10561_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/avfbygganl/arkiv
10561
1,5 millionar tonn bygg- og riveavfall
statistikk
1999-12-14T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Bygg, bolig og eiendom
no
avfbygganl, Avfall fra byggeaktivitet, næringsavfall, avfallsbehandling, gjenvinning, forbrenning, deponering, nybygging, rehabilitering, rivingAvfall, Bygg og anlegg, Natur og miljø, Bygg, bolig og eiendom
false

Avfall fra byggeaktivitet1998

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

1,5 millionar tonn bygg- og riveavfall

Nybygging, rehabilitering og riving skaper årleg meir enn 1,5 millionar tonn avfall i Noreg. Det oppstår mest bygg- og riveavfall i Oslo, Rogaland og Hordaland. Over 1 million tonn av avfallet er betong og tegl.

Bygg- og anleggsavfall utgjer ein stor del av dei totale avfallsmengdene i Noreg. Dei siste åra har miljøbelastningar knytte til dette avfallet blitt vigd meir merksemd frå blant andre miljøvernmyndigheiter, miljøvernorganisasjonar og bygg- og anleggsbransjen. Avfallet kan medføre alvorlege forureiningar og uønskte endringar i landskapet ved utfyllingar og ukontrollert deponering. Ein stor del av avfallet har òg eit stort bruks- og gjenvinningspotensial og er dermed ein verdifull ressurs.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har rekna ut kor store avfallsmengder som årleg oppstår ved både nybygging, rehabilitering og riving. Dette er gjort ved å utarbeida faktorar for avfallsproduksjon per kvadratmeter frå dei ulike aktivitetane. Desse faktorane er sidan kombinerte med statistikk over kor mykje som blir bygd, rehabilitert og rive. Undersøkinga inneheld ein del usikre kjelder og berekningsmetodar, og resultata er derfor tilsvarande usikre.

Mykje betong og tegl

Berekningane viser at den totale mengda avfall frå nybygging, rehabilitering og riving i 1998 kom opp i 1 542 800 tonn. Til samanlikning oppstod det 1 359 000 tonn hushaldningsavfall i 1998. Heile 1 056 800 tonn, eller 68 prosent, av nybygg-, rehabiliterings- og riveavfallet er betong og tegl, og tre fjerdedelar av denne fraksjonen kjem frå riving av bygg. Trevirke er den nest største fraksjonen. I 1998 oppstod det nær 240 800 tonn treavfall, og halvparten av dette kom frå rehabilitering. Utrekningane viser vidare at det oppstod over 7 700 tonn spesialavfall i 1998. Av dette var 6 400 tonn asbest.

Avfall frå nybygging, rehabilitering og riving, etter
avfallstype. 1998. Tonn
  I alt Nybygging Rehabilitering Riving
I alt 1 542 800 209 500 372 200 961 100
         
Betong og tegl 1 056 800 77 100 181 000 798 800
Trevirke 240 800 41 500 122 900 76 500
Metaller 42 800 3 200 9 100 30 600
Gips 37 100 14 100 21 000 2 200
Papp, papir og plast 16 800 8 000 2 400 6 500
Spesialavfall 7 700 200 2 900 4 700
Av dette asbest 6 400 0 2 600 3 800
Mineralull og EPS/isopor 6 400 3 500 1 900 1 000
Glas 4 700 1 100 2 100 1 700
Avfall med ukjent samansetting 130 200 61 300 29 300 39 600

Store mengder riveavfall

Statistikk over nybygd areal er henta direkte ut frå SSB sin byggjearealstatistikk. Informasjon om rivne bygningar er berekna med utgangspunkt i Statens kartverk sitt GAB-register (Grunneigedom, Adresse og Bygning), medan rehabiliteringsaktiviteten er berekna frå SSB sin bygg- og anleggsstatistikk og Prognosesenteret AS sine marknadsanalysar. Det er knytt størst uvisse til utrekningane av kor store areal som blir rehabiliterte, til dømes kjem ikkje rehabilitering som folk gjer på eigenhand med i statistikken.

Utrekningane viser at rundt 1,5 millionar kvadratmeter bygg vart rive i 1998. Til samanlikning vart det bygd 6,6 millionar nye kvadratmeter medan det berekna rehabiliterte arealet var på 5,1 millionar kvadratmeter. Likevel er riving den aktiviteten som produserer mest avfall. I 1998 oppstod det 961 100 tonn avfall som eit resultat av at bygningar vart rivne. Nybygging er den aktiviteten som skaper minst avfall per kvadratmeter og tala viser at det i 1998 oppstod 209 500 tonn avfall frå denne aktiviteten. Rehabilitering av bygningar resulterte i 372 200 tonn avfall.

 Fordeling av avfallsmengder, etter aktivitet. 1998. Prosent

Mest avfall frå Oslo

Tala viser at det oppstår mest avfall i Oslo. 233 800 tonn, eller 15 prosent av avfallet stamma i frå Oslo i 1998. Det er særleg avfall frå riving som skil seg ut, då heile 19 prosent av alt riveavfallet oppstod i hovudstaden. Både Akershus og Rogaland hadde høg byggeaktivitet, og desse fylka hadde den største andelen av avfall frå nybygging, med respektivt 15 og 11 prosent. Avfall frå rehabilitering av bygningar var forholdsvis jamt fordelt mellom fylka. Det oppstod mest rehabiliteringsavfall i Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland, og desse fylka stod for 9 prosent kvar av dei totale mengdene avfall frå rehabilitering.

Bygge- og riveaktivitetar fører også med seg ein del avfall i form av gravemassar frå tomtearbeid. Utrekningar gjort i dette prosjektet tyder på at det kan dreie seg om rundt 40 000 tonn asfalt, reine utgravingsmassar og forureina massar. Dette talet er usikkert og representerer eit minimumsanslag.

 Avfall fordelt etter aktivitetstype og fylke. 1998. Tonn

Avfall frå nybygging, rehabilitering og riving,
etter fylke. 1998. Tonn
  I alt Nybygging Rehabilitering Riving
I alt 1 542 800 209 500 372 200 961 100
         
østfold 86 400 8 000 21 300 57 200
Akershus 112 400 31 200 35 400 45 900
Oslo 233 800 13 100 35 100 185 700
Hedmark 94 100 9 900 17 200 67 100
Oppland 111 100 7 000 16 800 87 400
Buskerud 74 400 7 600 20 800 46 100
Vestfold 93 800 10 500 17 500 66 000
Telemark 56 200 8 100 16 900 31 300
Aust-Agder 33 900 5 300 9 100 19 600
Vest-Agder 37 200 8 200 13 500 15 600
Rogaland 140 900 22 900 32 100 86 000
Hordaland 127 100 17 400 33 000 76 800
Sogn og Fjordane 21 400 5 900 9 600 6 000
Møre og Romsdal 81 500 16 500 21 500 43 600
Sør-Trøndelag 50 900 10 600 21 700 18 700
Nord-Trøndelag 59 900 5 900 10 900 43 100
Nordland 55 400 10 300 20 100 25 100
Troms 58 000 9 400 13 900 34 700
Finnmark 15 400 2 800 6 700 6 100