13461_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/bave_statres/aar
13461
5,4 milliardar til det statlege barnevernet
statistikk
2010-09-14T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
bave_statres, Statleg barnevern - StatRes (opphørt), statleg barnevern, barnevernsinstitusjonar, fosterheimar, driftsutgifter, barnevernstiltak, oppholdsdagar, barne-, ungdoms- og familieetaten, Bufetat, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, førskolelærarar)Barne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Statleg barnevern - StatRes (opphørt)2009

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

5,4 milliardar til det statlege barnevernet

Utgiftene til det statlege barnevernet auka med 400 millionar, eller 8 prosent, frå 2008 til 2009. Dei siste fem åra har utgiftene auka med 1,9 milliardar, eller 55 prosent.

Utgifter til fosterheimar auka med 161 millionar kroner i det statlege barnevernet det siste året. Dei siste fem åra er utgiftene tredobla frå 434 millionar i 2004 til 1 293 millionar kroner i 2009. Det var også ein auke på 6 prosent i utgiftene til barnevernsinstitusjonar, til i alt 3 359 millionar kroner. Dei siste fem åra har utgiftene til institusjonar auka med 33 prosent.

Frå og med 1. juli 2008 har Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) overtatt ansvaret for asylsøkjarar under 15 år frå Utlendingsdirektoratet (UDI). I 2009 var utgiftene til denne gruppa barn i alt 459 millionar kroner.

1 000 fleire barn i fosterheimar dei siste fem åra

Aktivitetstala viser den same tendensen som ressursindikatorane. Også her er det størst vekst i bruken av fosterheimar. Talet på barn i fosterheimar i statleg regi auka til dømes med 14 prosent det siste året, til i alt 2 881 barn ved utgangen av 2009. Dei siste fem åra har talet på barn i fosterheimar auka med drygt 1 000 barn, eller 54 prosent. Ettersom kostnadene har auka meir enn talet på barn, betyr det at kostnadene per barn har auka.

Stor del kjøp av tenester frå private

Det statlege barnevernet brukte i alt 1 800 millionar kroner på kjøp av tenester frå private, noko som utgjer 33 prosent av dei samla utgiftene. Av dette gjekk 86 prosent til kjøp av tenester frå private barnevernsinstitusjonar. Barnevernstenesta er dermed eit av dei statlege områda som har eit relativt høgt innslag av kjøp av tenester frå private. For meir informasjon om barnevernsinstitusjonar, sjå SSBs statistikk om barnevernsinstitusjonar .

Nye rekneskapsomgrep

StatRes-prosjektet har laga nye felles rekneskapsomgrep som skal vere felles for alle rekneskapstal i prosjektet. Difor har vi endra namn på rekneskapsomgrepa i StatRes barnevern slik at dei samsvarer med dei felles omgrepa i StatRes. Sjå meir om rekneskapsomgrepa i Om statistikken.

Kommunalt, statleg og privat barnevern

Kommunane tek imot meldingar om barn med behov for tiltak og set i verk eigne tiltak (hjelpetiltak og omsorgstiltak). Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) forvaltar det statlege barnevernet, driv blant anna barnevernsinstitusjonar og kjøper plassar i dei private institusjonane. Fagteam er bindeleddet mellom Bufetat og kommunane. SSBs barnevernsstatistikk består av ein kommunedel , ein statleg del (StatRes Barnevern) og ein institusjonsdel .

Det statlege barnevernet

Det statlege barnevernet omfattar fosterheimar, barnevernsinstitusjonar, hjelpetiltak i heimen og fellestenester. I fellestenestene inngår blant anna utgifter til fagteam, regionale fellestenester og saksbehandling ved adopsjon.

Frå 2008 overtok Bufetat ansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år frå UDI. Utgifta til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar er ikkje inkludert under utgifter til statlege barnevernstiltak, men du finn utgifta i Statistikkbanken under tiltaket omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar. For 2009 utgjorde utgifter under dette tiltaket 459 millionar kroner.