Bilen som symbol

Bilen viser kven du er

Publisert:

Bilen ein person vel å kjøpe, eller ikkje kjøpe, kan reflektere det biletet vedkommande ønskjer at omverda skal ha av han eller ho som person. Vi vil hevde at bilen er eit viktig symbol for å vise kven du er. I dette ligg også at ein signaliserer noko med å velje ikkje å ha bil!

Av Benedicte Lie og Gunnlaug Daugstad

Mads Ivar Kirkeberg skriv i sin artikkel at val av bilmerke i stor grad er samanfallande med inntektsnivå. Ein bil er ikkje gratis, og kjøparen må har ei økonomisk berekraft til å betale for bilen. Det er likevel langt fleire ting ein person tenkjer på når ho eller han skal kjøpe bil. Bilen har sjølvsagt ein bruksverdi der forhold som tryggleik og storleik spelar ei vesentleg rolle. Vidare er det også eit spørsmål om å ha behov for bil. Mange ser på bilen utelukkande som eit transportmiddel som tek ein frå den eine staden til den andre, medan andre kan sjå på bilen som ein hobby, og kan leggje ned mykje pengar og tid i denne.

Vi vil her argumentere for at det også er andre faktorar som spelar inn - faktorar som kan vere vanskelege å vere heilt konkrete og bevisste på, og vanskeleg å vedgå. Er du oppteken av image når du skal velje bil? Image er vanlegvis ikkje blant dei fem viktigaste faktorane ved bilkjøp, men vi vil hevde at det er langt viktigare enn nokon vil vedgå! Tør du å vedgå det?

Symbol og livsstil

Per Persson vurderer å kjøpe seg ny bil. Han skal bytte inn den gamle og han er interessert i å investere ein del pengar i å kjøpe seg ein ny ein. Men kva type bil skal han kjøpe og kvar skal han leggje lista? Per ønskjer ein driftssikker og praktisk bil. Det er mange ting å tenkje på; storleik, komfort, motorstorleik, talet på dører, bensinforbruk, køyrelengd, ABS-bremser, servostyring, elektriske vindauge, sentrallås, kollisjonsputer, startsperre, tractioncontrol, EPS osv. Det finst nok av gode råd og tilbod i butikkane, i blad, aviser og på Internett. Men han må innrømme at han har lyst på ein litt spenstig ein. Han tenkjer litt på den bilen ein kollega nyleg har kjøpt, ein Audi TT. Kollegaen har fått mange kommentarar på den.

Nordmenn er i europatoppen når det gjeld talet på kabrioletar per innbyggjar (Dagbladet 15.04.1998). I dag er det vekta på bilen og storleiken på motoren som avgjer kor høg avgifta skal vere. Vi trur ikkje det er omlegging av avgiftsreglane aleine, som har ført til ein auke i talet på kabrioletar i Noreg. I staden trur vi at det kan vere at kjøparane ønskjer å kommunisere noko om seg og livsstilen sin med bilen.

Assosiasjonane til dei ulike bilmerka og bilmodellane er mange; nokre bilar er "damebilar", "familiebilar" eller "studentbilar", nokre bilar er "harry", andre er "show off" osv. Folk tillegg bilen som symbol ulikt innhald og ulik vekt, og meiningsinnhaldet i symbola treng heller ikkje vere stabilt over tid. Personar innafor ulike miljø har ulike forestillingar og preferansar. Bilmerke som Porsche, Jaguar, BMW og Mercedes, uavhengig modell, gir alle assosiasjonar til ei sterk kjøpargruppe, kanskje også med ein bestemt livsstil. Det finst mange døme på at bilprodusentane spelar på livsstil og ulike verdiar gjennom bilreklamen, for å appellere til ulike kategoriar kjøparar. Mercedes har til dømes lenge vore oppfatta som ein "overklassebil", eit image som produsenten gjennom reklame søkjer å kvitte seg med for å nå ein breiare kategori kjøparar. Mitsubishi på si side reklamerer med gunstige garantiordningar som får både småbarnsfamiliane og dei einslege kjøparane til å miste kontrollen i iveren sin over det gode tilbodet, men bilmerket blir kanskje ikkje assosiert med ei spesielt sterk kjøpargruppe- den nye A4-bilen?

Det er heller ikkje tvil om at dei ulike bilmodellane kan gi ulike assosiasjonar. Volvo som bilmerke blir generelt assosiert med familie, tryggleik og stabilitet (eller for den del hedmarkingar, jamfør Kirkeberg), medan Volvo Amazon gir assosiasjonar til heilt andre kategoriar bilførarar. Opel kan til dømes også generelt bli oppfatta som ein trygg og fornuftig bil, medan Opel Manta med spoilerar og anna tilleggsutstyr kan gi assosiasjonar til å vere "harry" eller "rånete".

