6,5 prosent auke i skatteinnbetalingane

Publisert:

Så langt i år har det vorte betalt inn 689 milliardar kroner i skatt. Samanlikna med den same perioden i 2017 svarar dette til ein auke på 42 milliardar.

Figur 1 viser at store delar av dei samla skatteinnbetalingane har gått til staten og folketrygda, som kvar for seg har teke imot 30 og 38 prosent av det samla beløpet. Ein dryg femdel har vidare blitt fordelt på kommuneforvaltninga. Desse nemnde skattane varierer i mindre grad enn innbetalingane frå petroleumssektoren.

Figur 1. Samla skatteinnbetalingar fordelt på art ved utgången av september 2018. Prosent

Prosent
Ordinær skatt og fellesskatt til staten (inkludert skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar) 29.5
Ordinær skatt og særskatt på utvinning av petroleum 10.4
Ordinær skatt til fylkeskommunane (inkludert. Oslo) 3.9
Ordinær skatt til primærkommunane 18.6
Medlems- og arbeidsgjevaravgift til folketrygda 37.6

Høgare skatteinntekter frå petroleumssektoren

Høgare oljeprisar samanlikna med i fjor har bidratt til auka skatteinntekter frå petroleumssektoren. Så langt i år er det betalt inn 72 milliardar kroner i petroleumsskatt, viser skatterekneskapen. Til samanlikning vart det betalt 41 milliardar på det same tidspunktet i 2017. Denne sterke auken gjer at petroleumsskattane utgjer drygt 10 prosent av dei samla skatteinnbetalingane så langt i år.

Figur 2. Skatt på utvinning av petroleum i prosent av totale skatteinnbetalingar

Ordinær skatt Særskatt
Des. 2008 11.7 20.0
Juni 2009 9.4 16.1
Des. 2009 8.9 14.9
Juni 2010 6.9 11.0
Des. 2010 8.4 13.7
Juni 2011 8.1 13.3
Des. 2011 9.8 16.0
Juni 2012 9.3 15.2
Des. 2012 10.1 16.8
Juni 2013 9.4 15.7
Des. 2013 8.9 14.6
Juni 2014 7.9 12.7
Des. 2014 7.6 12.6
Juni 2015 5.9 9.9
Des. 2015 5.0 8.1
Juni 2016 3.2 5.0
Des. 2016 2.1 3.3
Juni 2017 2.3 3.8
Des. 2017 2.9 5.1
Mars 2018 2.2 3.8
Juni 2018 3.7 6.5
Sep. 2018 3.7 6.8

Faktaside