Samfunnsspeilet, 2012/5

Barnevernsbarn - kjenneteikn på familiar med hjelpetiltak i heimen

Barn med hjelpetiltak bur ofte med mor som har dårleg råd

Publisert:

Seks av ti barn med hjelpetiltak frå barnevernet i 2010 budde saman med enten berre mor eller berre far. I desse familiane var hushaldsinntekta ofte låg, medianinntekta var 202 500 i 2010, nesten 30 prosent lågare enn i alle barnefamiliar. Meir enn 55 prosent av familiar som mottok hjelpetiltak, var blant dei lågaste 20 prosentane i inntektsfordelinga.

Barn som mottek hjelpetiltak og bur heime, det vi kan kalle velferdsbarnevernet (Kojan 2011), utgjer den største delen av barnevernet - om vi ser på talet på barn. Det er denne gruppa og familiane deira vi ser nærare på i denne artikkelen. Velferdsbarnevernet med hjelpetiltak etter barnevernloven § 4-4, første ledd (sjå tekstboks) er den eine delen av barnevernet, medan det vi kan kalle kjernebarnevernet, der barnevernet plasserer barn utanfor heimen og i mange tilfelle overtek omsorga for barna, er den andre viktige delen. Ein kan altså sjå på verksemda til barnevernet som todelt.

Hjelpetiltak etter lov om barneverntjenester § 4-4

Barneverntjenesten skal bidra til å gi det enkelte barn gode levekår og utviklingsmuligheter ved råd, veiledning og hjelpetiltak.

Barneverntjenesten skal, når barnet på grunn av forholdene i hjemmet eller av andre grunner har særlig behov for det, sørge for å sette i verk hjelpetiltak for barnet og familien, for eksempel ved å oppnevne støttekontakt, ved å sørge for at barnet får plass i barnehage, ved besøkshjem, ved avlastningstiltak i hjemmet, ved opphold i senter for foreldre og barn eller andre foreldrestøttende tiltak. På samme måte skal barneverntjenesten også søke å sette i verk tiltak som kan stimulere barnets fritidsaktivitet, eller bidra til at barnet får tilbud om utdanning eller arbeid, eller anledning til å bo utenfor hjemmet. Barneverntjenesten kan videre sette hjemmet under tilsyn ved at den oppnevner tilsynsfører for barnet.

Barneverntjenesten kan også yte økonomisk stønad som hjelpetiltak for barnet.


Kilde: Barnevernloven (1992): http://www.lovdata.no

Hjelp til familien

Velferdsbarnevernet forstår vi som verksemd retta mot å betre levekåra til barna (Kojan 2011), og innsatsen er retta mot familiane ut frå eit velferdsperspektiv, der økonomi, praktisk hjelp og avlasting står sentralt. Kjernebarnevernet handlar på si side om å beskytte barn mot omsorgssvikt, jamfør barnevernloven § 1-1, første ledd. Auken i bruken av hjelpetiltak har vore oppfatta som ein trend i retning av eit meir serviceinnretta barnevern. Ein kan karakterisere dette barnevernet som ei familieorientert teneste som svarar på behov hos både barn og foreldre (Fauske mfl. 2009).

I doktoravhandlinga si seier Kojan (2011) at «Overrepresentasjonen av lave klasser er størst i det som kan betegnes som velferdsbarnevernet» . Ho seier òg at den materielle dimensjonen har betyding for kvifor personar frå det ho kallar dei lågaste klassane, i større grad ønskjer kontakt med, og/eller blir melde til, barnevernet.

Korleis er den materielle situasjonen når vi samanliknar inntektsnivået i hushald som mottek hjelpetiltak frå barnevernet, med inntektsnivået for alle hushald med barn? Kor ulik er familiesituasjonen i familiar med hjelpetiltak samanlikna med alle barnefamiliar? Er det ulikt inntektsnivå i familiar med ulik familiesituasjon? I tillegg til desse spørsmåla, vil vi sjå om det er ulike tiltak og ulike grunnar til å få hjelpetiltak etter korleis familiesituasjonen er, for eksempel om barnet bur med ein forelder eller begge foreldra.