I vår vestlege og såkalla "materialistiske" verd, vil ting vi omgir oss med seie ein heil del om oss og livsstilen vår. Den amerikanske samfunnsforskaren Erving Goffman (1992) skriv at når ein person kjem saman med andre personar, vil dei som regel prøve å skaffe seg opplysningar om han eller henne og ta i bruk opplysningar dei allereie sit inne med. Dei vil vere opptekne av sosioøkonomisk status generelt sett, korleis dei ser på seg sjølve, og kva slags haldningar andre har til dei (ibid:11). Slike opplysningar om personar vil vere med på å klargjere situasjonen og forventningar. Ein person framstår i møte med andre med eit meir eller mindre medvite uttrykk, og personar han eller ho møter dannar seg sine inntrykk. Tinga blir i den forstand meiningsberande objekt som er gjenstand for fortolking anten dei er meint som teikn eller ikkje.

Ein kan hevde at det ligg i mennesket sin sosiale natur å orientere seg om kva slags effekt ein har på omverda. Objekta ein omgir seg med, og i dette tilfellet bilen, blir kommuniserande objekt. Ein ting er det inntrykket ein ønskjer å gi, ein annan ting er kva inntrykk ein faktisk gir. Det er altså to typar kommunikasjon. Det er naturleg å prøve å danne seg eit bilete av kva inntrykk ein gir, når ein skal vurdera kva ein vil symbolisere, og prøve å minimalisere avstanden mellom desse to tolkingane. Dette kan ein kalle "kunsten å kontrollere inntrykk" (ibid:173). Eigaren ønskjer å gi eit inntrykk i sitt val av bil, men det er ikkje sikkert han blir oppfatta slik han ønskjer!

I vår moderne verd der menneske fartar inn og ut av liva våre i mange flyktige møte, får slike symbol større meining. I flyktige møte og overflatiske relasjonar vil slike teikn bli tillagde stor meining. Mange vil hevde at dette er eit trekk ved samfunnet vårt, vi blir meir overflatiske og relasjonane blir grunnare. Vi blir meir opptekne av dei materielle tinga vi omgir oss med enn innhaldet i relasjonane og mjukare verdiar. I dei tettare og meir vedvarande relasjonane får mottakarane stadig fleire referansepunkt og fleire teikn å tolke. Her vil biletet bli meir nyansert og det enkelte teikn kan få stadig mindre å seie for danninga av eit einsarta bilete. Dei vil likevel ikkje vere heilt utan meining i det totale biletet.

Kva kommuniserer ein med val av bil?

Per er som andre oppteke av kva han får for pengane og kor mykje han skal spandere. Han har ein økonomisk ramme å halde seg til, men innafor denne ramma har han eit val. Per har alltid vore svak for flotte bilar. Samtidig ønskjer han å velje ein bil som står i eit visst forhold til levestandarden hans elles. Per tenker på korleis naboar, venner og familie vil oppfatte valet hans. Han vil gjerne imponere, men ønskjer ikkje å overdrive slik at han blir oppfatta som "stormannsgalen" eller "bilgalen". Det er jo ikkje det at han ikkje har andre ting å bruke pengar på! Per vil ikkje skilje seg for mykje ut med bilen sin, men han har heller ikkje lyst til å vere ein i "den grå massen" og kjøpe ein bil som "alle har".

Val av bilmerke kan i stor grad vere samanfallande med inntektsnivå (jamfør Kirkeberg). Det kan tyde på at bilmerket langt på veg reflekterer sosioøkonomisk status, og dermed blir også bilen ofte sett på som eit statussymbol. Statistikken understrekar og held oppe stereotypiane, og samstundes er statistikken med på å understreke kva rolle bilen kan ha som symbol, indikator og statussymbol. Kanskje kan ein seie at ein "luksusbil" versus ein "vanleg" bil er retoriske og sosialt differensierande i den forstand at det seier noko om kva slags sosioøkonomisk status eigaren har. Den indiske antropologen Arjun Appadurai (1988) skriv mellom anna at luksusvarer er teikn som refererer til eit heilt mønster av konsum heller enn å seie at det er ein særskilt "klasse" av ting (ibid:38). Det vil seie at ein "luksusbil" viser til at eigaren har eit anna forbruksmønster, og dermed også økonomisk handlefridom, enn ein person med ein "vanleg" bil. I vår materielle verd representerer val av ting og symbol ofte val av livsstil.

