Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 3,1 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim. i september 2022. Det er 424 000 fleire enn i september i fjor og 268 000 fleire enn i september 2019.

2,3 millionar av overnattingane i september i år var norske.

–Dette er det høgste talet målt for norske overnattingar i september månad, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i SSB.

Samanlikna med 2021 var det hotellovernattingar som bidrog mest til veksten i det samla talet på overnattingar. Dei utanlandske hotellovernattingane vart nesten dobla medan dei norske auka med 10 prosent.

– September er ein månad der det tradisjonelt er mykje kurs og konferanse. Hotellovernattingar med kurs og konferanse som formål hadde ein auke på 45 prosent frå september i fjor, seier Kristin Aasestad.

Figur 1. Hotellovernattingar fordelt etter formål med overnattingane. September 2019-2022

Sterk vekst frå i fjor for hotella

På hotella var det 2,2 millionar overnattingar i september. Dette er ein auke på 21 prosent samanlikna med september i fjor, og på same nivå som i september 2019.

Halvparten av alle hotellovernattingane var i Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB. Oslo, Bergensregion, Romerike, Stavangeregion og Trondheim. Talet i Oslo gjekk opp 57 prosent målt mot same månad året før. Det var også stor auke i Bergensregion og Romerike.

Før pandemien var det vanleg at utlendingar stod for omtrent 1 av 4 hotellovernattingar i september månad. Under pandemien var denne delen på omtrent 10 prosent. I år er delen utanlandske overnattingar nesten tilbake til nivået før pandemien.

Figur 2. Hotellovernattingar etter bustadsland. September 2017-2022

Fleire på campingplassar og hyttegrender

Det var 515 000 overnattingar ved norske campingplassar i september, 11 000 fleire enn september sist år. Utanlandske overnattingar auka med 44 prosent medan norske overnattingar fall nesten 10 prosent. Dei fleste fylka hadde fleire utlendingar på camping samanlikna med i fjor. Ein fjerdedel av dei utanlandske  campingovernattingane var i Vestland fylke.

Ved Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheim.var det om lag 331 000 overnattingar, 11 prosent fleire enn i september i fjor. Også her kom bidraget til auken frå utanlandske overnattingar.

Når man ser på campingplassar og hyttegrender og vandrarheimar samla var det flest utanlandske overnattingar i Vestland fylke. Innlandet og Viken hadde flest norske overnattingar.

Figur 3. Overnattingar på campingplassar, hyttegrender og vandrarheim etter fylke. September 2022

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av september, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 1 500 og 3 000 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i september månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang. Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.