13459
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/bave_statres/aar
13459
Klar auke i utgifter til fosterheimar
statistikk
2007-10-25T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
bave_statres, Statleg barnevern - StatRes (opphørt), statleg barnevern, barnevernsinstitusjonar, fosterheimar, driftsutgifter, barnevernstiltak, oppholdsdagar, barne-, ungdoms- og familieetaten, Bufetat, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, førskolelærarar)Barne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Statleg barnevern - StatRes (opphørt)2006

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Klar auke i utgifter til fosterheimar

Utgiftene til fosterheimar i statleg regi har auka med 34 prosent det siste året1. Frå 2004 til 2006 auka utgiftene med heile 87 prosent til 812 millionar kroner.

Det blei i alt brukt dryge 4,3 milliardar kroner i det statlege barnevernet i 2006, ein auke på vel 9 prosent frå året før. Frå 2004 til 2006 auka utgiftene med nær 900 millionar kroner eller 25 prosent. Veksten har primært skjedd innanfor statlege fosterheimar og heimebaserte tenester. Innanfor barnevernsinstitusjonar har det vore ein meir moderat vekst på 4 prosent frå året før, og 16 prosent frå 2004. I 2006 var utgiftene til barnevernsinstitusjonar på i alt 2,9 milliardar kroner.

Utgifter til fosterheimar. 2004-2006. 1 000 kroner

Nytt utgiftsomgrep for statleg barnevern

Merk at det i samband med StatRes er innført eit nytt utgiftsomgrep, ”driftsutgifter”, for det statlege barnevernet. Det nye omgrepet medfører at dei totale utgiftene blir om lag 72 millionar kroner lågare på nasjonalt nivå. Endringa består i hovudsak av mindre endringar i føringar av refusjonar. Dette er gjort for å lettare å kunne samanlikne med andre område i StatRes og få eit betre samsvar med SSB sin makrostatistikk for offentleg forvaltning.

Fleire barn i det statlege barnevernet

Indikatorane for aktivitetar og tenester syner at den sterke utgiftsveksten i all hovudsak har samanheng med vekst i talet på barn, spesielt innanfor fosterheimar. I 2006 var det i alt 4 900 barn i det statlege barnevernet som fordelte seg på 11 000 opphald og over ein million behandlingsdagar. Dette utgjorde ein auke i talet på barn på 7 prosent frå året før og 12 prosent frå 2004.

Aktivitetsindikatorane syner også at det har vært sterkast auke innan fosterheimar. Frå 2004 til 2006 auka talet på barn i fosterheimar med 18 prosent, mens talet på opphald og behandlingsdagar auka med heile 27 og 54 prosent.

Vel 5 400 kroner per dag

Barnevernsinstitusjonar er den klart mest kostnadskrevjande tenesta i det statlege barnevernet med ein utgiftsdel på to tredelar av dei totale utgiftene. Dei høge utgiftene i institusjonane ser vi også av at prisen per brukar i regionane var på drygt 5 400 kroner per dag i 2006, noko som er ein auke på 3 prosent frå året før og 23 prosent frå 2004. Tal fordelte på regionane syner at Region øst og Region sør har om lag 1 000 kroner lågare døgnutgiftar enn dei andre regionane. Oslo kommune har dei klart lågaste døgnutgiftene med 4 150 kroner, mens Region vest ligg høgast med ein døgnpris på 6 150 kr.

Statleg barnevernsteneste og statens overtaking av det fylkeskommunale barnevernet

Staten har ansvaret for dei tyngste og mest ressurskrevjande tiltaka i barnevernet som barnevernsinstitusjonar, fosterheimar i statleg regi og heimebaserte tiltak.

Delar av barnevernet var inntil rapporteringsåret 2003 underlagt fylkeskommunane og blei rapporterte og publiserte i KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering). Statistikk som blei publisert i KOSTRA, er framleis å finne på http://www.ssb.no/kostra/ .

Frå 1. januar 2004 overtok det nyoppretta Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet (Bufdir) ansvaret for det statlege regionale barnevernet. Bufdir har etablert fem regionar som har fått delegert ansvaret for kvar sin region. I tillegg har Oslo kommune ansvaret for det statlege regionale barnevernet på permanent basis, og Trondheim kommune har ansvaret for heile barnevernet i kommunen for ein periode på fire år frå 2004.

1I statlege fosterheimar inngår fosterheimar med forsterkning, familieheimar, beredskapsheimar, ungdomsfamiliar og § 4-27-plasseringar.