Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var nesten 36,1 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingarved ​ Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim i Noreg i 2022. I 2021 var det 27,1 millionar overnattingar. 

– Fleire reisevillige nordmenn og ei tredobling i utanlandske overnattingar var årsaka til oppgangen, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i SSB.

Samanlikna med 2019 auka norske overnattingar med 7,5 prosent.

– Auka frå det pandemiprega 2021 var forventa. Fleire norske overnattingar i 2022 enn i 2019 viser at det framleis var ein auka interesse for Noreg som reisemål for nordmenn, seier Kristin Aasestad.

Figur 1. Overnattingar etter bustadsland. 2017-2022

Rekordmange nordmenn på hotell i 2022

Det var 18,4 millionar norske hotellovernattingar i 2022, 27 prosent fleire enn i 2021 og det høgaste talet SSB har målt for eit år. Utanlandske overnattingar på hotella vart tredobla frå 2021 men var framleis lågare enn før pandemien. Etter at koronatiltaka vart fjerna i februar 2022 har talet på norske hotellovernattingar i alle månader vore høgare enn i 2019, og overnattingane har som tidlegare fordelt seg jamnare utover året.

– På grunn av restriksjonane i pandemiåra ferierte mange nordmenn i Noreg om sommaren. Aktiviteten i andre månader var låg. I juli i 2022 såg vi ikkje like høge tal for norske overnattingar som i juli 2020 og 2021, seier Kristin Aasestad.

Figur 2. Norske hotellovernattingar per månad. 2019-2022

Omsetning for overnattingar skal ikkje omfatte omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet. ved norske hotell har vore høg i 2022. Samanlikna med 2019 har losjiomsetninga auka med 17 prosent for heila landet. Samstundes har talet på hotellovernattingar gått ned 4,5 prosent i denne perioden. Når ein ser bort frå Talet på overnattingar varierer i løpet av året og mønsteret gjentar seg kvart år. Sesongjustering nyttast for å fjerne det vi kallar sesongvariasjonar, som for eksempel ferieavvikling, frå månadlege eller kvartalsvise statistiske tidsseriar. Justeringa for sesongmønsteret, gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månad. viser tala at losjiomsetninga sidan april 2022 har vore høgare enn før pandemien. Sesongjusterte tal følgjer den underliggande utviklinga i omsetninga. Se eigen artikkel for meir om kva sesongjusterte tal viser.

Figur 3. Losjiomsetning (1 000 kr) på hotell, sesongjustert. Desember 2017-desember 2022¹

¹ Månader under koronapandemien vart behandla som ekstremverdiar i sesongjusteringsrutinen. Glatta sesongjusterte tal er derfor tatt ut frå figuren for perioden mars 2020 til og med mars 2022.

Utlendingar tilbake på campingplassar og hyttegrender

Totalt var det 8,4 millionar overnattingar på campingplassar i 2022, ein auke på 4,6 prosent frå 2021. Nordmenn sto for 5,8 millionar overnattingar, ned 19 prosent frå 2021. 1,7 millionar fleire utanlandske overnattingar på camping erstatta nedgangen av nordmenn.

Ved Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheim. var det ein auke for både nordmenn og utlendingar. Norske overnattingar auka med 45 000 medan utanlandske overnattingar auka med 1,1 millionar.

Regionale skilnader

Når ein set saman alle innkvarteringstypar var det fleire overnattingar i alle fylka i fjor samanlikna med 2021. Auken i prosent var størst for Oslo og Svalbard. Desse to regionane var hardast råka av pandemien i 2020 og 2021. Overnattingar gjort av nordmenn auka mest i Oslo, med over 1,4 millionar overnattingar. Norske overnattingar fall i Nordland, Møre og Romsdal, Innlandet og Agder. Talet på utanlandske overnattingar auka i alle fylka, og mest i Vestland og Oslo, begge med 1,3  millionar fleire utanlandske overnattingar i 2022 enn i 2021.

Figur 4. Endring i tal for overnattingar etter fylke. 2021-2022

Stor auke for desember

I desember 2022 var det registrert 1,7 millionar overnattingar. Det er 456 000 fleire enn i desember 2021, ei auke på 36 prosent.

– Hotella bidrog mest til oppgangen. I desember 2021 førte utbrotet av omikron til nasjonale tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset. Dette hadde stor påverknad på overnattingsverksemdene i siste del av desember i 2021, seier Kristin Aasestad.

Norske overnattingar på hotell auka med 40 prosent frå desember 2021 til desember 2022. Blant utlendingane var det 133 000 fleire hotellovernattingar, ei auke på 76 prosent frå same månad året før.

Talet på overnattingar på  campingplassar og hyttegrender auka med høvesvis 6,6 og 1,0 prosent samanlikna med desember 2021.

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av desember, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 400 og 2 400 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i desember månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang.  Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.