Samla var det om lag 4,4 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, camping og vandrarheim. i august 2021, ifølgje nye tal frå overnattingsstatistikken. Det er 845 000 fleire overnattingar enn i august i fjor, og ei auke på 24 prosent. Talet på norske overnattingar auka med 21 prosent, medan utanlandske overnattingar auka med 37 prosent.

Samanlikna med åra før pandemien var nivået på norske overnattingar godt og vel tilbake til normalen, men det mangla framleis mange utanlandske overnattingar.

– Sjølv om august er den store feriemånaden i Europa, og utanlandske turistar kunne reise til Noreg, var det likevel over 1 million færre utanlandske overnattingar enn det som er vanleg i august, seier seniorrådgivar Jarle Kvile i SSB.

Figur 1. Overnattingar etter innkvarteingstype. Endring mot same månad året før

Det var spesielt ei auke i hotellovernattingar som bidrog til veksten i det samla talet på overnattingar i august samanlikna med i fjor.

– For fyste gong sidan SSB starta med å registrere overnattingar på hotell i 1950, var det over 2 millionar norske hotellovernattingar i august. Det er ei auke på 27 prosent samanlikna med august i fjor, seier Jarle Kvile.

Det var 321 000 utanlandske hotellovernattingar i august i år, som er ein auke på nesten 50 prosent frå i fjor, men berre ein fjerdedel av kva det var før pandemien.

Auken i talet på norske hotellovernattingar har altså ikkje erstatta bortfallet av utanlandske overnattingar.

– Sjølv om nordmenn har vore meir på hotell enn vanleg i august, veier ikkje dette opp for alle de utanlandske turistane som vanlegvis kommer i denne månaden, seier Jarle Kvile.

Figur 2. Hotellovernattingar etter bustadsland. August 2015-2021

Flest hotellovernattingar i dei store byane

Samanlikna med august i 2020 auka talet på hotellovernattingar i alle fylka. Av dei 67 Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB., var det Oslo som hadde flest hotellovernattingar, følgt av Bergensregion, Trondheim og Stavangerregion. Ein av tre hotellovernattingar var i desse fire regionane.

Samanlikna med august 2019, før koronapandemien, har det vore størst nedgang i hotellovernattingar i Oslo, Bergensregion, Romerike og Asker/Bærum.

Alle reiselivsregionane utanom Haugesund/Haugeland og Fosenregion har hatt nedgang i utanlandske overnattingar samanlikna med august 2019. Samstundes har 50 av reiselivsregionane hatt ein auke i talet på norske hotellovernattingar.

Samanlikna med før pandemien er det størst auke i talet på norske hotellovernattingar i Kristiansandregion, Sognefjord, Helgeland og Hardangerfjord.

Fleire overnattingar på campingplassar og andre utleigeeiningar

Talet på overnattingar på campingplassar og hyttegrender og vandrarheimar var i august 2021 høgare enn i august 2019.

– Som vi har sett for tidlegare månader i sommar, var det også i august ein auke i norske overnattingar på campingplassar og hyttegrender og vandrarheimar. Norske overnattingar har her erstatta bortfallet av utanlandske overnattingar, seier Jarle Kvile.

Det var i august i år 1,6 millionar overnattingar på campingplassar og 408 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar. Samanlikna med august 2020 var det ein auke på høvesvis 14 og 41 prosent.

Det vart formidla 104 000 overnattingar ved norske Statistikken gjeld formidlarar med verksemd i Noreg og deira formidling av private hytter, feriehus, leilegheiter og rom til norske og utanlandske gjester i Noreg.. Dette er ein oppgang på 22 prosent frå august 2020.

Figur 3. Andel av overnattingar etter innkvarteringstype. August 2021

5. november 2020 innførte regjeringa karantenehotell gjeldande frå 9. november for å avgrense importsmitte av korona. Reglane har vorte endra ved fleire høve. I juli plikta ein del av dei som kom til Noreg å gjennomføre karantenetida på karantenehotell. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider.

I samsvar med Eurostat, inngår ikkje karantenehotell i overnattingsstatistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar førebels ikkje å skilje ut alle karanteneovernattingar. Difor er opphald på karantenehotell delvis inkludert i tala for overnattingsstatistikken i august. Hotell som er reine karantenehotell er halde utanfor statistikken.