På grunn av vedlikehold kan innholdet på ssb.no være ustabilt mellom kl 16 og 18 i dag. Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

Fleire overnatta på hotell i august

Publisert:

Talet på hotellovernattingar auka med 1,6 prosent i august samanlikna med august i fjor. Oppgangen galdt både nordmenn og utlendingar.

Overnattingsstatistikken viser ein liten nedgang i totale overnattingar blant dei komersielle overnattingsaktørane på 0,4 prosent i august 2018, samanlikna med den same månaden i fjor. Norske overnattingar syner ein nedgang på 1,5 prosent, medan utanlandske overnattingar auka med 1,3 prosent.

Det var ein auke i hotellovernattingar frå både nordmenn og utlendingar, på høvesvis 2,1 og 0,7 prosent samanlikna med august 2017. Den samla auken var på 45 000 overnattingar. Losjiomsetninga for hotella gjekk opp med 6,6 prosent, medan losjiomsetning per tilgjengelige rom  steig 5,5 prosent.

Samstundes gjekk overnattingar på campingplassar ned med 3,1 prosent og hyttegrender ned 5,5 prosent i den same perioden.

Figur 1. Hotellovernattingar, etter gjestane sitt bustadland

August 2017 August 2018
I alt 2871426 2916220
Noreg 1776099 1813341
Utlandet 1095327 1102879

Delen bubilar aukar

Det var færre norske overnattingar som var årsaka til den samla nedgangen i campingovernattignar. Utanlandske overnattingar gjekk derimot noko opp. I august var det om lag 337 000 registrerte overnattingar i bubilar og om lag det same i telt/campingvogner. For bubilar var dette 23 prosent fleire overnattingar enn august 2017, medan det for telt/campingvogner var 22 prosent lågare.

Figur 2. Campingovernattingar

August 2017 August 2018
Telt/vogn 429582 336682
Bubil 273499 336781
Hytte 357627 353020
Sesongkontrakt 382845 372786

Fortsatt vekst på Svalbard

På Svalbard var det 10 prosent fleire overnattingar i august 2018 enn i august 2017. Her var det ein oppgang for både utanlandske og norske overnattingsgjestar.