Figur 1. Barn 0-17 år, etter kven dei bur saman med. 2010. Prosent

Figur 1. Barn 0-17 år, etter kven dei bur saman med. 2010. Prosent

Figur 2. Barn 0-17 år med hjelpetiltak frå barnevernet 31. desember 2010, etter kven dei bur saman med. Prosent

Figur 2. Barn 0-17 år med hjelpetiltak frå barnevernet 31. desember 2010, etter kven dei bur saman med. Prosent

Kva er ein familie?

Ein tenkjer ofte på kjernefamilien, det vil seie foreldre og barn, når ein brukar omgrepet familie. Med utgangspunkt i befolkningsstatistikken frå SSB har vi berekna at i 2010 var kjernefamiliane samansett slik at nesten tre av fire barn i alderen 0-17 år budde med begge foreldra, talet inkluderer både gifte og sambuande foreldre. Om lag 15 prosent budde berre med mor, 3 prosent berre med far, og 8 prosent budde med mor eller far og ein steforelder (sjå figur 1). Denne registerbaserte befolkningsstatistikken plasserer barna der dei er registrert busett, og seier ikkje noko om kor mykje tid dei eventuelt brukar med den av foreldra dei ikkje er registrert busett saman med.

Sjølv om tre av fire kjernefamiliar oftast ser ut som figuren illustrerer, kan banda mellom familiemedlemmane vere av meir ymse slag. «En kjernefamilie kan i dag bestå av en eneforsørger med barn, eller to personer som er gift/samboere/partnere, og som kan ha ett eller flere biologiske, adopterte, foster- og/eller egenfødte barn.» (NOU 2012:5, s. 34).

Familieomgrepet går inn i debatten rundt plassen det biologiske prinsippet har i barnevernet. I februar i år vart det gitt ut ein NOU (2012:5) om Bedre beskyttelse av barns utvikling , der eit ekspertutval drøftar det biologiske prinsippet i barnevernet. Utvalet seier blant anna at auka mobilitet, individualisering og særleg endringane i familiestrukturen, slik som skilsmisse og nye familiedanningar med halvsøsken og «dine og mine barn» har auka den alminnelege aksepten for at den tradisjonelle familiemodellen ikkje er den einaste, og at ulike familiar kan fungere godt for barna det angår.

Sjølv om det blir fokusert på nye familiesituasjonar, syner tala frå SSBs befolkningsstatistikk at den tradisjonelle kjernefamilien framleis er svært vanleg, heile 75 prosent av barna i Noreg bur i 2010 saman med begge foreldra sine (sjå figur 1). Ser vi på barn som mottok hjelpetiltak frå barnevernet, blir biletet noko annleis (sjå figur 2).

Halvparten bur berre med mor

Familiesituasjonen til barn som er i kontakt med barnevernet og får hjelpetiltak, er annleis enn for andre barn. Dei bur oftare berre med mor og sjeldnare med begge foreldra. Blant barna som hadde hjelpetiltak på slutten av 2010, budde i overkant av ein av fire (28 prosent) med begge foreldra, medan tre av fire av alle barn budde med begge. Om lag halvparten (49 prosent) av barna med hjelpetiltak budde saman med berre mor, medan det blant alle barn var berre 15 prosent. Prosentdelen barn som budde med berre far, var òg noko høgare enn blant alle barn, meir enn 9 prosent av barn med hjelpetiltak budde med berre far. Som sagt i førre avsnitt er det registrert adresse som avgjer kven barnet budde med i våre tal, og vi veit ikkje noko om tid som vart brukt med den andre forelderen.

