5,3 prosent auke i skatteinnbetalingane

Publisert:

I første halvår 2018 blei det betalt inn 424 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 22 milliardar meir enn i den same perioden i 2017.

Det er spesielt skattar på utvinning av petroleum som trekkjer opp innbetalingane i første halvår. Til no i år er det betalt inn 46 milliardar kroner i petroleumsskatt, viser skatterekneskapen. Dette er nærare 20 milliardar meir enn i første halvår i fjor. Nivået på desse innbetalingane ligg framleis lågare enn i tidsrommet fram til 2015.

Figur 1. Innbetalt petroleumsskatt. Januar - juli. Milliardar kroner.

2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018
Ordinær skatt på utvinning av petroleum 37.014 25.594 33.108 41.451 44.391 36.136 26.058 13.297 9.863 16.567
Særskatt på utvinning av petroleum 63.188 41.169 54.297 67.917 74.551 58.382 43.395 20.783 16.009 28.94

Auka innbetalingar frå personlege skattytarar

Personlege skattytarar har betalt inn 335 milliardar kroner til no i år. Dette er ein auke på 3 prosent frå første halvår 2017. Av desse innbetalingane gjekk 86 milliardar kroner til staten, 94 milliardar til kommunar og fylkeskommunar, og 155 milliardar var innbetalingar til folketrygda.

Nedgang frå upersonlege skattytarar

Innbetalingar frå upersonlege skattytarar utanom petroleumsskattane har gått ned med 9,6 prosent. Dette heng saman med høge innbetalingar av fellesskatt frå finansnæringa i første halvår i fjor. Samanlikna med første halvår for to år sidan er innbetalingane frå upersonlege skattytarar i år om lag 11,7 prosent høgare. Dei høge innbetalingane i fjor førte også til ein sterk auke i samla skatteinnbetalingar for Oslo med ein påfølgande nedgang i år.

Figur 2. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - juni akkumulert. Prosentvis endring

2017-2018 2016-2017
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen 0.8 5.2
Finnmark Finnmárku 3.6 3.9
Troms Romsa 3.3 5.6
Nordland 3.5 6.8
Trøndelag 2.3 1.3
Møre og Romsdal 4.5 0.3
Sogn og Fjordane 3.5 3.7
Hordaland 4.2 2.1
Rogaland 3.5 -6.3
Vest-Agder -1.0 -6.2
Aust-Agder 0.9 1.5
Telemark 4.2 5.0
Vestfold 2.4 1.2
Buskerud 3.7 2.4
Oppland 3.4 2.6
Hedmark 3.5 2.5
Oslo -6.9 19.8
Akershus 3.2 4.1
Østfold 3.9 2.5

Faktaside