12831_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12831
Industriprisane framleis stabile
statistikk
2008-02-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. januar 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Industriprisane framleis stabile

Høg pris på gass førte til ein auke på 2,5 prosent i produsentprisane, trass eit lite fall på 0,2 prosent i oljeprisen og uendra prisar i industrien.

;>Prisutvikling for utvalde varegrupper. 2000=100

Den gjennomsnittlege prisen på olje (Brent Blend) var 0,2 prosent lågare i januar 2008 enn i desember 2007. Prisane på gass auka markert på det europeiske kontinentet, noko som førte til ein oppgang på 5,4 prosent i prisindeksen for olje- og gassutvinning. Prisnivået i industrien var samla sett uforandra. I alt førte dette til at produsentprisindeksen steig med 2,5 prosent frå desember 2007 til januar 2008.

Blant industrinæringane var prisendringsratane både positive og negative. Det største fallet fann stad i treforedlingsindustrien, der prisane gjekk ned med 2,1 prosent. Etter ein lang periode med auke fall også prisane på trelast og trevarer denne månaden, med 0,9 prosent. Prisane på metall held fram med ein fallande tendens. Frå desember til januar gjekk prisane ned med 0,7 prosent, noko som var den femte månaden på rad med prisfall. Blant næringane som hadde auka prisar, var det prisane på metallvarer som voks mest, med 2,7 prosent.

Tolvmånadersendringa: 20,4 prosent opp

Den samla produsentprisindeksen var 20,4 prosent høgare i januar 2008 enn i den same månaden året før. Den fremste forklaringa til den relativt høge veksten er prisane på energivarer. Trass små endringar den siste månaden var prisane på både olje og elektrisk kraft klart høgare enn for tolv månader sidan. Auken var på 46,7 prosent for olje (Brent Blend) og 59,7 prosent for kraft (spotpris på Nord Pool). Med ein vekst på 36,2 prosent har også prisane på raffinerte oljeprodukt hatt ei kraftig utvikling i løpet av desse tolv månadene.

Trass i den siste månadens fall var prisane i trelast- og trevareindustrien 10,8 prosent høgare i januar i år enn i den same månaden i fjor. Prisane på metall, på den andre sida, fell med 7,0 prosent gjennom den same perioden.

Nye vekter

I samband med årsskiftet har vektene som blir nytta til å berekne prisindeksane, blitt oppdaterte. Vektene gir uttrykk for kor stor del dei ulike næringane utgjer i den samla indeksen, og er baserte på næringanes del av den totale produksjonsverdien i den norske økonomien i året før. Den største endringa frå 2007 til 2008 var at vekta til olje- og gassutvinning gjekk ned etter å ha vore svært høg i to år. Dette svarer til ein auke i vekta til industrinæringane. Her er det nærings- og nytingsindustrien, oljeraffinering og metallindustrien som aukar mest. Desse tre næringane til saman står no for ein fjerdedel av totalen, mens olje- og gassutvinning utgjer om lag 45 prosent.

Produsentprisindeks
  Januar 2008 Endring i prosent
      Desember 2007-
januar 2008
    Januar 2007-
januar 2008
Totalindeks  153,5 2,5 20,4
       
Olje- og gassutvinning  181,7 5,4 32,6
Industri og bergverksdrift     131,0 0,0 7,3
Kraftforsyning  317,2 -0,9 59,7
       
Etter varetype:      
Innsatsvarer  124,8 0,0 -0,2
Investeringsvarer  117,1 1,3 2,4
Konsumvarer  113,8 0,0 2,2
Energivarer  186,6 4,0 34,8

For informasjon om vareprisindeksen for industrinæringane, sjå www.ssb.no/vppi .