Figur 3. Hushaldsinntekt per forbrukseining, etter familiesituasjon. 2010

Figur 3. Hushaldsinntekt per forbrukseining, etter familiesituasjon. 2010

Låg hushaldsinntekt

Vi har sett på familiesituasjonen, kven barna bur med, og det viser seg at barn med hjelpetiltak frå barnevernet vanlegvis bur i lag med berre ein av foreldra. Vi vil no sjå på den materielle dimensjonen ved å samanlikne inntekta i hushald der det bur barn med og utan hjelpetiltak. For å kunne samanlikne dette blir hushaldsinntekt berekna ut frå ein såkalla ekvivalensskala (sjå tekstboks om hushaldsinntekt). Ved bruk av denne metoden blir medianinntekta per forbrukseining for alle hushald med barn i 2010 nesten 289 000 kroner. Det betyr at halvparten av hushalda hadde ei inntekt over dette, medan halvparten hadde ei inntekt under (sjå figur 3).

Der er klare forskjellar i hushaldsinntekta for hushald der det bur barn med og utan hjelpetiltak frå barnevernet. Medianinntekta for hushald med barn med hjelpetiltak er 27 prosent lågare enn tilsvarande for alle hushald med barn, og totalt berre 210 600 kroner. Dette syner ei klart lågare gjennomsnittleg hushaldsinntekt for hushald med barn som mottek hjelpetiltak frå barnevernet, samanlikna med alle hushald med barn.

Figur 4. Hushald med inntekt i lågaste femdel per forbrukseining. Alle hushald med barn og hushald med barn med hjelpetiltak. 2010. Prosent

Figur 4. Hushald med inntekt i lågaste femdel per forbrukseining. Alle hushald med barn og hushald med barn med hjelpetiltak. 2010. Prosent

Dei med dårlegast råd

I denne samanhengen er det interessant å sjå på gruppa med lågast inntekt. Vi set grensa for denne gruppa ved dei hushalda med barn som har under 218 500 kroner i inntekt etter skatt per forbrukseining i 2010. Dette er den verdien som skil dei 20 prosentane av alle hushald med lågast inntekt frå dei 80 prosentane med høgast inntekt (sjå figur 3, P20). Det vil med andre ord vere ein femdel av alle hushalda som har ei inntekt etter skatt per forbrukseinig som er lågare enn dette.

Blant hushald der det budde barn med hjelpetiltak frå barnevernet, hadde 55 prosent ei hushaldsinntekt under 218 500 kroner. Det betyr at denne gruppa er sterkt overrepresentert i den lågaste femdelen i inntektsfordelinga (sjå figur 4).

Hushaldsinntekt

Medianinntekt er det inntektsbeløpet som deler ei gruppe i to like store halvdelar, etter at inntekta er sortert stigande (eller minkande). Det vil altså vere like mange personar med inntekt over som under medianinntekta. I figur 3 er persentil 50 det same som median.

Ekvivalentinntekt og forbruksvekter

Ein såkalla ekvivalensskala gir uttrykk for kor stor inntekt eit hushald med gitte karakteristika, for eksempel to vaksne og to barn, må ha for at levestandarden deira skal vere like høg som levestandarden til ein einsleg med ei gitt inntekt. I denne artikkelen er den såkalla EU-skalaen brukt. I denne skalaen får første vaksne hushaldsmedlem vekt lik 1, neste vaksne vekt lik 0,5, medan barn får vekt lik 0,3. Eit hushald med to vaksne og to barn, det vil seie vekt lik 2,1, må ha ei hushaldsinntekt på 420 000 kroner for å ha same inntekt per forbrukareining som ein einsleg med 200 000 kroner i inntekt. ( Mørk (red.) 2011, s. 20 )

Inndeling i inntektsklassar

Ein vanleg metode for å studere inntektsforskjellar er å dele inn befolkninga i like store inntektsklassar, vi brukar her femdelsgrupper (20 prosent). Den verdien som markerer overgangen mellom desse gruppene, vert på fagspråket kalla persentil, og er ein grenseverdi. Verdien som avgrensar den femdelen av befolkninga med lågast inntekt, blir då kalla for P20, mens verdien som avgrensar den høgaste femdelen, blir kalla P80. Medianen, eller verdien i midten som deler befolkninga i to like store delar, heiter P50.

