Fosterheim – mest brukte plasseringstiltak

Publisert:

På slutten av 2016 fekk 39 260 barn og unge tiltak frå barnevernet. Av desse fekk 15 865 barn og unge plasseringstiltak, tiltak som omfattar flytting frå heimen. 

Dei aller fleste barn og unge som får hjelp frå barnevernet, får hjelpetiltak og/eller foreldra deira får hjelp til å bli betre foreldre, alt medan barn og foreldre bur saman. Men for nokre barn og unge er det plassering utanfor heimen som må til for å hjelpe dei best mogleg.

Vi skal no sjå nærare på kvar desse 15 865 barn og unge bur ved utgangen av 2016 og kven som har omsorga for dei. 

Ny statistikkbanktabell 

Tabell 11600 syner tal for plasserte barn etter kvar barna bur og om dei er under omsorg eller om plasseringa er eit hjelpetiltak. Tabellen har tal for 2015 og 2016.

Frå 2015 er definisjonen av kva tiltakskategoriar som er plasseringstiltak:

1. Institusjon

2. Fosterheim inkludert beredskapsheim

8.2 Bustad med oppfølging (inkludert bufellesskap). Dette tiltaket inneber at       barnevernet både ordnar bustad og har oppfølging.

7 av 10 plasserte bur i fosterheim

Vel 40 prosent av alle barn og unge som fekk tiltak frå barnevernet ved utgangen av 2016, var plasserte, syner tal frå statistikken Barnevern. Det utgjorde 15 865 barn og unge. Dei aller fleste som er plasserte av barnevernet, bur i fosterheim, nesten 70 prosent. Dette er omtrent som tidlegare år. Frå 2015 er det delen som bur i bustad med oppfølging, som har auka. Dette heng nok saman med at fleire einslege mindreårige vart busette i 2016 etter den store flyktningstraumen hausten 2015.

På slutten av 2016 budde 1 200 barn og unge i barnevernsinstitusjon, omtrent det same talet som året før. Vel 700 budde i beredskapsheim, dette er 10 prosent færre enn i 2015.

Figur 1. Barn og unge med plasseringstiltak per 31.12. etter type tiltak og plasseringstiltak. 2016

Omsorgstiltak Hjelpetiltak
Uoppgitt plasseringstiltak 45 0
Bustad med oppfølging (inkluderer bufellesskap) 10 2827
Beredskapsheim 296 416
Fosterheim 8280 2779
Barnevernsinstitusjonar 449 763
Alle plasseringstiltak 9080 6785

3 av 5 plasserte var under omsorg av barnevernet

Av dei 15 865 barn og unge som budde utanfor heimen, var vel 57 prosent under barnevernet sin omsorg. Det vil seie at det er gjort eit vedtak i fylkesnemnda om at barna ikkje skal bu heime lengre.

Dei resterande 2 av 5 var plasserte utan at barnevernet hadde omsorga, dei mottok eit hjelpetiltak frå barnevernet som gjer at dei bur utanfor heimen. Dette er frivillige plasseringar, inkludert akutt- og åtferdsplasseringar. I desse tilfella er det foreldra som har omsorgen for barna (fram til 18 år) sjølv om dei ikkje bur saman. Omsorgstiltak vert avslutta når barna blir 18 år, men tiltaka kan fortsette som hjelpetiltak. Unge over 18 år kan altså ikkje være under barnevernets omsorg, men dei kan få alle typar tiltak, også plasseringstiltak, fram til dei fyller 23 år, såkalla ettervern.

For aldersgruppa 0–17 år er delen som er under omsorg blant dei som er plasserte heile 72 prosent. Blant desse barna som er under omsorg, bur dei aller fleste i fosterheim, heile 91 prosent. 5 prosent bur i barnevernsinstitusjon og 3 prosent i beredskapsheim

600 plasserte i alderen 0–2 år

I aldersgruppa 0–2 år var det 600 barn som var plasserte på slutten av 2016, nesten 80 prosent av desse var under barnevernets omsorg. Desse minste barna bur i fosterheim og nokre i beredskapsheim.

Det er i aldersgruppa 6–12 år at delen som er under barnevernets omsorg er størst, 86 prosent av barn med plasseringstiltak i denne gruppa er under omsorg. Dei aller fleste i denne aldersgruppa bur i fosterheim.

I aldersgruppa 13–17 år er 59 prosent under omsorg, og dei fleste av desse bur i fosterheim, men òg 10 prosent i barnevernsinstitusjon.

Kontakt