Overnattingar nær normalt nivå i juli

Publisert:

Etter fleire månader med kraftige fall i totale overnattingar var det i juli berre ein liten nedgang samanlikna med juli 2019. Agder og Nordland hadde størst auke, medan fallet var størst i Oslo og Vestland. Det var også ein kraftig vriding frå utanlandske til norske overnattingar.

Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 6,4 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i juli i år. Det er 3,1 prosent færre enn i juli i fjor. Talet på norske overnattingar auka med heile 39 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med 79 prosent.

– Etter fire svært krevjande månader for overnattingsverksemdene, med stor nedgang i talet på overnattingar, var juli ein god månad for mange overnattingsverksemder, seier rådgivar Jarle Kvile i SSB.

Utbrotet av koronaviruset og tiltak som vart innført frå mars for å stogge spreiinga nasjonalt og globalt fekk dramatiske konsekvensar for dei kommersielle overnattingsverksemdene. Restriksjonane som gjaldt i juli, var særskilt knytt til innreise for utanlandske turistar, og karanteneplikt for nordmenn ved heimreise frå utlandet. Framleis var fleire verksemder stengd på grunn av reiserestriksjonar og mange var påverka av bortfallet av utanlandske turistar.

Figur 1. Totale overnattingar etter bustadsland, juli 2020

Juli 2010 Juli 2011 Juli 2012 Juli 2013 Juli 2014 Juli 2015 Juli 2016 Juli 2017 Juli 2018 Juli 2019 Juli 2020
Utlandet i alt 1827549 1828424 1753355 1572970 1645886 1803581 2048438 2132043 2177784 2333013 480916
Noreg 3493636 3547528 3523224 3528677 3725417 3839951 4157026 4081999 4111511 4242158 5890153

Nordmenn ferierte i Noreg

Mange nordmenn valde å feriere i Noreg, og for alle innkvarteringstypar auka talet på norske overnattingar i juli samanlikna med juli 2019. Norske overnattingar på hotell auka med 35 prosent, på campingplassar auka dei med 40 prosent, medan norske overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar auka med 65 prosent.

– Justeringa av kriterane for innreiserestriksjonar og innreisekarantene frå 15. juli opna for at utanlandske turistar kunne reise til Noreg. Statistikken syner at det var nesten fire gonger så mange utanlandske overnattingar i juli enn i juni, fortel Kvile.

Flest overnattingar kom frå gjester frå Danmark, Tyskland og Finland. Det var fleire danske og finske overnattingar i juli i år enn i fjor.

Figur 2. Overnattingar, etter innkvarteringstype, juli 2019 og 2020

Utanlandske Norske
juli 2019 251018 223093
juli 2020 74775 368115
Hyttegrend:
juli 2019 827759 1906124
juli 2020 197820 2664668
Camping:
juli 2019 1254236 2112941
juli 2020 208321 2857370
Hotell:

Koronapandemien ramma fortsatt hotella

Til tross for auken i norske overnattingar førte fråværet av utanlandske overnattingar til at det totalt var 9,0 prosent færre overnattingar på norske hotell i juli i år mot same periode i fjor. Utanlandske overnattingar fall med heile 83 prosent.

– Også i juli var mange hotell stengt, og mange var påverka av bortfallet av utanlandske turistar. Dette gjeld særskilt for Oslo og andre store byar og regionar som har retta seg mot utanlandske turistar, seier Kvile.

I juli var nedgangen størst på Svalbard og i Oslo. Her vart talet på hotellovernattingar redusert med høvesvis 51 og 47 prosent. I Agder og Møre og Romsdal auka talet på overnattingar med høvesvis 25 og 19 prosent.

Figur 3. Hotellovernattingar etter fylke, juli 2019 og 2020

Juli 2019 Juli 2020
Viken 460522 331908
Oslo 583063 310175
Innlandet 285323 319609
Vestfold og Telemark 251084 253233
Agder 206412 258237
Rogaland 207054 234738
Vestland 564800 501536
Møre og Romsdal 167838 200293
Trøndelag 243581 285587
Nordland 180994 212582
Troms og Finnmark 198067 148703
Svalbard 18439 9090

Totalt fall alle formål for hotellovernattingar i juli, men det var store regionale skilnader, særskilt for reiser med ferie som formål. Tala syner ein stor nedgang på ferieovernattingar for Oslo og Viken. Trøndelag og Agder hadde størst auke i talet på overnattingar med ferie som formål.

Auken i norske campingovernattingar hald fram

Det var 40 prosent fleire norske overnattingar på campingplassane i juli i år mot juli i fjor.

– Dette er ein trend vi har sett gjennom korona-pandemien. I mars og april såg vi at norske campingovernattingar hadde ein mindre nedgang enn dei andre overnattingsformene. Sia april har talet på norske campingovernattingar auka samanlikna med same månad året før, og juli er tradisjonelt ein populær månad blant utanlandske turistar. I år har norske campingturistar erstatta dei utanlandske i store deler av landet, seier Kvile.

Talet på campingovernattingar har auka mest i Viken og Nordland, medan nedgangen var størst i Vestland fylke. 

Meir usikre tal for juli

Grunna korona-situasjonen med blant anna stengde overnattingsverksemder og permitteringar er datagrunnlaget denne månaden svakare enn normalt. Svarprosenten for juli 2020 er på 91 prosent, mot 97 prosent i juli 2019. Dette gir noko større usikkerhet i tala enn normalt. Det har vore betydeleg arbeid knytt til å finne ut om dei som ikkje har rapportert har vore opne eller stengde, og der vi ikkje har fått svar, har dei blitt behandla som opne og derfor fått berekna verdiar, som fører til økt usikkerheit. Dette er i samsvar med anbefalingar frå både Eurostat og OECD.

For å sikre samanliknbarheit mellom land under denne pandemien, har det vore viktig at alle land einas om ein standard. Dette er slik vi vanlegvis behandlar dei som ikkje rapporterer til oss, men det kan ha ført til at tala vi publiserer er noko høgare enn det som faktisk har vore tilfelle