Aleineforeldre har det vanskelegast økonomisk

Når vi veit at meir enn halvparten av hushalda med barn med hjelpetiltak frå barnevernet er i lågaste femdelen av inntektsfordelinga, er det interessant å sjå om det er forskjellar på hushaldsinntekt der barn bur i lag med ein eller begge foreldra. Utgangspunktet er at nesten 60 prosent av barna med hjelpetiltak bur med berre ein av foreldra.

Det viser seg at hushaldsinntekta er lågare der barn med hjelpetiltak bur i lag med berre ein av foreldra (sjå figur 3 og 4). Medianinntekta var for denne gruppa 202 500 kroner i 2010, nesten 30 prosent lågare enn for alle hushald med barn. Over 62 prosent av desse hushalda er i femdelen med lågast inntekt. Til samanliking har hushald der barn med hjelpetiltak bur med begge foreldra ei noko høgare medianinntekt, 214 600 kroner, men dette er framleis 26 prosent lågare enn i alle hushald med barn. Av denne gruppa er om lag 53 prosent i den lågaste femdelen (sjå figur 4). Dette betyr at barn med hjelpetiltak som bur i lag med berre ein av foreldra, har dårlegare råd enn barn som bur med begge foreldra.

Ulike tiltak i ulike familiesituasjonar

Er det skilnader i kor vanlege ulike typar hjelpetiltak er etter familiesituasjon? For to av tiltaka, barnehageplass og besøksheim, finn vi nokså store skilnader (sjå tabell 1).

Ein klart større del av barn som budde med begge foreldra, fekk i vårt utval (sjå tekstboks om datagrunnlaget) barnehageplass betalt av barnevernet som hjelpetiltak. Medan 19 prosent av dei som budde med begge foreldra mottok barnehageplass, mottok 12 prosent av dei som budde med berre mor, og 10 prosent av dei som budde med berre far, dette tiltaket.

Besøksheim/avlastingstiltak blir meir brukt blant dei barna som bur med berre ein av foreldra. 31 prosent blant dei som budde med mor, og 25 prosent av dei som budde med far, i 2010 mottok dette tiltaket. Delen var 16 prosent blant dei som budde med begge foreldra.

Økonomisk hjelp er eit tiltak som ein skulle tru at barn av aleineforeldre ville teke imot i sterkare grad sidan så mange er i lågaste femdelen i inntektsfordelinga. Men i utvalet vårt er det berre små forskjellar i den retninga. Blant barn som budde berre med mor, mottok 14 prosent økonomisk hjelp og 12 prosent av dei som budde med berre far, medan 10 prosent av dei som budde med begge foreldra, mottok slik hjelp.

Grunn til hjelpetiltak

I utvalet vårt (totalt 23 094 barn i alderen 0-17 år) er om lag 8 500 barn, eller 37 prosent, nye barn. Det vil seie at dei ikkje var registrert med tiltak i barnevernsstatistikken året før, i 2009. For dei nye barna har vi tal på kva som er oppgitt som grunnar for at barnevernet sette i verk tiltak, og dermed kva som er grunnen til at det blir ei barnevernssak.

I utvalet vårt finn vi ikkje store skilnader mellom kven barna bur i lag med, og kva som var grunnlaget då dei fekk hjelpetiltak frå barnevernet (sjå tabell 2). Samtidig ser vi at vald i heimen er noko meir vanleg som grunn for barn som bur med begge foreldra, det gjeld 10 prosent, enn for barn som bur med berre mor eller berre far, der høvesvis 5 og 4 prosent har dette grunnlaget. Tendensen er den same for fysisk mishandling , men dei absolutte tala her er små.

Barnevernet - korleis og for kven?

Velferdsbarnevernet, det vil i denne artikkelen seie hjelpetiltak i heimen, er den delen av barnevernet som er størst, som nemnt tidlegare. Samtidig er prosentdelen plasserte barn, det vi kallar kjernebarnevernet, nokså stabil dei seinaste åra (2007-2010) på rundt ein tredel av alle barn med tiltak på slutten av året.

