Nordmenn valde camping i mai

Publisert:

Talet på norske overnattingar på campingplassar har auka med 11 prosent i mai samanlikna med mai i fjor. For hotella, derimot, vart mai nok ein krevjande månad med ein reduksjon i overnattingar på heile 78 prosent.

Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 1 million overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i mai i år. Det er heile 62 prosent færre enn i mai i fjor.

– Etter to svært krevjande månader der overnattingane fall med 55 prosent i mars og 84 prosent i april samanlikna med tilsvarande månader i 2019, kan vi nå sjå at overnattingsgjestane er på veg tilbake, seier rådgivar Jarle Kvile i Statistisk sentralbyrå.

Utbrotet av koronaviruset og tiltak som vart innført frå mars for å stogge spreiinga nasjonalt og globalt fekk dramatiske konsekvensar for dei kommersielle overnattingsverksemdene, særskild for hotella og hyttegrendene.

Talet på hotellovernattingar i mai er meir enn dobla i høve til april månad, men er framleis svært lågt. Samanlikna med mai i fjor gjekk hotellovernattingar ned med heile 78 prosent, eller 1,6 millionar overnattingar. Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar gjekk ned 64 prosent.

Figur 1. Overnattingar, etter innkvarteringstype , mai 2005-2020

Mai 2005 Mai 2006 Mai 2007 Mai 2008 Mai 2009 Mai 2010 Mai2011 Mai 2012 Mai 2013 Mai 2014 Mai 2015 Mai 2016 Mai 2017 Mai 2018 Mai 2019 Mai 2020
Hyttegrend og vandrarheim 62063 79149 95139 102733 111442 109218 113240 126453 162279 194464 193206 190544 194123 177253 163758 59194
Hotell o.l. 1139711 1231986 1306199 1389852 1330763 1329930 1488760 1499502 1520977 1658492 1724600 1628099 1767543 1828403 2001404 448246
Camping 519932 579977 667353 679126 714752 723767 696352 720031 577920 640364 654669 649027 554997 646371 565410 522481

Halvparten overnatta på campingplass

Blant dei som overnatta ved kommersielle overnattingsverksemder i mai overnatta halvparten på campingplassar. Sjølv om vi går heilt tilbake til 1984 har det aldri vore registrert fleire overnattingar på campingplassar enn på hotell. Dette skuldast den store nedgangen av overnattingar på hotell.

Talet på norske overnattingar på campingplassar har auka, medan talet på utanlandske overnattingar gjekk ned fordi Noreg har vore stengt for utanlandske turister.

– Etter å ha vore heime i fleire veker har mange nordmenn nytta fridagar og finveret i mai til å reise på campingtur. Fleire campingplassar melder om stor aktivitet, seier Kvile.

Figur 2. Fordeling av overnattingar etter innkvarteringstype, mai 2019 og 2020

Hyttegrend og vandrarheim Hotell o.l. Camping
Mai 2019 6.0 73.3 20.7
Mai 2020 5.7 43.5 50.7

Koronapandemien rammar fortsatt hotella

Det var fortsatt låg aktivitet og mange stengde overnattingsverksemder i mai. Nokre verksemder var stengt for å hindre spreiing av koronavirus. Andre har vore stengde grunna reiserestriksjonar. Det var ein kraftig reduksjon i hotellovernattingar i alle fylka.

Størst var nedgangen på Svalbard og i Oslo. Her vart talet på hotellovernattingar redusert med høvesvis 99 og 87 prosent. Agder hadde minst reduksjon med 53 prosent færre overnattingar.

For alle fylka, utanom Svalbard, har det vore ein auke i talet på hotellovernattingar frå april til mai. Talet på overnattingar auka mest i Vestland og Viken fylke. Grunna sesongvariasjonar er det vanlegvis ein auke i talet på overnattingar frå april til mai. Årets auke skuldast og at det igjen vart mogleg å reise.

Figur 3. Hotellovernattingar etter fylke, mai 2019, april og mai 2020

Mai 2019 April 2020 Mai 2020
Viken 319677 29734 55557
Oslo 471232 35675 59110
Innlandet 99026 11078 26678
Vestfold og Telemark 84803 10091 28902
Agder 69293 7739 32513
Rogaland 163505 32050 51982
Vestland 351263 35616 70545
Møre og Romsdal 84269 14522 29359
Trøndelag 149799 15558 37148
Nordland 88767 11657 27659
Troms og Finnmark 103894 12128 28628
Svalbard 15876 352 165

Meir usikre tal for mai 2020

Grunna korona-situasjonen med blant anna stengde overnattingsverksemder og permitteringar er datagrunnlaget denne månaden svakare enn normalt. Svarprosenten for mai 2020 låg på 92 prosent, mot 98 prosent i mai 2019. Dette gir noko større usikkerhet i tala enn normalt. Det har vore betydeleg arbeid knytt til å finne ut om dei som ikkje har rapportert har vore opne eller stengde, og der vi ikkje har fått svar, har dei blitt behandla som opne og derfor fått berekna verdiar, som fører til økt usikkerheit. Dette er i samsvar med anbefalingar frå både Eurostat og OECD.

For å sikre samanliknbarheit mellom land under denne pandemien, har det vore viktig at alle land einas om ein standard. Dette er slik vi vanlegvis behandlar dei som ikkje rapporterer til oss, men det kan ha ført til at tala vi publiserer er noko høgare enn det som faktisk har vore tilfelle.