Fleire meldingar til barnevernet

Publisert:

Barnevernet fekk 58 300 meldingar som gjaldt 52 100 barn i 2016. Dette er ein auke på 7 prosent frå året før. Samstundes la barnevernet bort færre meldingar slik at fleire meldingar gjekk vidare til undersøking.

Talet på barn og unge som mottok tiltak frå barnevernet auka med 2 prosent frå 2015 til 54 620 i løpet av 2016. Denne auken er liten samanlikna med auken i meldingar og undersøkingar i 2016.

Frå melding via undersøking til tiltak

Ei barnevernssak startar med ei melding til barnevernet, som snarast og innan ei veke må avgjere om dei skal setje i gang ei undersøking eller leggje bort meldinga. Ei undersøking skal snarast og innan tre månader konkludere om det skal setjast i verk barnevernstiltak, eller om ein skal leggje bort saka.

Færre meldingar lagde bort

Jamvel om barnevernstenesta opplevde ein stor auke i meldingar førde ikkje det til at dei la bort fleire meldingar utan å starte ei undersøking. Berre 18 prosent av meldingane vart lagde bort i 2016, medan det same gjaldt 20 prosent i 2015. I åra før var prosenten 21.

Figur 1. Meldingar til barnevernet i løpet av året etter konklusjon

2013 2014 2015 2016
Meldingar i alt 52553 52996 54396 58254
Henlagt 10992 11029 10710 10340
Til undersøking 41561 41967 43686 47914

Flest meldingar frå politiet

Dei fleste meldingane til barnevernet kjem frå politiet, 15 prosent. Barnevernstenesta er sjølv ein hyppig meldar, med 14 prosent, deretter følgjer skolen som stod bak 12 prosent av meldingane i 2016.

Det er meldingane frå politiet som oftast blir lagde bort, det skjer med 34 prosent av meldingane derifrå. Men denne delen har vorte lågare år for år sidan 2013, då heile 41 prosent vart lagde bort.

10 prosent auke i undersøkingar starta av barnevernet

Talet på undersøkingar gjekk opp 10 prosent frå fjoråret. Dette kjem av at det kom inn fleire meldingar, og fordi fleire av meldingane gjekk vidare til undersøking. Det vart starta 47 900 undersøkingar for 44 900 barn i 2016.

Figur 2. Undersøkingar starta og barn med undersøking starta av barnevernet

2013 2014 2015 2016
Undersøkingar starta i løpet av året 41493 41922 43681 47865
Barn med undersøking starta i løpet av året 38854 39406 40946 44943

Fleire undersøkingar konkluderte

Talet på konkluderte undersøkingar gjekk likeins opp i 2016. Det vart konkludert i 46 600 undersøkingar, 6 prosent fleire enn i 2015. I 41 prosent av dei konkluderte undersøkingane, var konklusjonen at barnevernet skal setje i gang tiltak. Delen er omtrent som året før. Nokre få undersøkingar konkluderer med at saka vert sendt til fylkesnemnda med krav om tiltak og omsorgsovertaking, under 500 i 2016, vel 150 færre enn året før.

46 prosent av undersøkingane i 2016 vart konkluderte med at barnevernstenesta la dei bort. Delen er heilt lik delen i 2015. Resten av dei som vart lagde bort fordelte seg slik, 8 prosent etter ønske frå foreldra (ønske frå parten) og 4 prosent på grunn av flytting.

Fleire barn og unge med tiltak ved utgangen av 2016

Som nemnt i starten var auken i tiltak i løpet av 2016 lågare enn auken i talet på meldingar og undersøkingar. Men dersom vi ser på talet på barn og unge med tiltak ved utgangen av 2016, steig det med 7 prosent frå utgangen av året før. Det var 39 260 barn og unge som på slutten av 2016 fekk tiltak frå barnevernet. 23 prosent av alle som fekk tiltak var under omsorg av barnevernet. Dette er noko lågare enn delen ved utgangen av 2015. Noko av denne nedgangen kjem av at det er gjort endringar i korleis prioriteringa mellom hjelpetiltak og omsorgstiltak vert gjort (sjå fotnote i Statistikkbanktabellane som inneheld barn og unge med tiltak).

Størst auke mellom innvandrarar

Av dei 58 300 meldingane til barnevernet i 2016 gjaldt 7 106 meldingar innvandrarar og 8 422 gjaldt norskfødde med innvandrarforeldre. Frå 2015 til 2016 har talet på meldingar auka meir mellom innvandrarar enn mellom norskfødde med innvandrarforeldre. Det er innvandrarar frå Asia, Afrika etc. som har den største auken. Men meldingar for norskfødde med foreldre frå EU etc. har òg auka mykje.

Det er same utviklinga for undersøkingane som vart starta i 2016, større auke mellom innvandrarar enn mellom norskfødde med innvandrarforeldre. Av dei 47 900 undersøkingane som vart starta i 2016 gjaldt 6 100 innvandrarar og 7 400 norskfødde med innvandrarforeldre.

Det var 8 400 innvandrarar og 6 500 norskfødde med innvandrarforeldre mellom dei 54 620 barn og unge som fekk tiltak frå barnevernet i løpet av 2016. 27 prosent av dei som fekk tiltak, hadde innvandrarbakgrunn, vel 1 prosent høgare enn året før. Talet på tiltak auka altså meir mellom innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre enn mellom dei utan innvandrarbakgrunn der talet i løpet av 2016 var som i 2015. Aller sterkast var auken mellom innvandrarar frå Asia, Afrika etc..

Kontakt