Kyrkjelege fellesråd, rekneskap

Oppdatert: 23. juni 2023

Neste oppdatering: 21. juni 2024

Tilskot frå eigen kommune
Tilskot frå eigen kommune
2022
3,30
milliardar kroner
Hovedtal for kyrkjelege fellesråd
Hovedtal for kyrkjelege fellesråd1 2
Millionar kronerEndring i prosent fra tidligere år
2020202120222021 - 2022
Tilskott frå kommunen/kommunale institusjonar3 1143 1793 2973,7
Tilskott frå stat/statlege institusjonar302262236-9,9
Tilskot frå rettssubjektet Den norske kyrkja14322429230,2
Løn og sosiale utgifter2 8353 0613 0971,2
Kjøp av varer og tenester1 2631 3961 5289,5
Investeringar i anleggsmidlar73170579512,7
Bruk av lån394328-34,9
Overføring frå driftsrekneskapen2734365,8
1For fellesråd med manglande rapportering er det estimert verdiar
2Tall for kommunar som har tatt over ansvaret for gravplassar i eigen kommune inngår ikkje i denne tabellen. Talla kan hentast frå kommunerekneskapen (KOSTRA). Dette gjeld kommunane: Bø i Vesterålen, Froland, Gjesdal, Modum, Vennesla, Nesodden, Sola, Sandefjord, Sandnes, Bærum og Oslo.
Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken skal gje oversikt over økonomien i dei kyrkjelege fellesråda og i sokneråda i kommunar med berre eitt sokn.

Kyrkjelege fellesråd og sokneråd i kommunar med berre eitt sokn

Soknet er den grunnleggjande eininga i Den norske kyrkja. I kvart sokn skal det være eit sokneråd. I kommunar med fleire sokn skal det i tillegg være et kyrkjeleg fellesråd. Både kyrkjelege fellesråd og sokneråd i kommunar med berre eitt sokn er organ for soknet på kommunenivå.

Rekneskap

Omgrepet blir nytta om dei konverterte årsrekneskapane, det vil seie ei oppstilling av årsrekneskapen i kontoklasse, funksjon/kapittel og art i tråd med definisjonar som er gjeve av Barne- og familiedepartement (BFD) i Forskrift om økonomiforvaltninga i sokn i Den norske kyrkja, vedlegg 3 og 4.

Kontoklasse

Rekneskapen fordelast på tre kontoklassar:

  • Kontoklasse 3 for driftsrekneskapen
  • Kontoklasse 4 for investeringsrekneskapen
  • Kontoklasse 5 for balansen

Drifts- og investeringsrekneskapen utgjer til saman ein løyvingsrekneskap.

I rekneskapen for kyrkja nyttar ein ikkje sektor i balanserekneskapen.

Funksjonar, artar og kapittel

Sjå kapitelet for «Standard Klassifikasjonar»

.

Navn: Kyrkjelege fellesråd, rekneskap

Emne: Offentlig sektor

21. juni 2024

Seksjon for offentlege finansar

Nasjonalt nivå og alle kyrkjelege fellesråd samt sokneråd i kommunar med berre eitt sokn. Det vil stort sett seie alle kommunar, med unntak av sju kommunar som er med i fellesråd i ein annan kommune:

  • 1578 Fjord som saman med1525 Stranda utgjer Storfjorden kyrkjelege fellesråd
  • 1822 Leirfjord som saman med 1820 Alstahaug utgjer Leirfjord og Alstahaug kyrkjelege fellesråd
  • 3414 Nord-Odal som saman med 3415 Sør-Odal utgjer Odal kyrkjelege fellesråd
  • 5036 Frosta og 5038 Verdal som saman med 5037 Levanger utgjer Sør-Innherad kyrkjelege fellesråd
  • 5047 Overhalla og 5049 Flatanger som saman med 5007 Namsos utgjer Midtre Namdal kyrkjelege fellesråd.

Årleg. Tal for rekneskapen i år t vert publisert i juni år t+1.

Ingen internasjonal rapportering.

SSB lagrar innsamleda og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.

SSB samlar inn rekneskapstala på vegne av Barne- og familiedepartement (BFD) som får tilgjenge til grunnlagsmaterialet når statistikken er publisert av SSB.

SSB kan vidare gje tilgjenge til datagrunnlaget (av-identifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til andre offentlege myndigheiter for utarbeiding av statistiske resultat og analysar. Tilgjenge kan bli gjeve etter søknad og på vilkår. Se meir om dette på Tilgang til data frå SSB

SSB samlar inn rekneskapstala for kyrkjelege fellesråd og sokneråd i kommunar med berre eit sokn, på vegne av Barne- og familiedepartement (BFD).

Statistikken vart fyrste gong innhenta for året 1997. I 2004 gjekk fellesråda og sokneråda over til å føre rekneskapen etter ny kontoplan.

