Auke i barnevernstiltak blant unge over 18 år

Publisert:

Ein stadig større del av dei som får tiltak frå barnevernet, er over 18 år. Vel 5 000 unge i alderen 18–22 år fekk tiltak på slutten av 2018 – ei dobling i talet dei siste 10 åra.

På slutten av 2008 fekk i underkant av 2 600 unge ettervern. Det var 7,6 prosent av alle med tiltak frå barnevernet dette året. Ved utgangen av 2018 var 13 prosent av alle som fekk tiltak frå barnevernet i alderen 18-22 år.

Aukande del av alle 18-22-åringar fekk tiltak

I høve til talet på 18–22-åringar i befolkninga auka delen med tiltak frå barnevernet fram til 2012, så gjekk delen noko ned til og med 2015.

Deretter steig delen til den var på sitt høgaste i 2018 med 15,1 unge med tiltak frå barnevernet per 1 000 unge i alderen 18-22 år.

To av fem var 18 år

Sjølv om alderen for ettervern er fram til ein fyller 23 år, er det dei yngste i ettervernsgruppa som i klart størst grad får tiltak.

Heile to av fem med tiltak på slutten av 2018 var 18 år. Så blir det færre med tiltak år for år fram til dei fyller 23 år.

Figur 1. Unge 18-22 år med barnevernstiltak per 31.12., etter ettårig alder. 2008-2018

22 år 21 år 20 år 19 år 18 år
2008 87 182 320 684 1297
2009 94 180 408 819 1421
2010 106 250 514 943 1646
2011 142 280 568 1041 1868
2012 155 346 657 1378 1795
2013 210 372 830 1235 1197
2014 230 484 683 1132 1258
2015 265 391 675 1211 1179
2016 244 429 732 1246 1852
2017 268 479 806 1295 1883
2018 286 522 873 1401 1980

Bustad med oppfølging og fosterheim

Av dei unge over 18 år mottok heile 3 400 eit butiltak frå barnevernet. Dette er nesten 5 prosent fleire enn i 2017. Barnevernet plasserer barn og unge i fosterheim eller institusjon, men også bustad med oppfølging er eit mogleg alternativ, spesielt for dei eldste i barnevernet.

På slutten av 2018 budde omtrent halvparten av dei unge som var plasserte som ettervernstiltak i bustad med oppfølging, kategorien omfattar også bufellesskap, 45 prosent budde i fosterheim og 5 prosent i barnevernsinstitusjon. Det var ein auke i unge i ettervernsalder som budde i fosterheim og bustad med oppfølging, medan det budde færre i barnevernsinstitusjonar på slutten av 2018 enn året før.

Figur 2. Prosentdelen unge 18-22 år med plasseringstiltak frå barnevernet per 31.12.2018, etter tiltak

2018 (prosent)
Barnevernsinstitusjonar 5
Fosterheim 45
Bustad med oppfølging (inkluderer bufellesskap) 49

Mykje økonomisk hjelp

Ved sidan av butiltak er det mange i ettervernsalder som får tiltaket økonomisk hjelp frå barnevernet, og mange får også tiltaket økonomisk hjelp til eigen bustad/hybel. Tala i statistikkbanken viser ikkje i kva grad økonomisk hjelp blir gjeve som ein tiltak aleine, eller som eit tiltak i tillegg til andre tiltak.

Bruken av økonomisk hjelp kan vere ein grunn til å sjå nærare på korleis ulike instansar i kommunane skal samarbeide – kven skal ha ansvaret for kva type oppfølging i overgangen frå barn til vaksen for unge som har motteke hjelp frå barnevernet.

I forslaget til ny barnevernslov vert dette diskutert, og ein ser eit behov for tydeleggjering av grensegangane. Det vert foreslått at ein skal presisere at barnet sin omsorgssituasjon eller åtferd skal vere grunngjevinga for hjelp frå barnevernet. Og formålet med tiltak er at desse høva skal bli betre.

Kontakt