Sjølv om det i stor grad er samanfall mellom inntektsnivå og bilval, har mange ein økonomisk handlefridom slik at dei kan gjere nokre val og prioriteringar ved kjøp av bil. I 1999 hadde eit gjennomsnittleg norsk hushald transportutgifter på 53 000 kr. Forbruksundersøkinga syner at eit hushald i snitt nytta 19 prosent av forbruket sitt til kjøp, vedlikehald og drift av bil i 1999. året før var gjennomsnittsforbruket oppe i 20,8 prosent. Dette er gjennomsnittstal. Mange nyttar sjølvsagt vesentleg mindre eller ingenting, og andre bruker langt meir enn gjennomsnittet. Ikkje alle kjøper bil i samsvar med inntekt og økonomisk berekraft. Kvart år er det nordmenn som ikkje klarer å overhalde billånet og andre lån. Det er mange brikker som skal på plass i den personlege økonomien, og det treng sjølvsagt ikkje vere bilkjøpet aleine som får økonomien til å velte.

Slik kan ein kanskje hevde at val av bil ikkje nødvendigvis er heilt samanfallande med reell sosioøkonomisk status, men med kva sosioøkonomisk status ein ønskjer å symbolisere. Valfridommen gjer at ein kan søkje å styre og kontrollere inntrykka ein vil gi. Nokon som gjerne vil framstå som velståande, tek kanskje utgangspunkt i stereotypiske oppfatningar når dei kjøper ein flott bil som tydeleg vitnar om ein viss materiell status. Dei vel ein bil dei trur velståande vil velje, kanskje ein Mercedes eller BMW. Ein annan kan vere mindre oppteken av å vise fram velstanden sin, og vil gjerne kjøpe ein meir nøytral bil som ikkje demonstrerer rikdomen på tilsvarande måte. I hovudstaden kan ein observera ungdommar med tjukke gullkjede om halsen, som kjekkar seg med å køyre rundt i BMW-ar. Ungdommane i BMW-en ønskjer kanskje å symbolisere at dei er "vellukka" og velståande, medan dei som ser dei kan tenkje at dei er "spradebassar" og kanskje til og med at dei er kriminelle. Slike enkle døme illustrerer korleis val av bil kan vere meir eller mindre effektive teikn i forhold til kva livsstil og økonomisk nivå ein ønskjer å syne for omverda. Ein kan også kommunisere forhold med bilen som ikkje er medvitne. For sjølv om ein ikkje ønskjer å kommunisere ein livsstil, er bilen eit objekt som er gjenstand for tolking og for meiningsdanning. Eit tilfeldig val av bil på grunnlag av kva tilbod ein hadde på det tidspunktet, kan signalisere noko om eigaren som eigaren ikkje nødvendigvis kan identifisere seg med.

Bilar og sosial differensiering

Statistikken kan tolkast dit at ved ei viss inntekt er det "naturleg" og gjerne forventa at du prioriterer å kjøpe ein bil av ein viss standard og pris. Vi har her hevda at val av bilmodell og biltype ikkje berre står i forhold til kva inntekt ein person har, men at det står i forhold til kva inntrykk ein person ønskjer å gi, og kva livsstil han eller ho vil bli identifisert med. Bilen er altså ikkje nødvendigvis eit teikn på god eller dårleg økonomi, men han kan vere ein indikator. Vi vil hevde at dei fleste relaterer seg til bilen som symbol, anten dei tillegg det stor eller lita vekt ved val av bil. I tillegg er det langt fleire forhold som er med i biletet når ein vel bil, og ikkje alle val er motiverte av kva ein ønskjer å symbolisere. Forhold som lokal tilgang til biltype, driftsstabilitet, funksjonalitet, lokale forhold, livssituasjon (påverka av t.d. alder, familieforhold, kjønn etc.) og tilfeldige omstende vil også påverke valet til ein person. Likevel vil vi hevde at bilen er eit viktig symbol som kan vise kven du er. I dette ligg også at ein signaliserer noko med å velje ikkje å ha bil!

Meir informasjon: Benedicte Lie , tlf. 62 88 52 88/976 99736 og Gunnlaug Daugstad , tlf. 62 88 52 57/995 20487 Kjelder:
  • Appadurai, Arjun (1988) "Introduction: commodities and the politics of value", i: The social life of things, Cambridge: Cambridge University Press.
  • Goffman, Erving (1992) Vårt rollespill til daglig, Oslo: Pax forlag, Kirkeberg, Mads Ivar (1999) " Inntekt og bil: På kjøretøyet skal storfolk kjennes" i Samfunnsspeilet 6/1999.
  • Statistisk sentralbyrå 1999, Forbruksundersøkelsen 1999, http://www.ssb.no/emner/05/02/fbu/art-2000-12-18-01.html
  • "Alle drømmer om kabriolet", Dagbladet 15.04.1998

Kontakt