Tilnærma uendra tal for hotellovernattingar

Publisert:

I mars 2018 var det 1,8 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette var omtrent det same talet på hotellovernattingar som same månad i fjor.

Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland

Mars 2017 Mars 2018
I alt 1789475 1793734
Noreg 1409257 1381286
Utlandet 380218 412448

I løpet av mars var det 1,8 millionar overnattingar ved norske hotell. Sett i høve til mars 2017 før, var det omtrent inga endring i talet på overnattingar. Talet på dei norske hotellovernattingane gjekk ned med 2 prosent, frå mars i fjor og enda på 1,38 millionar i mars 2018, syner overnattingsstatistikken. I det same tidsrommet gjekk derimot talet på utanlandske overnattingar opp 9 prosent til omtrent 410 000.

Overnattingar tilknytt kurs, konferanse og yrkessamanheng gjekk noko ned i denne perioden, mens ferie og fritidsovernattingar økte. Desse endringane kan ha samanheng med at påska var i mars i år, medan den fall i april i fjor.

Losjiomsetninga på hotella gjekk ned med 6 prosent, medan gjennomsnittsprisen per rom var 1 prosent høgare i mars i år samanlikna med same månad året før. 

Figur 2. Andel av overnattingar etter bedriftstype

Prosent
Hotell o.l. 79
Camping 10
Hyttegrender 10
Vandrerhjem 1

Påsken ga auke i campingovernattingar

Det var ei auke i overnattingar ved campingplassar i mars 2018 sett i høve til same månad i fjor. Norske overnattingar auka med 79 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk opp med 20 prosent. Dei store endringane her heng blant anna saman med at påska fall på ulike månader i 2017 og 2018, og det var særleg ei auke i sesongkontraktar. Samanliknar vi med tala frå to år tilbake, der påska også fall i mars, ser vi en nedgang på 6 prosent i samla overnattingar på campingplassar.

Fleire overnattingar på hyttegrender

Nordmenns overnattingar ved hyttegrendene auka med 17 prosent frå mars 2017 til mars 2018, medan utanlandske overnattingar auka med om lag 4 prosent i same periode.