Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 2,9 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim i mai 2022. Det var 816 000 fleire norske overnattingar enn mai i fjor. Dei utanlandske overnattingane auka med 561 000 i same periode.

– Etter to år med restriksjonar knytt til reising, ser vi no at nivået på overnattingar er tilbake til nivået før pandemien. Samanlikna med mai 2019, var det i år fleire norske overnattingar, og ein kraftig auke i dei utanlandske overnattingane, seier seniorrådgjevar Sindre Torgals i SSB.

Samanlikna med mai i 2019, var det omtrent like mange overnattingar ved hotella, medan det var en auke for overnattingar ved campingplassane og på hyttegrender.

Figur 1. Overnattingar i alt etter bustadland. Mai 2013-2022

Korrigert for sesongvariasjon vart talet for overnattingar samla sett 0,7 prosent lågare i mai 2022 samanlikna med april i år. Både for dei norske og dei utanlandske overnattingane var det ei lita Sesongjusterte overnattingar: Talet på overnattingar varierer i løpet av året og mønsteret gjentar seg kvart år. Sesongjustering nyttast for å fjerne det vi kallar sesongvariasjonar, som for eksempel ferieavvikling, frå månadlege eller kvartalsvise statistiske tidsseriar. Justeringa for sesongmønsteret, gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månad nedgang.

Mai-rekord for nordmenn på hotell

På hotella var det nesten 2 millionar overnattingar i mai i år og nordmenn stod for nesten 1,6 millionar av desse. Samanlikna med mai 2021 er det ein auke på heile 122 prosent for dei norske overnattingane.

– Talet på norske hotellovernattingar er det høgste talet som SSB har målt for mai månad sia oppstarten av statistikken tilbake i 1985, seier Sindre Torgals.

Det var om lag 376 000 utanlandske overnattingar ved hotella i mai, ein auke på 299 000.

– Det er framleis eit stykke til vi er på same nivå for utanlandske overnattingar ved hotella som før pandemien. I mai 2019 var det 181 000 fleire utanlandske gjestedøgn ved norske hotell enn det var i mai i år, seier Sindre Torgals.

I alle fylka auka overnattingar ved hotella kraftig. Ekstra stor auke var det i Oslo der auken var på heile 543 prosent og i Viken som auka med 252 prosent. Hotella i Oslo vart spesielt hardt råka av koronapandemien. Etter at reiserestriksjonane vart fjerna, ser ein at både dei norske og dei utanlandske gjestane igjen besøker hotella i Oslo.

Figur 2. Hotellovernattingar per fylke mai månad. 2021 og 2022

Fleire overnattingar på campingplassar og hyttegrender

Det var 693 000 overnattingar ved norske campingplassar i mai. Dette var ein auke frå mai sist år og det var utlendingar som stod for auken. Det var 139 000 fleire utanlandske overnattingar, medan dei norske vart redusert med 85 000 overnattingar.

Ved hyttegrender var det om lag 282 000 overnattingar, over ei dobling frå mai sist år. Det største bidraget til auken kom frå fleire utanlandske overnattingar, men dei norske overnattingane viste òg auke.

I samsvar med definisjonar frå Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av mai, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var omlag 1000 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i mai månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang. Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.