang. Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.