Nedgang i skatteinnbetalingane

Publisert:

Skatterekneskapen for dei fire første månadene av 2020 syner ein nedgang i samla innbetalingar på 6,7 prosent frå same periode i fjor. Mykje av dette har samanheng med utsette fristar for innbetaling av skatt for selskap.

Til no i år er det betalt inn 304 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 22 milliardar, eller 6,7 prosent, mindre enn på same tid i fjor, viser nye tal frå Skatterekneskap. Mykje av nedgangen kan settast i samanheng med at fristen for innbetaling av forskotsskatt for selskap er utsett frå 15. april til 1. september grunna koronapandemien. Utanom oljeskattane har upersonlege skatteytarar betalt inn 49 milliardar kroner i skatt til no i år, mot 67 milliardar på same tid i fjor.

Nedgang i oljeskattane

I tillegg til at innbetalingar frå selskap utanfor oljesektoren har gått ned, har lågare oljepris også ført til ein reduksjon i skatt frå petroleumssektoren. Samla innbetalingar av skatt på utvinning av petroleum er på 32 milliardar kroner til no i år. Dette er ein nedgang på nærmare 10 milliardar kroner frå same periode i fjor.

Fortsatt auke frå personlege skatteytarar

Personlege skatteytarar har betalt inn 222 milliardar kroner til no i år. Dette er ein auke på 2,8 prosent frå same periode i fjor. Terminane for desse innbetalingane er annankvar månad og den førre fristen var i mars. Enkelte skattytarar i denne ordninga fekk utsett frist, men den fulle effekten av tiltaka synest ikkje i desse tala enno.

Kontakt