Figur 1 viser talet på hendingar med For at noko skal kunne definerast som akutt forureining må det både finne stad plutseleg, og ikkje vere tillaten ifølgje forureiningslova (Forskrift om varsling av akutt forureining mv, 1992, §1). Forureininga kan vere eit fast stoff, væske og gass.. Mest merkbart er den store auka i talet på hendingar for landtransport i 2019. Då var det til saman 184 akutte hendingar for landtransport, og 92 for skip. I 2020 var det færre hendingar for landtransport – 110, og fleire for skip – 118.

Figur 1. Tal på hendingar med akutt forureining

Volum på utslepp ved akutt forureining

Sjølv om det var fleire hendingar med akutt forureining for landtransport i 2019, var ikkje volumet noko større enn trenden dei siste åra. Det største utsleppet frå landtransport i 2019 var eit utslepp i naturen av 3 tonn salt-slush, 5 tonn tørrsalt og ein lekkasje på mindre enn 10 liter av AD-blue (Kystverket , 2020). I Kystverket sin rapport for 2020 kjem det fram at det største utsleppet frå landtransport var på 14 m3 diesel då ein tankbil og eit vogntog kolliderte.

Figur 2. Utsleppsvolum ved akutt forureining. 2006-2020. m³

Rapporten for 2020 har også med tal på utsleppet frå kollisjonen mellom KNM Helge Ingstad og T/S Sola som skjedde i 2018. Utsleppet frå kollisjonen var på 352 m3, og bestod av marin diesel og helikopterdrivstoff. Resten av utsleppsmengda det året var på 52 m3.

Stor reduksjon av kjemikaliar til avising av fly

I 2019 brukte norske lufthamner 5426 tusen liter glykol til avising, medan det i 2020 berre vart brukt 2259 tusen liter. Dette er ifølgje Avinor sin rapport grunna nedgangen i flytrafikk i 2020 som følgje av korona-pandemien. Det var 37 prosent færre avgangar og landingar på norske flyplassar i 2020 samanlikna med 2019.

I tillegg påverkar vêrforholda bruken av avisingskjemikaliar. Fram mot 2019 har det vore ein kraftig auke i bruken av desse. Frå 2014 til 2019 auka bruken av flyavisingskjemikaliar med heile 137 prosent. Dette er for det meste grunna meir utfordrande vêrforhold som følgje av klimaendringane seier Avinor sin rapport, men auka trafikk og endring i ruter har også innverking på tala.

Plantevernmiddel langs jernbane

I 2020 blei det brukt 3,3 tonn glyfosat for vegetasjonskontroll langs norske jernbaner. Talet for 2019 var 2,6 tonn. Trenden dei siste seks åra har lege på rundt 3 tonn glyfosat i året. Dette er ifølgje Bane NOR sin Miljørapport fordi Jernbaneverket i 2015 begynte å bruke eit nytt tog til vegetasjonskontroll som sprøyta meir målretta.

Figur 3. Bruk av plantevernmiddel langs jernbane. Tonn verksamt stoff

Plantevernmiddel blir også brukt langs Norske veger. I 2020 blei det brukt 1322 liter med glysofat og 39 liter flurokspyr. Ifølgje Statens vegvesen har bruken av plantevernmidlar minka med 85% frå 2015 til 2020. Det er spesielt kokande vatn som blir brukt i staden, for å fjerne uønska plantevekst.

Regulering av bruk av plantevernmidlar skjer i Norge gjennom EØS-avtalen. EU tillèt per i dag å bruke glyfosat fram til slutten av 2022. Forskrift om plantevernmidlar tar for seg krava til godkjenning av plantevernmiddel, omsetninga og bruken av dei, og regulering av stoff dei inneheld.

Saltbruk på veg

Sesongen 2019/2020 blei det brukt 172 300 tonn salt på norske riks- og fylkesvegar. Dette er ein nedgang frå åra før, men tala frå fylkesvegane er noko usikre fordi fylka sjølv har tatt over drifta av dei. På riksvegane var det ifølgje Statens Vegvesen ei 16 prosent minke i bruken av salt frå 2018/2019 sesongen, til 2019/2020 – frå 113 000 tonn til 95 000 tonn salt. For å få ned saltbruken endra Statens Vegvesen dei nye driftskontraktane sine slik at entreprenørar kompenserast per minutt dei strør sand eller salt, i staden for kvart tonn dei strør.

