13453_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/bave_statres/aar
13453
Framleis sterk vekst i utgifter til fosterheimar
statistikk
2009-09-16T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
bave_statres, Statleg barnevern - StatRes (opphørt), statleg barnevern, barnevernsinstitusjonar, fosterheimar, driftsutgifter, barnevernstiltak, oppholdsdagar, barne-, ungdoms- og familieetaten, Bufetat, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, førskolelærarar)Barne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Statleg barnevern - StatRes (opphørt)2008

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis sterk vekst i utgifter til fosterheimar

Utgiftene til fosterheimar auka med 21 prosent frå 2007 til 2008. Dette er i tråd med utviklinga dei seinaste åra. Frå 2004 til 2008 auka desse utgiftene frå 433 til 1 129 millionar kroner.

Utgifter til fosterheimar omfattar fosterheimar i statleg regi, tilskot til forsterking av kommunale fosterheimar og kjøp av fosterheimstenester frå private. Det er i hovudsak fosterheimar i statleg regi som har auka mest sidan 2007, det siste året har desse utgiftene vakse med 165 millionar kroner. Av dette utgjer godtgjering og utgiftsdekning til fosterheimar 85 millionar kroner.

Nær 5 milliardar til det statlege barnevernet

Dei totale utgiftene til det statlege barnevernet utgjorde 4 934 millionar kroner i 2008. Dette tilsvarer ein vekst på drygt 8 prosent frå året før. Fordelinga av utgifter etter type barnevernsteneste viser at utgiftsveksten framfor alt kjem av ein auke i talet på fosterheimar. Dei to andre barnevernstenestene, barnevernsinstitusjonar og hjelpetiltak i heimen, auka meir moderat, med høvesvis 5 og 6 prosent det siste året. Utgifter til barnevernsinstitusjonar stod for 64 prosent av dei totale utgiftene til det statlege barnevernet.

Aktivitetstala viser same tendens som indikatorane for bruk av ressursar. Også her er det størst vekst i fosterheimar. Talet på opphaldsdagar i fosterheimar auka til dømes med 8 prosent det siste året. Dei siste fire åra har talet på opphaldsdagar i fosterheimar vakse med 83 prosent. Sidan kostnadene har auka meir enn talet på opphaldsdagar, betyr det at einingskostnadene har auka.

Stor del kjøp av tenester frå private

Det statlege barnevernet brukte i alt 1 630 millionar kroner på kjøp av tenester frå private i 2008, noko som utgjorde 33 prosent av dei samla utgiftene til barnevern. Av dette stod kjøp av tenester frå private barnevernsinstitusjonar for 86 prosent. Barnevernstenesta er dermed eit av dei statlege områda som har eit relativt høgt innslag av kjøp av tenester frå private tilbydarar. For meir informasjon om barnevernsinstitusjonar, sjå SSBs statistikk om barnevernsinstitusjonar .

Nye tal for rekneskap og personell

Årets StatRes publisering omfattar ei meir detaljrik publisering for det statlege barnevernet, både i forhold til ressursindikatorar og einingskostnader. Dei nye indikatorane for einingskostnader viser mellom anna variasjonar i kostnader når staten produserer tenesta sjølv i motsetning til når staten kjøper tenesta frå private tilbydarar.

I tillegg blir det publisert nye tal for personell basert på SSB sin registerbaserte personellstatistikk. Den nye årsverksstatistikken viser mellom anna avtalte årsverk eksklusive lange fråvær i det statlege barnevernet fordelt etter kjønn, utdanning og alder. Tala viser at det i alt var 4 150 avtalte årsverk i det statlege barnevernet. For meir detaljert informasjon, sjå tala i statistikkbanken.

Kommunalt, statleg og privat barnevern

Kommunane tek imot meldingar om barn med behov for tiltak og set i verk eigne tiltak (hjelpetiltak og omsorgstiltak). Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) forvaltar det statlege barnevernet, driv blant anna barnevernsinstitusjonar og kjøper plassar i dei private institusjonane. Fagteam er bindeleddet mellom Bufetat og kommunane. SSB sin barnevernsstatistikk består av ein kommunedel , ein statleg del (StatRes Barnevern) og ein institusjonsdel .