Av desse meldingane vart 11 300 lagde bort etter at dei var gjennomgått av barnevernstenesta. Over 99 prosent av alle meldingar i 2020 vart gjennomgått innan fristen på 7 dagar. Dei meldingane som ikkje vart lagde bort, som var 80 prosent av alle meldingane, vart det iverksett undersøking på grunnlag av.

Figur 1. Talet på meldingar til barnevernet og talet på barn med melding. 2016-2020

I løpet av 2020 gjennomgjekk barnevernet fleire meldingar enn dei omtalte 56 800. Heile 86 300 meldingar kom inn til barnevernet i fjor. Av desse var 14 650 meldingar som vart lagde bort fordi dei var om barn som allereie fekk tiltak frå barnevernet og 14 850 kom inn i allereie pågåande undersøkingar. Desse meldingane, og barna dei omfattar, er ikkje med i tabellane om meldingar. Men dei er publisert i tabellane 12189 og 12615 under overskrifta KOSTRA.

50 meldingar per 1 000 barn

Talet på meldingar til barnevernet i høve til folketalet har vore nokså stabilt frå 2016 med rundt 50 meldingar per 1 000 barn i alderen 0-17 år. I 2019 var det 50,8 meldingar og i 2020 litt færre, 50,1 meldingar per 1 000 barn.

Kven melder?

Det er nokre endringar i kven som melder når vi samanliknar 2020 med året før. Det er færre meldingar frå skole, helsestasjon/skolehelsetenesta og NAV. Medan det er ein auke i meldingar frå «andre privatpersonar», barnevernsvakt og politi. Dette fortel noko om kvar barn oppheldt seg i 2020 – mindre på skolen og meir i heimemiljøet.

Figur 2. Meldingar til barnevernet, etter kven som melde saka. 2019-2020. Prosent

Kva er innhaldet i meldinga?

Som for tidlegare år er det «foreldra sine manglande foreldreferdigheiter» som er klart oftast registrert som innhald i meldingar til barnevernet. Også «vald i heimen/barnet vitne til vald i nære relasjonar», «foreldra sitt rusmisbruk» og «høg grad av konflikt heime» er innhald som er ofte registrert i 2020. Dette er også som for tidlegare år.

Det er små skilnader mellom kva innhald som er registrert i 2020 samanlikna med 2019. Størst relativ auke er det for «foreldra sitt rusmisbruk», «høg grad av konflikt heime» og «foreldra sine psykiske problem/lidingar». Medan meldingar med innhald knytt til barnet som «barnet sin rusmisbruk» og «barnet sin åtferd/kriminalitet», har gått noko ned.

Færre meldingar blant norskfødde barn med innvandrarforeldre

Ser ein talet på barn med meldingar i alderen 0-17 år i høve til folketalet er det størst nedgang blant norskfødde barn med innvandrarforeldre. Også blant barn utan innvandrarbakgrunn er det færre per 1 000 barn med melding i 2020 samanlikna med 2019. Delen innvandrarbarn med melding i høve til folketalet har auka litt. Samstundes er det ein liten nedgang i det absolutte talet på innvandrarbarn med melding.