Grunnane til dette kan vere fleire. Vi kan tenkje oss at fleire barn får hjelpetiltak i heimen fordi det er ein lågare terskel for barnevernet til å gi slik hjelp, og at omdømet til barnevernet er blitt betre, slik at familiar lettare tek kontakt. Lågare vekst i talet på plasserte barn kan ha samanheng med at dei heimebaserte hjelpetiltaka er betre, og det ikkje vert nødvendig å flytte barn frå familien. Det kan òg ha si årsak i at barnevernet vektlegg det biologiske prinsippet sterkare enn før, eller det kan vere ressurssituasjonen til kommunane - ei plassering kostar meir enn dei fleste hjelpetiltak i heimen.

SSBs tal gir verken svar på om fordelinga mellom velferdsbarnevern og kjernebarnevern er til det beste for barna, eller om det biologiske prinsippet står sterkare eller svakare enn før. Men i denne artikkelen har vi kome med tal som støttar opp om anna forsking, som viser ein overrepresentasjon av barn med aleineforeldre i hushald med låg inntekt blant barn som tek imot hjelpetiltak i heimen.

Datagrunnlaget

Tala i artikkelen baserer seg på barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette er ein individbasert statistikk som registrerer alle barn og unge i barnevernet. Totalt var det per 31. desember 2010 registert 33 835 barn i alderen 0-17 år (under 18 år) med tiltak frå barnevernet. Denne artikkelen baserer seg på eit utval av desse barna, totalt 23 094 barn i alderen 0-17 år .

Barna i utvalet har følgjande kjenneteikn:

  • Dei er definerte som barn i befolkningsstatistikken (Familier, husholdninger, barn) til SSB. For meir informasjon, sjå befolkningsstatistikken . Barn blir i denne statistikken definert som personar som er registrert busett saman med minst ein av foreldra, og som ikkje er i samliv og/eller har eigne barn.
  • Dei er barn i barnevernet med hjelpetiltak per 31. desember 2010.
  • Dei er barn utan plasseringstiltak eller omsorgstiltak per 31. desember 2010.
  • Dei er barn som bur i hushald der det bur minst to personar, og der minst ein av dei er under 18 år.
  • Det er informasjon i inntektsstatistikken om hushaldet der barnet bur.

For alle desse 23 094 barna har vi informasjon om hushaldsinntekt, kven av foreldra barna bur i lag med, tiltak og grunnlag for tiltak som barna mottek.

Litt meir enn eitt av tre barn i utvalet har innvandrarbakgrunn, det vil seie at dei er innvandrar eller norskfødd med innvandrarforeldre.

Alle hushald med barn er definert som hushald der det bur minst to personar, og der minst ein av dei er under 18 år og er definert som barn i befolkningsstatistikken.

Referanser

Barnevernloven (1992): Lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester.

Barnevernsstatistikken, Statistisk sentralbyrå. ( http://www.ssb.no/barneverng/ )

Befolkningsstatistikken - Familier, husholdninger, barn, Statistisk sentralbyrå. ( http://www.ssb.no/familie )

Inntektsstatistikk for hushald, Statistisk sentralbyrå. ( http://www.ssb.no/ifhus/ )

Fauske, H., Lichtwark, W., Marthinsen, E., Willumsen, E., Clifford, G. og Kojan B.H. (2009): Barnevernet på ny kurs? Det nye barnevernet - et forsknings- og utviklingsprosjekt i barnevernet , Bodø, Nordlandsforskning NF-rapport nr. 8/2009

Kojan, B.H. (2011): Klasseblikk på et barnevern i vekst , Doktoravhandlinger ved NTNU 2011:134.

Mørk, Eiliv (red.) (2011): Seniorer i Norge 2010 , Statistiske analyser 120, Statistisk sentralbyrå.

NOU (2012:5): Bedre beskyttelse av barns utvikling. Ekspertutvalgets utredning om det biologiske prinsipp i barnevernet.

Tabeller:

Kontakt