Totalt blei 666 000 tonn biologisk avfall handtert ved norske biogass- og komposteringsanlegg, og 1,5 millionar tonn avfall blei forbrent ved avfallsforbrenningsanlegg. I tillegg blei 5,4 millionar tonn deponert der litt over halvparten var lett forureina massar som stein og grus og resten var Omfattar all avfall som ikkje reknast som farleg avfall eller lett forureina avfall. og farleg avfall.

– I Noreg tar vi nytte av ein god del av avfallet, over 80 prosent av det som blir forbrent gir energi, og biologisk avfall går til produksjon av biogass og jord, som vi kan bruke igjen, seier seniorrådgjevar Camilla Skjerpen.

Om ein ser bort ifrå lett forureina massar som stein og grus, blei 53 prosent av avfallet deponert i 2021. Deretter blei 26 prosent forbrent med Brenning av avfall der energi blir utnytta, til dømes til fjernvarme. Om avfall erstattar anna brensel til bruk i produksjon eller oppvarming ved bedrifta, reknast det som energiutnytta. 9 prosent gjekk biogass, 5 prosent til kompostering, 5 prosent vart forbrent utan energiutnytting og 2 prosent blei brukt som fyllmasse og dekkmasse.

Figur 1. Avfallsbehandling i Norge fordelt på behandlingsmåtar. 1 000 tonn

Meir biologisk behandla avfall

Det var ein auke i biologisk behandla avfall frå 612 000 tonn i 2020 til 666 000 tonn i 2021. 441 000 av dette gjekk til biogass, medan 225 000 tonn blei kompostert. Det var spesielt avfallstypane husdyrgjødsel, anna organisk og fiskeavfall og anna marint som det blei behandla meir av.

Figur 2. Biologisk behandla avfall. 1 000 tonn

Deponert avfall

Totalt blei 5,4 millionar tonn avfall deponert i 2021, 3 prosent meir enn året før. Litt over halvparten var lett forureina massar som stein og grus. Den resterande halvparten består av ordinært og farleg avfall.

Det var ein dobling i lett forureina masser og avfall som blei brukt som fyllmassar eller dekkmassar i 2021, 186 000 tonn til saman. Dette er ein form for materialgjenvinning fordi ved å bruke desse slepp ein å utvinne nye materiale.

Det blei deponert 1,6 millionar tonn ordinært avfall i 2021. Desse består for det meste av betong og tegl. Noko av det er forureina med tungmetall, PCB eller andre helse- eller miljøskadelege stoff. I tillegg består dette avfallet av forbrenningsrestar som slagg, støv, botnoske og flygeoske. Dei resterande mengdene som blei deponert var 0,9 millionar tonn farleg avfall.

Figur 3. Avfallstyper lagt på deponi. 1 000 tonn