Figur 4. Saltforbruk på norske riks- og fylkesvegar

Salting har negative konsekvensar for nærmiljøet. Det kan påverke innsjøar, brønnar, grunnvatn og vegetasjon nær vegen. Trenden på saltforbruk har for det meste vore aukande dei siste åra. Med klimaendringane har overgangsperiodane på 0 grader vart lengre, og dermed ført til meir salting for å unngå is. Auka trafikk, spesielt med tungtransport, har òg ført til auka salting på veg dei siste åra, ettersom hovudvegar med høg trafikk skal vere bar.

Figur 5. Saltforbruk i nordiske land. Vintersesongane 1996/1997-2018/2019. 1 000 tonn

¹ I Danmark gjelder saltforbruket fram til vinteren 2007/08 for Statsveger og Amtsveger, etter dette kun Statsveger.

I 2018/2019 brukte Danmark 26 tusen tonn salt på sine statsveger, Finland brukte 113 tusen tonn salt og i Island blei det brukt 13 tusen tonn salt. Sverige rapporterte 144 tonn saltforbruk, men ber om at tala frå 2018/2019 takast med ei klype salt grunna problem i rapporteringa. Fordi der er forskjellige forutsetningar for rapporteringa av saltforbruk i dei ulike nordiske landa, er ikkje tala direkte samanliknbare (Arvidsson, et al., 2020).

Referansar:

Arvidsson, A., Jacobsen, Á., Gauksson, B. M., Nonstad, B., Knudsen, F., Natanaelsson, K., . . . Kuusela, R. (2020). Vinterväghållning i de nordiska länderna. Statusrapport 2020.

Avinor. (2020). Års- og samfunnsansvarsrapport 2019. Henta frå https://avinor.no/globalassets/_konsern/om-oss/rapporter/avinor-ars--og-samfunnsansvarsrapport-2019.pdf

Avinor. (2021). Års- og bærekraftrapport 2020. Henta frå https://avinor.no/globalassets/_konsern/om-oss/rapporter/avinor-ars--og-barekraftrapport-2020.pdf

Bane NOR. (2017). Miljørapport 2016. Henta frå Naturmangfold: https://www.banenor.no/Om-oss/arkiv-jernbaneverket/Arsmeldinger-og-rapportar-fra-Jernbaneverket/Miljorapportering/miljorapport-2016/naturmangfold/

EU. (2015). Status of glyphosate in the EU. Henta frå https://ec.europa.eu/food/plants/pesticides/approval-active-substances/renewal-approval/glyphosate_en

Forskrift om plantevernmidler. (2015). Henta frå Forskrift om plantevernmidler (FOR-2015-05-06-455): https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-05-06-455

Forskrift om varsling av akutt forurensning eller fare for akutt forurensning mv. (1992). Forskrift om varsling av akutt forurensning eller fare for akutt forurensning (FOR-1992-07-09-1269). Henta frå https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1992-07-09-1269

Kystverket . (2020). Hendelser håndtert i 2019.

Kystverket. (2021). Hendelser håndtert i 2020. Henta frå https://www.kystverket.no/contentassets/93fa845618124ea0b5e7ccc7d87d9e9a/hendelsesrapport-2020.pdf

Statens vegvesen. (2021). Kuttet bruken av ugressmidler. Henta frå https://www.vegvesen.no/om-oss/presse/aktuelt/2021/06/kuttet-bruken-av-ugressmidler/

Statens vegvesen. (2021). Reduserer saltbruken på riksvegene. Henta frå https://www.vegvesen.no/om-oss/presse/aktuelt/nasjonalt/reduserer-saltbruken-pa-riksvegene/

Statens vegvesen. (u.d.). Salting. Henta frå https://www.vegvesen.no/fag/veg-og-gate/vinterdrift/salting/