Færre meldingar til barnevernet

Publisert:

Barnevernet fekk nesten 3 prosent færre meldingar i 2018 enn kva som var tilfelle i 2017. Dei fleste meldingane kjem frå barnevernstenesta sjølv, politi og skole, som for tidlegare år.

Sjølv om desse tre stod bak meir enn 40 prosent av meldingane i 2018, var det færre meldingar frå kvar av dei i 2018 samanlikna med i 2017.

Størst nedgang var det i meldingar frå asylmottak, Utlendingsdirektoratet (UDI) og innvandringsstyresmakter. Også frå familievernet, krisesenter og psykisk helsevern for barn og unge var det stor prosentvis nedgang i meldingar frå 2017 til 2018.

Figur 1. Meldingar til barnevernet etter kven som melde. 2017 og 2018

2017 2018
Frivillige organisasjonar / idrettslag 55 77
Utekontakt / fritidsklubb 91 95
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) 210 203
Asylmottak / UDI / innvandringsstyresmakt 949 336
Barnet sjølv 335 358
Tenester og instansar med ansvar for oppfølging av personar med rusproblem 456 453
Krisesenter 528 471
Familievernkontor 641 534
Familie for øvrig 1116 1043
Psykisk helsevern for barn og unge 1328 1198
Psykisk helsevern for vaksne 1452 1500
NAV (kommune og stat) 1854 1749
Andre offentlege instansar 2073 1994
Andre 2339 2247
Barnehage 3192 3087
Helsestasjon / skolehelsetenesta 3082 3096
Barnevernsvakt 3152 3281
Lege / sjukehus / tannlege 3982 4121
Andre privatpersonar 4083 4183
Mor / far / foresatte 4583 4591
Skole 7378 7125
Politi / lensmann 8286 8034
Barnevernstenesta 8686 8341

Frå melding via undersøking til tiltak

Ei barnevernssak startar med ei melding til barnevernet, som snarast og innan ei veke må avgjere om dei skal sette i gang ei undersøking eller legge bort meldinga. Ei undersøking skal snarast og innan tre månader konkludere om det skal setjast i verk barnevernstiltak, sendast krav om tiltak og omsorgsovertaking til fylkesnemnda eller om ein skal legge bort saka.

Sidan SSB starta å innhente meldingar frå barnevernet i 2013, har talet auka år for år. Men etter ein moderat auke frå 2016 til 2017, var det i 2018 for første gang ein nedgang i meldingar til barnevernet. Både for dei yngste og dei eldste barna var det færre meldingar. Berre i aldersgruppa 6-12 år var det like mange meldingar i 2018 som året før.

Barnevernet fekk melding om 4,4 prosent av alle barn i alderen 0-17 år i 2018, ein nedgang frå 4,5 prosent i 2017.

99 prosent konkluderte innan frist

Av meldingane barnevernet fekk i 2018 konkluderte dei i 99 prosent av sakene innan fristen på 7 dagar. Dette er som tidlegare år. Omtrent 17 prosent av meldingane både i 2017 og 2018 vart lagde bort og gjekk ikkje vidare til undersøking. Færre meldingar har ikkje gjort at delen av meldingane som blir lagde bort har vorte mindre.

Uendra tal på avslutta undersøkingar

Færre meldingar gjer at talet på undersøkingar som vart starta også gjekk ned. Frå 2017 til 2018 har talet på undersøkingar som vart starta gått ned med 3 prosent.

Talet på undersøkingar barnevernet avslutta var like mange i 2018 som året før. Av undersøkingane som vart avslutta auka talet som vart lagde bort med 2 prosent frå 2017 til 2018. I 2018 vart vel 6 av 10 avslutta undersøkingar lagde bort, utan at barnevernstenesta iverksette tiltak for barnet.

Færre barn er plasserte

Ved utgangen av 2018 var det nesten 500 færre barn og unge som fekk plasseringstiltak frå barnevernet samanlikna med året før. Omtrent halvparten av nedgangen skuldast at det er færre som er plasserte i bustad med oppfølging. Men også i barnevernsinstitusjon, fosterheim og beredskapsheim budde det færre barn og unge ved utgangen av 2018.

Det var færre plasserte barn både blant dei under omsorg og blant dei som var plasserte som eit hjelpetiltak. Dei siste tre åra har talet på barn under omsorg på slutten av året vore stabilt med noko over 9 000 barn. Ved utgangen av 2018 var det til saman 8 868 barn under omsorg, noko som er 165 færre enn ved utgangen av 2017.

Tusen fleire tilsette sidan 2014

Ved utgangen av 2018 var det vel 6 150 årsverk registrert i den kommunale barnevernstenesta. Dette er tusen fleire årsverk enn det som var registrert på slutten av 2014. Talet på tilsette har auka frå 3,5 til 4,2 per 1 000 barn og unge i alderen 0-22 år i same perioden.

Kontakt