Bråstopp for overnattingsbransjen i april

Publisert:

Talet på overnattingar i april er det lågaste som er målt for nokon månad sidan SSB starta med overnattingsstatistikk i 1985. Samanlikna mot april 2019 var meir enn 8 av 10 overnattingar borte.

Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var gjort om lag 330 000 overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemdene   i april i år. Det er heile 84 prosent færre enn i april i fjor.

- Dette fallet kommer etter ein svært krevjande mars månad, da overnattingane falt med 55 prosent samanlikna med mars 2019, seier rådgivar Jarle Kvile i SSB.

Utbrotet av koronaviruset og tiltak som vart innført for å stogge spreiinga nasjonalt og globalt fekk dramatiske konsekvensar for dei kommersielle overnattingsverksemdene. Talet på hotellovernattingar i april vart redusert med nesten 1,4 millionar – ein reduksjon på 87 prosent, samanlikna med april året før. Overnattingar på campingplassar gjekk ned 73 prosent, medan overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar gjekk ned 81 prosent.

Figur 1. Overnattingar, etter innkvarteringstype, april 2005-2020

April 2005 April 2006 April 2007 April 2008 April 2009 April 2010 April 2011 April 2012 April 2013 April 2014 April 2015 April 2016 April 2017 April 2018 April 2019 April 2020
Hotell o.l. 1176809 1177693 1196441 1314619 1141367 1231740 1258892 1255167 1465610 1295805 1422999 1566164 1481209 1620783 1607686 216200
Campingplassar 219890 318270 345469 271790 372650 350238 367069 341668 289696 320641 290574 218031 263155 218640 298305 79209
Hyttegrender og vandrarheimar 90020 136796 134210 105593 144009 141145 114512 125098 175093 197956 210456 201653 207106 169867 188741 35668

Mange stengde hotell

April var ein månad prega av mange stengde overnattingsverksemder. Fleire verksemder fekk pålegg av kommunelegen om å halde stengt for å hindre spreiing av koronavirus. Andre har vore stengde grunna reiserestriksjonar. Samanlikna med april 2019 var talet på opne overnattingsverksemder om lag 20 prosent lågare i april i år.

- Nedstenginga har vore særskilt stor i Oslo der to av tre hotell var stengd og i Innlandet der halvparten av hotella var stengd, fortel Kvile.

Det var ein kraftig reduksjon i hotellovernattingar i alle fylka. Størst var nedgangen på Svalbard og i Innlandet. Her vart talet på hotellovernattingar redusert med høvesvis 98 og 92 prosent. Rogaland hadde minst reduksjon med 71 prosent færre overnattingar.

Figur 2. Hotellovernattingar etter fylke, april 2019 og 2020

April 2019 April 2020
Viken 261397 29734
Oslo 347094 35675
Innlandet 141962 11078
Vestfold og Telemark 107981 10091
Agder 58687 7739
Rogaland 110339 32050
Vestland 220804 35616
Møre og Romsdal 61770 14522
Trøndelag 128786 15558
Nordland 60084 11657
Troms og Finnmark 89092 12128
Svalbard 19690 352

Større del som overnatta på campingplassar

Bant dei som overnatta på kommersielle overnattingsverksemder i april var delen som overnatta på campingplassar høgare enn i april i fjor. Dette skuldast at nedgangen av overnattingar på campingplassar var noko lågare enn for dei andre innkvarteringstypane.

- Fleire campingplassar opna i slutten av april, og vi tenker at det ikkje er uventa at fleire av dei som valde å overnatte, valde camping, der man har eigen vogn eller bil. Det blir interessant å følje denne utviklinga framover dei neste månadane for å sjå om trenden fortsett, seier Jarle Kvile.

Figur 3. Fordeling av overnattingar etter innkvarteringstype, april 2019 og april 2020

Hotell o.l. Camping Hyttegrender og Vandrarheimar
April 2019 76.7 14.2 9.0
April 2020 65.3 23.9 10.8

Meir usikre tal for april

Grunna korona-situasjonen med blant anna stengde overnattingsverksemder og permitteringar er datagrunnlaget denne månaden svakare enn normalt. Svarprosenten for april 2020 låg på 89 prosent, mot 98 prosent i april 2019. Dette gir noko større usikkerhet i tala enn normalt. Det har vore betydeleg arbeid knytt til å finne ut om dei som ikkje har rapportert har vore opne eller stengde, og der vi ikkje har fått svar, har dei blitt behandla som opne og derfor fått berekna verdiar, som fører til økt usikkerheit. Dette er i samsvar med anbefalingar frå både Eurostat og OECD.

For å sikre samanliknbarheit mellom land under denne pandemien, har det vore viktig at alle land einas om ein standard. Dette er slik vi vanlegvis behandlar dei som ikkje rapporterer til oss, men det kan ha ført til at tala vi publiserer er noko høgare enn det som faktisk har vore tilfelle.