Oslo og Bærum på husleigetoppen

Publisert:

Endret:

Det er store geografiske skilnader i husleigenivået her til lands. I Oslo og Bærum er husleigene over 30 prosent høgare enn landsgjennomsnittet.

Gjennomsnittleg årleg husleige per kvadratmeter for ein toroms i Oslo og Bærum kommune er om lag 2 910 kroner, syner nye tal frå Leigemarknadsundersøkinga (LMU). 1

Dette er om lag 33 prosent høgare enn for landet generelt. Også i Bergen og Trondheim er gjennomsnittleg husleige per kvadratmeter høgare enn landsgjennomsnittet, medan Stavanger trekker landsgjennomsnittet ned.

Stavanger hadde tidlegare eit relativt høgt leigenivå, men har vist ein fallande trend dei siste åra. Endringa i Stavanger frå i fjor er relativt flat; store bustader går noko opp i husleige, medan små bustader går noko ned.

Generelt er det store skilnader mellom bygd og by. Gjennomsnittleg husleige for ein treroms i tettstader med meir enn 20 000 innbyggjarar er om lag 38 prosent høgare enn den er for ein tilsvarande bustad i tettstader med mellom 200 og 1999 innbyggjarar.

Det er også skilnader i leigenivået ut frå lengda på leigeforholdet. Husleiga for leigeforhold inngått i år eller i fjor ligger i gjennomsnitt på 10 910 kroner, medan husleiga for leigeforhold som vart inngått for meir enn seks år sidan i snitt ligger på 8 410 kroner. Dette tyder på at større endringar i husleiga gjerne skjer i forbindelse med etablering av nye kontraktar.

Figur 1. Månedleg leige i større byar, to-roms bustad, 60 kvm. 2018

2018
Oslo - Sentrum, Frogner, Ullern og St.Hanshaugen 12600
Oslo - Grunerløkka, Gamle Oslo, Sagene, Nordre Aker og Vestre Aker 12400
Oslo - Østensjø, Nordstrand og Bjerke 11600
Oslo - Søndre Nordstrand, Grorud, Stovner og Alna 11400
Akershus - nærliggende Oslo kommuner 10500
Bergen - Bergenhus 10900
Bergen - øvrige bydeler 9500
Trondheim - Midtbyen, Østbyen og Nedre Elvehavn 10800
Trondheim - øvrige bydeler 10400
Stavanger 8800
Kristiansand 8200
Tromsø 10300
 

Samanlikning over tid

LMU er ei nivåtallsundersøking som seier noko om leigenivået og samansetjinga av leigemarknaden på eit gitt tidspunkt. Undersøkinga er basert på nye og uavhengige utval kvart år. Leigenivå vert presentert etter visse segment av marknaden. Dei predikerte leigene korrigerer for fleire av dei viktigaste faktorane som er avgjerande for leigenivået, slik som geografisk plassering, bustadstorleik, leigeforholdets lengde samt fleire av bustadens kvalitetseigenskaper. Tala i LMU må likevel tolkast med varsemd frå år til år ettersom undersøkinga ikkje tek omsyn til alle faktorar.

 1 Retting i avsnittet kl 08.34.

Kontakt