Samla var det om lag 1,2 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim. i januar 2022, ifølgje nye tal frå overnattingsstatistikken. Det er 401 000 fleire overnattingar enn januar i fjor, ei auke på 51 prosent.

Samanlikna med januar i fjor auka norske overnattingar med 36 prosent, utanlandske overnattingar vart meir enn dobla. Det var likevel veldig få utanlandske turistar i Noreg i januar i år og trass auka mangla det framleis to av fem utanlandske overnattingar samanlikna med januar 2020.

– Med gjeninnført 1-metersregelen og skjenkeforbod ble januar nok en utfordrande månad for reiselivsbransjen, særleg for hotella. Trass i det ser vi at aktivitet i storbyane har fortsett å ta seg opp, seier rådgjevar Kristin Aasestad i SSB.

Hotellovernattingar i alt auka med 51 prosent frå januar i fjor. Det var 90 000 fleire utanlandske overnattingar på hotell, ei auke på 97 prosent. Nesten halvparten av alle hotellovernattingane var i Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB.Oslo, Bergensregion, Tromsø, Stavangerregion, Romerike, og Trondheim. Talet i Tromsø var tredobla målt mot same månad året før. I Oslo vart talet dobla. Hotellovernattingar i Stavangerregion var om lag uendra frå i fjor.

Figur 1. Hotellovernattingar for dei reselivsregionane med flest overattingar i januar 2022. Januar 2020 til 2022

Fyrste publisering av sesongjusterte tal

Talet på overnattingar varierer i løpet av året og mønsteret gjentar seg kvart år. Overnattingsstatistikken er no justert for dette sesongmønsteret, noko som gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månad.

Sesongjusterte tal syner ein nedgang på 49 prosent frå desember 2021 til januar 2022. Det er tredje månad på rad med nedgang i sesongjusterte overnattingar. Sesongjusterte tal er tilgjengelege i tabellane 13474 og 13475 i statistikkbanken.

–Når ein justerer for sesongvariasjon ser vi kor sårbar reiselivsbransjen har vore under pandemien. Mønsteret dei siste to åra følgjer utviklinga i pandemien, med tilhøyrande tiltak, seier rådgjevar Kristin Aasestad.

Figur 2. Overnattingar for heile landet, sesongjusterte tal. 2016-2022¹

¹ Mars 2020 og følgjande månader vart behandla som ekstremverdiar i sesongjusteringsrutinen. Glatta sesongjustete tal er derfor tatt ut frå figuren frå mars 2020.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang. Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Overnattingsverksemdene har blitt kraftig påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars 2020 har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa inntrefte ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at glatta sesongjustert ikkje vil bli berekna og i staden vil glatta sesongjusterte tal og sesongjusterte tal følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der glatta sesongjustert tal berre er ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Glatta sesongjusterte tal frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSBs sesongjustering er i tråd med anbefalingar frå Eurostat.

13. desember 2021 innførte regjeringa strengare nasjonale tiltak for å avgrense smitten. Kravet om innreisekarantene vart vidareført samt karantenehotellordninga for dei som ikkje har eigna karantenestad. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider.

I samsvar med Eurostat, inngår ikkje karantenehotell i overnattingsstatistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle karanteneovernattingar. Difor er opphald på karantenehotell delvis inkludert i tala for overnattingsstatistikken i januar. Hotell som er reine karantenehotell er halde utanfor statistikken.