Opphavet for innsamlinga var vedtaket av den nye kyrkjelova av 7. juni 1996. Då vart sokna eigne juridiske einingar, og sokneråd og kyrkjelege fellesråd fekk lovregulerte oppgåver. Kyrkja vart dermed tatt ut av kommunerekneskapen, men er framleis ein del av offentleg forvaltning og kyrkja sitt rekneskap inngår framleis i nasjonalrekneskapen.

I dag publiserast årleg rekneskapsstatistikk for alle kyrkjelege fellesråd (inkludert sokneråd i kommunar med berre eit sokn). Etter avtale med departementet, samlast det ikkje inn rekneskap på sokneråd-nivå kvart år. Det har ikkje vore nokon slik innsamling sidan 2008 og per i dag det er ikkje kome noko signal om når slik innsamling og publisering vert aktuell

Dei viktigaste brukarane er Barne- og familiedepartementet (BFD), Den norske kyrkja, Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking (KIFO) og Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon (KA).

Totaltala inngår i nasjonalrekneskapen.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før den er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førehandsvarsling seinest tre måneder før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre likebehandling av brukarane.

Rekneskapen blir nytta som del av grunnlaget for nasjonalrekneskapen. Vidare, så inngår tal for fellesråda sine driftsutgifter til gravplassforvaltning i publiseringa av statistikken for Den norske kyrkja

Heimel for innsamling finn ein i lov av 24. april 2020 nr. 31 om trus- og livssynssamfunn (trussamfunnsloven) §14, samt i forskrift om økonomiforvaltninga for kyrkjelege sokn i Den norske kyrkja, § 19.

Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).

Statistikken er med i nasjonalt program for offisiell statistikk 2021-2023, hovudområde Offentlege finansar, delområde Kommunale finansar.

EØS-forplikting: Nei

Statistikken omfattar alle kyrkjelege fellesråd og sokneråd i kommunar med berre eitt sokn.

Rekneskapane blir rapporterte frå fellesråda og frå sokneråda i kommunar med berre eitt sokn. Nokon fellesråd og sokneråd gjer avtale med kommunen om at dei sender inn rekneskapane for fellesråda/sokneråda.

Data vert henta inn som filvedlegg til elektroniske skjema - 0F (Løyvingsrekneskapen) og 0G (balanserekneskap). Frist for innsending er 22. mars i året etter rekneskapsåret.

Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data. Filvedlegget vert kontrollert før innsending ved hjelp av eit kontrollprogram knytt til det elektroniske skjemaet. SSB gjer òg fleire kontrollar av dei innsendte rekneskapane, som til dømes å samanlikne tal for ulike variablar mot tal frå året før. Oppretting av feil som SSB eller fellesråda/sokneråda har oppdaga, skjer oftast ved ny innsending av retta rekneskap.

I publiseringa vert det gjort berekningar av nasjonale tal for å hanskast med manglande innsendte rekneskapar. Vi baserer berekninga på innbyggjartal for dei fellesråda som ikkje har rapportert.

Ikkje relevant.

Bruk av innsamla data frå oppgåvegjevarar skjer i samsvar med krav stilt av føresegner i statistikkloven. Opplysningane blir ivaretekne på ein forsvarleg måte. Det er ikkje mogleg å identifisere føretakssensitiv informasjon ut i frå statistikken.

Endringar i rekneskapsføringa frå 2004 gjer at samanlikningar før og etter denne endringa kan være unøyaktige på detaljert nivå.

Målefeil kan i hovudsak oppstå ved at oppgåvegjevar mistolkar og rapporterer feil. Omarbeidingsfeil er i hovudsak feil som blir påført data etter at dei er mottekne i SSB. Bruk av elektronisk rapportering i ein statistikk reduserer denne typen feil.

Både blant fellesråda og sokneråda er det manglande innsending av rekneskap. På nasjonalt nivå vert dette korrigert for i SSB, men slikt fråfall kan likevel føre til at tala blir unøyaktige.

I rekneskapsåret 2022 er det 328 av totalt 348 fellesråd og sokneråd i kommunar med berre eitt sokn som har levert løyvingsrekneskap og 327 av 348 som levert balanse. I dei nasjonale tala for variablane for driftsrekneskapen, investeringsrekneskapen og balansen er det teke omsyn til dette ved at data for dei fellesråda/sokneråda som manglar, er estimerte på bakgrunn av innbyggjartal.

Tal vert publisert ein gong om året, og vert då rekna som endelege tal. Dersom det kjem inn oppdaterte rekneskap etter publiseringa eit år, vert dei retta tala publiserte ved publiseringa neste år.

Kontakt

Corretta Aluoch Arodi

cos@ssb.no

40 90 26 56